– Eg satsar mot EM og så er det slutt. Polen er på mange måte min andre heim og etter det sluttar eg med fekting på konkurransenivå, seier han til NRK.
I går, etter at det vart klart at han ikkje klarte å kvalifisera seg til OL, sa han at han skulle vurdere framtida etter sommarens EM.
Men no har han bestemt seg for at det er slutt.
- Les også:
Sensasjonen som flytta dagsrevyen
Dei færraste hadde høyrd om Bartosz Piasecki, før han tok eit sensasjonelt OL-sølv under sommar-OL i London i 2012.
Finalen vart sendt direkte på NRK 1 og varte inn i sendetida til Dagsrevyen. Den måtte vike plass for at nasjonen skulle få med seg finalen mot Limardo Gascon frå Venezuela.
– Eg fekk høyre at dei hadde flytta Dagsrevyen for å sende fekting i kveld. Det er jo heilt fantastisk, sa fektaren til NRK den gongen.
Sidan OL-sølvet har 29-åringen sikra seg ein bronse i dei europeiske leikane i Baku i fjor.
Sette dei unge på plass
Men sjølv om han gir seg på konkurransenivå kjem han ikkje til å legge fektinga heilt ifrå seg.
– Eg vil nok vera med ein del på trening for å setta dei unge på plass, seier han og ler.
– Kva er sjansane for at du kjem tilbake og satsar mot OL i 2020?
– Kanskje eg finn att motivasjonen om nokre år, men det er for langt fram. Eg har drive med fekting i 20 år så det er trist og gje seg, men eg kjem framleis til å fekte på gøy, seier Piasecki.