Siste nytt

  • Kalla dommaren ein «liten katt»

    Det blir Daniil Medvedev som skal møte Rafael Nadal i finalen i Australian Open søndag. Russaren slo greske Stefanos Tsitsipas 7–6 (7/5), 4-6, 6-4, 6–1.

    Medvedev sleit i dei to første setta, men styrte kampen mot slutten.

    Medvedev vikla seg også inn i ein krangel med dommaren og kalla han ein «liten katt». Russaren meinte Tsitsipas fekk for mykje råd og tilrop frå far sin på tribunen under kampen. Det er ikkje lov, og Tsitsipas fekk også åtvaring for det.

    Daniil Medvedev
    Foto: AARON FRANCIS / AFP
  • EM-gull til Bjøntegaard

    Erlend Bjøntegaard (31) skaut feilfritt og tok gullet på 10 kilometer sprint i skiskyttar-EM i Tyskland fredag.

    Nordmannen vant med 20 sekund ned til andremann, russiske Nikita Porsjnev.

    Bjøntegaard var ikkje den raskaste i sporet fredag, men tok inn det tapte på skytebanen. Ut frå første skyting var han 14 sekund bak leiaren, men ut frå siste skyting leidde han med 16 sekund til Porsjnev. Det forspranget gav han ikkje frå seg, og dermed blei det gull.

    Sverre Dahlen Aspenes, Håvard Gutubø Bogetveit og Johannes Dale vart alle blant dei ti beste. Dei pådrog seg to strafferundar kvar, og Aspenes vart nummer sju, medan Bogetveit og Dale tok plassane rett bak han.

    Sesongstart Skiskyting
    Foto: Geir Olsen / NTB
  • Tande og Forfang rekk truleg OL

    Skihopparane Daniel-André Tande og Johann André Forfang nærmar seg CT-verdiane som krevjast for å kunne delta i OL i Kina.

    Det fortel landslagstrenar Alexander Stöckl til NTB fredag formiddag. Tande og Forfang har vore koronasmitta og er i prosessen med å teste seg klar for OL.

    – Heldigvis er det ikkje nokon fleire positive. De tre som er heime (Tande, Forfang og Fredrik Willumstad), køyrer testregime med dagleg testing for å sjå når de bikkar over den berømte CT-verdien på 35.

    Kvalifiseringa til det første OL-rennet i Beijing går laurdag i neste veke. Tande og Forfang må levere den første negative koronatesten seinast fem dagar før avreise til Kina, og deretter må de ha ytterlegare tre godkjente prøver før de kan sette seg på OL-flyet.

    Tande og Forfang
    Foto: Geir Olsen / NTB

Sendeplan

Kl. Program Kanal