Sportsnyheter

Tokyo Olympics Athletics

OL-drama for Iuel – full forvirring i semifinalen: – Jeg reagerte på et eller annet

Først falt Amalie Iuel under oppvarmingen. Så tjuvstartet hun, men fikk likevel starte semifinalen. 27-åringen kom inn på sisteplass, og resultatlista viste først at hun var diskvalifisert. Det ble endret.

Siste nytt

  • Forsvararar mest utsett for demens

    Forsvarsspelarar har endå større risiko for demens og andre nevropatiske seinskadar etter karrieren enn andre utespelarar. Men tryggast er det å vere keeper.

    Det går fram av ein studie frå University of Glasgow. Forskarane der har kome til denne konklusjonen etter å ha granska ei rekke tidlegare profesjonelle spelarar.

    Granskinga styrkjer resultata frå tidlegare forsking, som viser ein klar samanheng mellom demens og fotballheadingar.

    Risikoen for målvakter er omtrent som gjennomsnittet i folket. Men for utespelarar er risikoen fire gonger så høg, og for forsvarsspelarar fem gonger, viser undersøkinga.

    Risikoen aukar også med lengda på karrieren.

    – I motsetnad til andre former for slike sjukdomar, veit vi no årsaka. Derfor kan vi også hindre det, seier nevropat og professor Willie Stewart.

    Og kjem med ein brannfakkel:

    – Er heading absolutt nødvendig i fotballen i i framstida? Eller sagt på ein annan måte: Er eksponerting av demens absolutt nødvendig for fotball, eller kan ei anna form for fotballkamp bli vurdert?

    – Vi er komne så langt i å finne årsakene at vi snart bør selje fotballar med helsevarsel: Gjentekne headingar av ein fotball kan gi auka risiko for demens, seier professoren.

    Heading, fotball
    Foto: Franck Fife / AFP
  • Klepp-trenaren går av

    Nick Loftus er ferdig som hovudtrenar for Klepp i Toppserien. Han trekkjer seg etter ein hittil svak 2021-sesong.

    Klepp er nummer ni på tabellen berre eitt poeng over direkte nedrykksplass.

    – Det er tøft, men det var best for alle å gå vidare. Det har vore ein tøff periode for klubben med svake resultat, og fotball er drive av resultat. Eg er skuffa over korleis det har gått. Som trenar ønskjer du å dra på ein god måte, seier Loftus til Stavanger Aftenblad.

    For berre ei veke sidan fekk skotten fornya tillit frå Klepp-styret. Loftus var assistent under Ollie Harder då rogalendingane tok sølv i 2018 og bronse i 2019, og han fekk hovudansvaret før 2020-sesongen.

    Nick Loftus
    Foto: Carina Johansen / NTB
  • Tidlegkamp for handballkvinnene

    Noregs kvartfinalemøte med Ungarn blir her heime tidleg onsdagsunderhaldning. OL-kampen får avkast klokka 06.15 norsk tid – 13.15 lokalt.

    Til no i leikane har ikkje handballjentene spelt tidlegare enn 09.15 norsk tid. Dei vann alle dei fem gruppekampane sine.

    Dette er norske tider for OL-kvartfinalane:

    02.30: Montenegro – ROC (russisk lag)

    06.15: Noreg – Ungarn

    10.00: Sverige – Sør-Korea

    13.45: Frankrike – Nederland

    Noreg møter vinnaren av Montenegro – ROC i ein eventuell semifinale.

    Kristine Breistøl
    Foto: Sergei Grits / AP

Sendeplan

Kl. Program Kanal