Hopp til innhold

OL-vraking skapar full splid: – Skammar meg over åtferda deira

Svenske Lovisa Lindh er i kjempeform, men får ikkje dra til OL. Ho sikra eigentleg OL-billett søndag, men får ikkje lov til å dra av eige forbund. No går diskusjonen om kvifor Sverige har så mykje strengare OL-krav.

European Athletics Indoor Championships, day 3

FORBANTE: Lovisa Lindh, her avbilda under innandørs-EM i polske Torun i vinter.

Foto: VEGARD WIVESTAD GRØTT / BILDBYRÅN

I eit langt Instagram-innlegg går den svenske 800 meter-løparen knallhardt ut mot det svenske forbundet.

– Eg har aldri kjent så stor skuffelse før. Å bli svikta av mitt eige forbund gjer meg meir vondt enn alt anna eg har opplevd, skriv ho.

  • Les heile innlegget i botnen av saka.
Lovisa Lindh Instagram
Foto: INSTAGRAM.COM/LOVISALINDH

Fekk OL-billett søndag

Under Diamond League-stemnet i Stockholm søndag sprang ho inn til 1.59,75 – under den magiske tominuttarsgrensa og den 22. besta tid i år. Godt innanfor de 48 beste som får invitasjon til OL. Dermed trudde ho alt var klart for OL-deltaking.

Athletics, Diamond League Stockholm, Bauhaus-galan 2021

TOK OL-KRAVET: Lindh blir intervjua av SVT etter å ha teke OL-kravet i Stockholm i helga.

Foto: JESPER ZERMAN / BILDBYRÅN

Men forbundet seier nei. I Sverige er det nemleg eit krav om at du skal kunne hamne blant dei åtte beste for å bli sendt til OL – og dette er langt strengare enn sjølve OL-krava, og ikkje minst krava dei fleste andre nasjonar stiller for sine utøvarar.

– Det kjennest heilt frykteleg. Eg trur ikkje at eg forstår det. Eg fekk faktisk OL-billetten søndag, så nokon i SOK (Sveriges olympiske komité) eller nokon var vel sikker på at det skulle halde. Då var eg sikker på at det skulle bli ja, men så vart det nei i staden. Eg er sjokkert, seier Lindh til SVT.

– Kva forklaring har du fått av SOK?

– At dei ikkje ser at eg kan vere med og kjempe om topp åtte-plassering, svarer ho.

– Eg synest det er heilt urimeleg. Eg forstår ikkje kvifor Sverige som er eit såpass lite land skal ha tøffare kriterium, seier Lindh.

Heller ikkje NRKs friidrettskommentator Jann Post forstår kvifor Sverige har så strenge krav.

– Her synest eg at dei bommar stygt. Det verkar som SOK ikkje har noko forståing for friidrett i det heile teke. Ho er ein opplagt semifinaledeltakar i eit OL, som på ein draumedag kan lukte på ein finaleplass. Dersom heile verda skulle tenkt som Sverige, så ville OL mista sin sjarm totalt. Så eg synest det er ein håplaust dårleg avgjersle, seier Post.

– Eg kan ikkje tru det.

I OL skal 48 utøvarar kjempe om OL-gull. Lindh er klart blant dei 48 beste i verda og kjenner seg svikta av eige forbund.

– Eg har absolutt ingen forståing for avgjerda. Eg er flau og skammar meg over åtferda deira, og avgjerda vil vere vanskeleg å komme over, skriv Lindh på Instagram.

Der får ho massiv støtte, fleire svenske idrettsprofilar støttar 800 meterløparen. Også internasjonalt engasjerer uttaket.

– Eg kan ikkje tru at dei ikkje tok deg ut, skriv den sveitsiske sprintaren Ajla del Ponte.

Skiløparen Ebba Andersson, den tidlegare hekkeløparen Susanna Kallur og den tidlegare lengdehopparen Michel Tornéus har også vist støtte til Lindh.

Tornéus har sjølv delteke i to OL, med ein fjerdeplass i 2012 som beste.

– Det er veldig trist. Eg veit kor mykje ein kjempar for å komme seg til OL, såg eg skjøner at ho er skuffa. Alle drøymer om å komme seg til OL, men eg håpar ho ikkje gir opp, seier Tornéus til den svenske avisa Expressen.

Athletics, Diamond League, Bislett Games 2021

PÅ BISLETT: Lovisa Lindh sprang òg under tominuttarsgrensa på Bislett Games 1. juli.

Foto: JON OLAV NESVOLD / BILDBYRÅN

Også norske utøvarar reagerer på avgjerda. Ei av dei er maraton- og triatlonutøvar Marte Kathrine Myhre. Ho gir Lindh støtte på sosiale medium.

– Føler veldig med Lovisa Lindh og fleire andre svenske løparar som er kvalifisert til OL, men som den svenske olympiske komité ikkje vil at dei skal kjempe for seg og sin nasjon, skriv Myhre på Instagram.

– Viser liten forståing

I 2016 tok Lindh bronsemedalje under EM i Amsterdam. Sidan har ikkje resultata vore like gode, men 29-åringen spring like raskt no som ho gjorde på sitt beste.

– Ho har vore skada og slite med skader i lang tid, har brukt OL som sitt store mål og endeleg sprunge så bra som ho gjorde på sitt beste. Vi har sett ho ta medalje i EM, dersom løparar som kan kome topp-tre i Europa ikkje får delta i OL, blir det ikkje mange igjen på start, forklarar Post.

Han drar ei samanlikning med Sveriges langrennsherrar for å statuere sitt poeng.

– Kor mange som kunne gått individuelt kan ein lure på. Dei hadde nok måtte sende nokre distanseløparar til OL for å berre gå ein stafett, dersom dei skal vere like strenge der. At det skal vere sannsynleg med topp-åtte har sørga for at ein rekkje maratonløparar som har klart kravet, ikkje får springe. Der viser dei også veldig lita forståing.

– Dersom dei hadde lest resultatlista frå førre OL, så hadde dei sett at Jared Ward blei nummer seks. Hadde han vore svensk hadde han ikkje vore i nærleiken av å få delta. Det seier sitt om at grunnlaget dei tek avgjersla på er syltynt, seier ein oppgitt Post.

– Ho er ikkje «ung og lovande»

NRKs friidrettsekspert er ikkje heilt einig. Han har forståing for avgjersla.

– Ho er ikkje «ung og lovande» lenger og manglar heilt avsluttareigenskapar som er heilt avgjerande i meisterskap. Hadde ho vore mellom 18 og 20 år burde ho fått springe, meiner Vebjørn Rodal.

På dei 800 meterane på søndag var Lindh føre norske Hedda Hynne med seks hundredelar. Hynne skal til OL, men det skal altså ikkje konkurrenten i aust.

– Eg har all rett til å vere med i OL. Eg har gjort alt som trengst i nesten alle land i verda. Eg er på eit nivå som eg ikkje har vore på sidan 2017 då eg sette svensk rekord. Dessutan har eg OL-erfaring. Eg har inga forståing for avgjerda, seier Lovisa Lindh.

Lovisa Lindh skriv følgjande i Instagram-innlegget:

  • Dei sa nei. Eg har aldri vore så skuffa før. Tokyo har vore den største motivasjonen i fem år, eg har vore gjennom skadar og store tilbakeslag men alltid drøymt om dette. Å bli skuffa av mitt eige forbund er meir smertefullt enn alle skadane til saman. Eg er nummer 22 på rangeringa (48 kvinner skal konkurrere i Tokyo) og har sprunge under to minutt tre gonger i år (to gonger den siste veka). Eg har vist ein stabilt høg og stigande form på eit nivå eg aldri har vore. Alle utøvarar jobbar ekstremt hardt på dette nivået, og eg er ikkje eit unntak. Dette er livet mitt og eg går inn i det med hud og hår. Det er hjarteskjerande å innsjå at eg ikkje er god nok for mitt andre OL. Eg er invitert av World Athletics, men mitt eige heimland vil ikkje la meg reise. Eg har absolutt inga forståing for avgjerda. Eg er flau og skammar meg over åtferda deira, og det blir tungt å reise seg igjen etter dette. Men uansett kor mykje hat eg følar akkurat no er kjærleiken til sporten større og forhåpentleg sterkast.

Sportsnyheter

en person som har på seg hodetelefoner

Meiner det blir for mykje kjærastar og kjendisar: – Det går litt over styr

Kjendisane strøymer til Formel 1-arenaen for å sjå verdsstjernene i aksjon. Men for enkelte har det blitt litt mykje kjendis – og litt lite sport.

Alexis Mac Allister får behandling

Liverpool freser etter denne situasjonen: Lå blodig på gresset da motstanderen scoret

Liverpool-stjernene reagerte kraftig mot dommeren etter en blodig hodesmell. De får støtte av flere eksperter.

samling

Har blitt «ekspertar» på reising: Takkar Taylor Swift og strikketøyet

Denne gjengen reiser verda rundt nesten 250 dagar i året. For å vere i toppform når det gjeld har Ingrid Landmark Tandrevold og resten av gjengen fleire lure tips.

Siste nytt

  • Verstappen suveren i USAs Grand Prix – tok ytterligere innpå i VM-kampen

    Max Verstappen kom best ut fra start i USAs Grand Prix i Formel 1 og var senere aldri truet på vei mot sin tredje seier på de fire siste løpene.

    Lando Norris endte på 2.-plass, mens VM-leder Oscar Piastri ble nummer fem.

    Dermed ble det en perfekt helg for den firedobbelte verdensmesteren fra Nederland, som etter å ha vært fullstendig akterutseilt har tatt kraftig innpå McLaren-duoen på topp i VM-sammendraget. Håpet om hans femte strake VM-tittel stiger i Red Bull-stallen.

    Med sine 25 poeng poeng for seier tok Verstappen inn 15 nye poeng på Piastri. Gapet er nede i 40 poeng med fem VM-runder igjen.

    Lørdag krasjet Norris og Piastri i starten og måtte bryte sprintløpet, der Verstappen tok en klar seier og tok inn åtte poeng på begge VM-rivalene.

    Fra «pole position» fikk Verstappen en ypperlig start på søndagens løp, mens Norris i nest beste startposisjon ble passert av Ferrari-fører Charles Leclerc. (NTB)

    en racerbil på en bane
    Foto: Eric Gay / AP / NTB
  • Tungt tap for Strømsgodset: Tapte 3-0 mot Fredrikstad

    Med fire poeng opp til kvalifiseringsplass var Strømsgodset i poengjakt då dei møtte Fredrikstad i Eliteserien, søndag.

    Men med 0-3-tap heime, kan det bli tøft å sikre eliteseriekontrakt.

    Etter jamspelt kamp med sjansar begge vegar, tok FFK leiinga i det 67. minutt. Oskar Øhlenschlæger sette hovudet i ballen og styrte inn 1-0.

    Like etter banka Ulrik Fredriksen 2-0 i krysset. Henrik Skogvold auka til 3-0 kort tid seinare. Bryne spelte 2-2 mot Rosenborg laurdag, og med siger over FFK ville Godset berre vore to poeng bak med fem kampar att av sesongen. I staden er avstanden fem poeng. (NRK/NTB)

    en fotballspiller som stuper etter en ball
    Foto: Trond R. Teigen / NTB
  • Isak Frey toer i showrenn foran 18.000 tilskuere

    Isak Frey ble nummer to i et showrenn i skiskyting i München søndag foran 18.000 tilskuere. Eric Perrot fra Frankrike ble litt for sterk i finalen.

    Vebjørn Sørum og Sturla Holm Lægreid var øvrige nordmenn i mennenes finale. De ble henholdsvis nummer fire og sju.

    I kvinneklassen vant italienske Lisa Vittozzi foran svenskene Johanna Skotheim og Anna Magnusson.

    Karoline Knotten var eneste norske finalist og havnet på 6.-plass.

    (NTB)

    en mann med hjelm og hockeykølle
    Foto: Terje Pedersen / NTB

Sendeplan

Kl. Program Kanal