Hopp til innhold

Politikarar støttar diplomatisk boikott av OL: – Heilt uakseptabelt

Politikarar både i MDG og Høgre støttar Venstre-forslaget om ein norsk diplomatisk boikott av vinter-OL i Beijing. Tidspunktet er påtakeleg, meiner NRK sin kommentator.

Turid Kristensen

VIL HA BOIKOTT: Turid Kristensen, idrettspolitisk talsperson i Høgre.

Foto: Hans Kristian Thorbjoernsen, TINGSHU WANG / Reuters

– Vår tydeleg oppmoding til regjeringa er å gå inn for ein diplomatisk boikott og seie at regjeringskollegaene våre og stortingskollegaene våre ikkje skal sende ein delegasjon til OL i Beijing, seier Rauand Ismail til NRK, vararepresentant til Lan Marie Berg som er i permisjon.

– Vi kjem til å heie på sportsutøvarane våre heimanfrå, og det håpar vi regjeringa òg vil gjere, seier han.

Rauand Ismail

VIL HA BOIKOTT: Rauand Ismail.

Foto: Stian Lysberg Solum / NTB

Han støttar dermed forslaget frå Venstre-leiar Guri Melby og partikollegaen hennar Grunde Almeland.

«Stortinget ber regjeringa sikre at ingen representantar for det offentlege Noreg besøkjer vinter-OL eller dei paralympiske leikane i Beijing i 2022.», heiter det i forslaget signert 2. desember.

Meiner det er uakseptabelt

Også idrettspolitisk talsperson i Høgre, Turid Kristensen, seier ho sjølv ikkje ville takka ja til ein invitasjon.

Eg er tydeleg på at eg ikkje ville takka ja til ein invitasjon til å delta under OL i Kina, på same måte som eg òg såg når det gjaldt spørsmålet om fotball-VM i Qatar, seier ho til NRK.

Turid Kristensen

KRITISK: Turid Kristensen.

Foto: Hans Kristian Thorbjoernsen

– Kvifor vil du boikotte?

– Det er først og fremst på grunn av menneskerettssituasjon i Kina og situasjonen med uigurane, som eg meiner er heilt uakseptabel. Og då vil det vore veldig problematisk for meg å skulle delta på noko som kan oppfattast som sportsvasking av eit land som bryt menneskerettane, seier ho.

Reagerer på utsegna

Uigurane er ein turkotatarisk, muslimsk folkegruppe som hovudsakleg bur i den autonome regionen Xinjiang nordvest i Kina. Landet er skulda for grove overgrep mot uigurane, men har avvist brot på menneskerettane.

Også Ismail peikar på uigurane, men legg òg til behandlinga til kinesiske styresmakter av demokratiaktivistar i Hong kong.

– Vi kan ikkje gå stille i gangen lenger. Tida for det er forbi for lengst. Vi meiner at det å seie at «nei, norske styresmakter kjem ikkje til OL i Beijing», det er eit tydeleg signal å sende til Kina, seier han.

NRK sin kommentator, Jan Petter Saltvedt, meiner det er påtakeleg at norske politikarar som ikkje lenger er i regjering, går ut og stiller seg kritisk til OL i Beijing.

– Det er påtakeleg at partia som no ikkje lenger er i regjering plutseleg blir veldig aktivistiske, seier Saltvedt til NRK og held fram:

– Det er eit perfekt tidspunkt for å vise handlekraft, òg fordi alle politikarar veit at ingen kjem til å ende med å reise til Beijing uansett, på grunn av smittesituasjonen, seier Saltvedt til NRK.

Sportskommentator i NRK, Jan Petter Saltvedt. Foto: ALEM ZEBIZ / NRK

FRYKTAR NEDSTENGING: NRKs kommentator Jan Petter Saltvedt.

Foto: ALEM ZEBIZ / NRK

Vil støtte norske utøvarar

Måndag stadfesta president Joe Biden at USA ikkje vil sende offisielle representantar til vinterleikane i Beijing i februar. Onsdag følgde Australia, Storbritannia og Canada etter med same beskjed.

I Danmark har fleire parti på Folketinget teke til orde for at landet bør følgje USAs døme og ikkje sende offisielle representantar til OL i Kina.

Kulturminister Anette Trettebergstuen (Ap) har stadfesta til NTB at ho sjølv ikkje skal til OL, men reiser i staden til Paralympics i mars. Kven som blir representanten til regjeringa, er enno ikkje avgjorde.

Utanriksminister Anniken Huitfeldt skriv i ein e-post at delt er lang tradisjon for at den norske regjeringa er til stades på olympiske og paralympiske leikar.

Rusmiddelreformen

SENDAR REPRESENTANTAR: Anniken Huitfeldt.

Foto: Terje Pedersen / NTB

– Det er naturleg at ein stor vinteridrettsnasjon som Noreg har nærvær frå regjeringa for å støtte opp om toppidrettsutøvarane våre. Kulturministeren har i Stortinget gjort greie for linja til regjeringa rundt norsk deltaking under OL og Paralympics, skriv ho og held fram:

– Såframt pandemiavgrensingane ikkje blir så strenge at det ikkje blir naturleg å reise, planlegg regjeringa å vere til stade både under OL og paralympiske leikar i Beijing. Kvart land står fritt til å velje om dei vil vere til stade i OL i Beijing. Vi har så langt vi kjenner til ikkje motteke noka oppmoding frå USA, avsluttar Huitfeldt.

Sportsnyheter

John Arne Riise fikk muligheten på straffe.

John Arne Riise fikk strekk – så scoret han i comebacket

Etter seks år som fotballpensjonist, er Liverpool-legenden med den fryktinngytende venstrefoten tilbake som spiller. Nå på norsk nivå seks.

Siste nytt

  • NFF fjerner Freia-produkter

    Norges Fotballforbund fjerner Freia-produkter fra kioskene på Ullevaal Stadion og landskamper inntil videre, melder VG.

    Årsaken er koblingen til Russland. For i mai satte Ukrainas antikorrupssjonsmyndighet opp en svarteliste over selskaper som skal bidra med inntenker til den russiske statskassen, og Freias eiere Mondelez er ett av disse.

    – Krigen i Ukraina opprører og bekymrer oss alle. NFF står bak UEFAs beslutning om å suspendere alle russiske fotballklubber og landslag fra europeiske turneringer. Da må det også få konsekvenser for produkter som indirekte kan bidra til å finansiere den russiske krigføringen, sier kommunikasjonssjef i NFF, Yngve Haavik, til NRK.

    Han understreker at Freia ikke er en direkte samarbeidspartner av NFF, men at de leverer varer.

    Toppfotball Kvinner har derimot en komersiell avtale med sjokoladeprodusenten.

    – Vi har akkurat blitt kjent med dette, og må bruke noe tid på å sette oss inn i problemstillingen. Vi går nå i dialog med Mondelez for å få større innsikt og forståelse i hva det innebærer. Men vi tar dette på største alvor, sier daglig leder Hege Jørgensen til VG.

    I går ble det kjent at SAS fjerner alle Freia-produkter.

    xIMirOMRqRs
    Foto: NTB
  • Finne månedens spiller

    Branns superspiss Bård Finne er blitt belønnet både med landslagsplass og pris som månedens spiller etter en flott mai måned.

    Finne scoret seks mål på fem kamper i Eliteserien forrige måned og hjalp Brann til flere seirer. Bergenserne er også klar for fjerde runde i cupen med hjelp av tre mål fra Finne.

    – Det har vært en veldig god måned, så det er veldig hyggelig, sier Finne til TV 2. (NTB)

    Bård Finne
    Foto: Bjørnar Morønning / NTB
  • Nummer 12 på Fifa-rankingen

    Norges fotballkvinner er på 12.-plass på den siste Fifa-rankingen foran sommerens VM i Australia og New Zealand, melder NTB.

    Siden forrige oppdatering i slutten av mars har Norge tapt 2-4 for Spania og spilt 3-3 mot Sverige. Det gjør at Hege Riises lag holder plassen, viser den nye oversikten på nettsidene til Det internasjonale fotballforbundet (Fifa).

    Norge er drøyt åtte poeng bak Japan på 11.-plass. USA topper fortsatt foran Tyskland og Sverige. Regjerende europamester England innehar fjerdeplassen.

    Trening for kvinnelandslaget i fotball
    Foto: Lise Åserud / NTB

Sendeplan

Kl. Program Kanal
Sport
Spiller nå
NRK forklarer: Rasismeskandalen i Spania 02:41
Neste