– Då er det bra å ta ein storklubb, seier Hallgeir Gammelsæter, som er professor i samfunnsendring, organisasjon og leiing ved Høgskolen i Molde.
Ei granskingsgruppe i det europeiske fotballforbundet (UEFA) vil straffe Manchester City på grunn av omfattande brot på finansielle reglar, melder New York Times.
Det er ei granskingsgruppe i det europeiske fotballforbundet UEFA som foreslår å stenge ute klubben i minst eitt år. Årsaka skal vere omfattande brot på dei finansielle fair play-reglane.
– UEFA har mykje å tape på å ikkje straffe City dersom dei meiner dei har gode bevis, seier Hallgeir Gammelsæter.
Granskinga tok til etter avsløringar i «Football Leaks» i fjor, gjengitt i det tyske magasinet Der Spiegel.
Der kom det for dagen at klubben skal ha brukt stråselskap for å skjule investeringsfond som bryt med UEFAs økonomiske retningslinjer – FFP.
UEFAs trumfkort: Eit søksmål vil ta tid
– Men Manchester City er ein mektig klubb. UEFA vil heilt sikkert få søksmål mot seg, og det kan pågå rettssaker over lang tid.
Det første City truleg vil gjere, er å gå til CAS, idrettens høgaste domstol, som kan oppheve UEFAs vedtak. Men det vil ta tid, og neste sesongs meisterliga tek til alt i juni. Då må deltakarklubbane vere klare.
– UEFAs trumfkort er at dei derfor uansett kan stenge City ute i neste turnering. Om ikkje saka er avgjort før neste meisterliga tek til, har Manchester City eit stort problem. Men UEFA må også vurdere dei økonomiske kostnadene dei får ved å drive rettsprosess mot ein storklubb.
– Derfor er dette ei sak som står og vippar. Det blir veldig spennande å sjå utfallet, seier Gammelsæter.
– Ein maktkamp
Både UEFA og engelske fotballstyresmakter har granska Manchester City i månadsvis, og for to veker sidan oppsummerte dei granskingsresultata.
Det enda med ein konklusjon om å stenge City ute frå den gjævaste og mest utbytterike europeiske turneringa i minst eitt år.
– Dette er ein del av ein maktkamp mellom dei store klubbane og reguleringsorganet for fotball i Europa. Den kampen har pågått lenge, og dei store klubbane har blitt mektigare og mektigare, og ønskjer å definere vilkåra for fotballen.
– UEFA har på mange måter vore på vikande front i lang tid. Det ser vi gjennom måten dei omorganiserer meisterligaen på, der dei blir pressa til å gjere den til eit format som gir storklubbane meir pengar.
– Om dei ikkje torer å ta ein storklubb sjølv om dei meiner å ha gode bevis, risikerer dei sin eigen autoritet. UEFA er pressa meir og meir, så eg trur at på eitt eller anna tidspunkt er einaste utveg at dei tek slike avgjerder.
Avviser skuldingane
Manchester City er eigd av den arabiske sjeiken Mansour bin Zayed Al Nahyan frå Abu Dhabi.
Klubben sjølv nektar hardnakka for å ha gjort noko som bryt med FFP, og lovar å gjere det heitt for UEFA om dei blir dømde.
– Påstandane (om finansiell juks) er fullstendig usanne, sa klubben i ei pressemelding tidlegare i år.