Det var i duell med Frankrikes Dimitri Payet at Ronaldo fekk ein skikkeleg smell i det venstre kneet. I dag blei det klart at han har strukke leddbånda i kneet, og kan vere ute i over ein månad. Det skriv den spanske avisa Marca i dag.
Det betyr at supercupfinalen mellom Real Madrid og Sevilla, som går i Trondheim den 9. august, står i fare.
Frå fortviling til gledestårer
Cristiano Ronaldo prøvde flere ganger å fortsette spillet, men etter drøye 20 minutter var det heilt stopp. Real Madrid-spelaren brast i tårer då han innsåg at han måtte sjå sitt Portugal spele for EM-gullet frå sidelinja.
Der blei han etter kvart veldig aktiv på sidelinja, og fungerte nesten som ein assistenttrenar for Fernando Santos. Han sprang mykje att og fram i teknisk sone, før han kunne sleppe jubelen, og tårene, laus.
– Jeg er veldig lykkelig. Jeg har ventet på dette veldig lenge, helt siden 2004 da vi tapte finalen på hjemmebane. Jeg har bedt Gud om en ny sjanse. I dag var jeg så uheldig å bli skadd, men jeg fortsatte å tro at disse spillerne med sjefens strategi skulle være sterke nok til å greie det, sa Ronaldo etter kampen.
Den spanske eliteserien startar ikkje før den 20. august. Der er det venta at Ronaldo stiller klar til dyst.
Mora til Ronaldo var lite fornøgd med Payet etter taklinga på sonen, og gjekk ut på twitter med følgande melding:
– Eg kan ikkje sjå sonen min slik. Spelet handlar om å sparke fotball, ikkje skade motstandaren, skreiv ho på portugisisk.