VM til våren går i Canada, og dei nordamerikanske banene er fire meter smalare enn banene i Europa.
Dei store ishockeynasjonane byggjer derfor om banene sine for å trene til VM. Men det har ikkje Noreg råd til.
Nettradio:
Ikkje gunstig
- Det er ikke gunstig for oss. Dei andre har ein fordel, seier landslagssjef Roy Johansen til NRK.
NHL-spelar Ole Kristian Tollefsen forklarar kva som er skilnaden:
- Med trangare baner blir duellane tøffare og fleire. Dei som ikkje har prøvd dette, blir overraska, seier Tollefsen til NRK.
- Betyr det at du med di NHL-erfaring blir ein ekstra viktig spelar for det norske laget?
- Ja, det kan nok hende at eg er meir van med så fysisk spel enn det dei andre er, seier han.