Nyheita slår ned som ei bombe i handballverda.
Norge møtte Russland i den første kampen i dei innleiande rundane i meisterskapen i august.
Vigdis Holmeset er trenar for det norske U19-landslaget. Ho trur at dei russiske jentene ikkje har dopa seg med vilje.
– Eg tenkjer at dette ikkje er bevisst doping. Dette er 18 år gamle jenter som er heilt i starten av karriera si. Det kan ikkje vere slik at ein juksar seg til gode resultat då, fordi det får ufattelege konsekvensar for slike unge utøvarar, seier Vigdis Holmeset til NRK.
– Må lære
Mens ytterlegare to spelarar testa positivt i sluttspelet i meisterskapen.
Norge tapte til slutt 27-22 mot Russland, etter at det stod 11-11 til pause i EM.
Holmeset understrekar at landslaget jobbar aktivt med dopingførebygging.
– Våre jenter må vere veldig varsame med kva dei puttar i seg. Vi må lære av dette og halde fram med å følgje opp våre spelarar. Det gjer vi allereie med antidopingprogram og informasjon. I tillegg følgjer både lege og fysioterapeut opp våre spelarar, seier Holmeset.
Straff ikkje klar
Trenaren opplyser at alle spelarane på U19-landslaget har gjennomført «Ren Utøver»-programmet til Antidoping Norge.
– Det gjer dei minst éin gong i året, seier Holmeset.
Det russiske laget tok til slutt EM-sølv i meisterskapen.
Kva straff som ventar dei tre spelarane er forebels uklart. EHF skal komme med eventuelle straffesanksjonar seinare denne månaden.
Fleire skandalar
Russisk idrett har blitt knytt til fleire store dopingsaker i fleire ulike idrettsgreiner dei siste åra, med påfølgande utestengingar.
Blant anna skal minst 1 000 russiske idrettsutøvere skal ha vore ein del av Russlands dopingprogram fra 2011 til etter Sotsji-OL i 2014, ifølge Mclaren-raporten som kom i fjor.
Blant 643 positive dopingtestar som kom fram i rapporten, var 7 gjort innan handballen i åra 2012-2015, ifølgje WADA.