– Eg hugsar det var blytungt, seier Ola By Rise.
Det er 27 år sidan hans største sportslege nedtur.
Søndag møtes Rosenborg og Strømsgodset til ein ny cupfinale.
Sist gang var i 1991. Rosenborg kom til Ullevaal som store favorittar mot Strømsgodset som hadde rykka ned frå landets øvste divisjon.
Men Godset sjokkerte alle og vann finalen 3–2.
– Skrekkeleg dårleg
Hovudpersonen både under, og etter kampen, blei Rosenborgs tidlegare keeper-kjempe.
Først slapp han inn eit enkelt skot frå 25 meter frå Odd Johnsen. Like etter nikka same mann inn ein corner då By Rise boksa luft i feltet.
Etterpå droppa trønderen å gå opp til Kong Harald saman med resten av laget. Det blei det bråk av.
– Eg hadde gjort ein skrekkeleg dårleg figur. Og tenkte eg ikkje skulle stå der til spott og spe. Eg var berre oppteken av å ikkje vere ein del av mediebildet og marsjerte rett i garderoben.
– Eg tenkte ikkje på det før medspelarane mine kom i garderoben med dei små pokalane sine og sa: Ola, no har du klart å gjere det dobbelt så gale, seier Rise vidare.
– Ikkje så veldig fornærma
Då var skaden allereie skjedd og kritikken hagla.
– Eg forsterka ein dårleg prestasjon med ein endå dårlegare framferd etterpå. Det var både umusikalsk og ikkje spesielt bra sportsleg, seier By Rise som i etterkant skreiv brev til kongen og beklaga.
Cupfinalen i 1991 blei også tema då han møtte kongen igjen seinare.
– Då flira han av det, og synest at det var litt morosamt. Han kjente seg igjen som konkurransemenneske. Eg trur ikkje han blei så veldig fornærma.
Også lagkamerat og spiss Gøran Sørloth ser tilbake på episoden med eit glimt i auget.
– Det er ikkje bestandig vi gjer dei rette vala, verken når det går bra eller når det går dårleg, seier Sørloth med eit smil, og vedgår at han der og då ikkje oppdaga at lagkameraten aldri blei med opp på kongetribuna.
– Herdingsprosess
– I etterkant opplevde eg han som stille og litt tilbaketrukken. Han skjøna vel at han hadde skuffa både seg sjølv og laget. Men det var berre å bearbeide det. Og Ola kom tilbake han, og det var veldig bra, seier Sørloth.
For sesongen etter vann By Rise Kniksen-prisen for årets målvakt, og kom tilbake i landslagstroppen. I tillegg vann Rosenborg «The Double» med cupfinaletriumf mot Lillestrøm.
–Det var ein herdingsprosess. Og det var krevjande og reise seg – for den cupfinalen ««låg jo der». Du er veldig eksponert i ein slik kamp. Men du får nye kampar heile vegen, og sesongen i 1992 blei jo ein av mine aller beste.
– Då er det godt å få revansje, og då må du berre tole at du av og til ikkje lukkast i idrett, seier Ola By Rise.