Hopp til innhold

Ingebrigtsens verdsrekord-opplegg overraskar: – Det trur eg ikkje er lurt

Rekordmannen Jakob Ingebrigtsen (22) er på jakt igjen. 2000-meteren i Brussel på fredag kan by på nye historiske stunder frå friidrettsstjerna, trur NRKs ekspertar.

Jakob Ingebrigtsen

PÅ REKORDJAKT: Kan Jakob Ingebrigtsen setje verdsrekord på 2000 meter fredag kveld?

Foto: NTB

Allereie i juli annonserte arrangøren at Jakob Ingebrigtsen kjem til Brussel med store ambisjonar: Verdsrekord på 2000 meter.

Og for å gjere jobben lettare for nordmannen, er det henta inn tre harar for å dra 22-åringen lettast mogleg mot mål.

Ifølgje planane til arrangøren skal dei første 800 meterane passerast på lynraske 1.52 minutt. Lysharen er også sett til verdsrekordfart, dei første 800 meterane på 1.53,4.

– Det høyrest ut som eit utypisk opplegg for Jakob. Det trur eg ikkje er lurt, seier NRKs friidrettskommentator Jann Post.

Jann Post

KOMMENTATOR: Jann Post.

Foto: Sigmund Sagberg Andersen / NRK

Og overfor NRK fortel Ingebrigtsens agent Daniel Wessfeldt at det kan komme endringar i planane.

– Dei skal ha eit møte fredag, der dei skal gjere nokre justeringar. Det handlar litt om kvar det skal gå fort i løpet og ikkje, seier svensken.

Då Ingebrigtsen sprang inn til personleg rekord på 1500 meter i Chorzów i sommar passerte han 800 meter på tida 1.51,6. Haren som passerte 800 meter først, Erik Sowinski, passerte då på 1.50,8.

Løpet blir sendt på NRK 1 og NRK TV kl. 20.56. Sendinga startar kl. 19.30.

Jakob Ingebrigtsen og Narve Gilje Nordås løper 2000m kl 20:56. Målet er ny verdensrekord. Magnus Tuv Myhre er med på 10 000m, Karoline Bjerkeli Grøvdal stiller på 5000m, Håvard Bentdal Ingvaldsen på 400m og Sondre Guttormsen deltar i stav.

Sjå Diamond League-stemnet frå Brussel her.

– Det er ingen garantiar

– Kor sannsynleg er det med verdsrekord?

– Det verkar eigentleg overkommeleg, seier Vebjørn Rodal medan han studerer rundetidene frå 1999.

Då sette Hicham El Guerrouj den gjeldande verdsrekorden på 2000 meter. 7. september for 24 år sidan sprang han distansen på 4.44,79 i Berlin, men no trur Rodal at rekorden endeleg fell.

rehMsUO4Vxo

REKORD: El Guerrouj (til venstre) etter verdsrekorden på 2000 meter. Saman med mellom anna Trine Hattestad (til høgre).

Foto: AP

– Om Jakob er i forma han var i tidlegare i sommar, bør han ikkje ha noko problem med det. Eller problem ... no høyrest det enkelt ut, men han har gode moglegheiter, meiner NRKs friidrettsekspert, med atterhald om at løparesset har rista av seg sjukdommen som plaga han i VM.

I juni sette Ingebrigtsen verdsrekord på to engelske mil (3218,69 meter). Seinare i sesongen har han senka sin eigen personlege rekord på 1500 meter fleire gonger. Seinast til 3.27,14 i Chorzów i juli.

– Farten han heldt dei siste 2000 meterane under løpet på to engelske mil, er ikkje så langt bak det som krevst no. Alle indikasjonar viser at han er i nærleiken, men det er ingen garantiar her. Det krev at han går heilhjarta inn, meiner Post.

Les også Stemples som hårsår etter å ha kalt Ingebrigtsen respektløs: – Stakkarslig

x_KdZRK7ZA0

Då Narve var Jakobs hare

Førre gong Ingebrigtsen sprang 2000 meter, i 2020, vart det europarekord på 4.50,01. Det gjer at han står som den sjette raskaste i historia på distansen, før løpet fredag.

Den gongen hadde han mellom anna med seg Narve Gilje Nordås som hare. Mykje har skjedd sidan den gong, og i Brussel stiller landsmannen som konkurrent på 2000 meter.

Impossible Games 2020

DRAGHJELP: Narve Gilje Nordås bak treningskompis Per Svela, begge som harar for brørne Ingebrigtsen.

Foto: Vidar Ruud / NTB

Hans personlege beste er heilt tilbake frå 2013 og lyder 6.17,21.

– Det blir meiningslaust å sjå på den tida. No kjem han hit som ein av verdas beste på 1500 meter, seier Post.

Slik bør han angripe rekorden

I sine beste løp på 1500 meter spring Ingebrigtsen dei første 1000 meterane på rundt 2.20 minutt. Klarer han det to gonger på rad, er han med god margin framfor verdsrekorden.

Vebjørn Rodal

EKSPERT: Vebjørn Rodal trur på rekord på Ingebrigtsen.

Foto: Sigmund Sagberg Andersen / NRK

El Guerroujs kanskje sterkaste våpen, var sisterundane hans. Under 2000-rekorden sprang han dei siste 400 meterane på 55,2 – ei tid Rodal tviler på at skremmer Ingebrigtsen.

– Det er ikkje den heilt kraftige sisterunden. Det er ein fart Jakob kan takle.

– Kor mykje har det å seie at det er 500 meter ekstra i dette løpet enn på ein 1500 meter?

– For ein reindyrka 1500-meterløpar er det mykje. For Jakob, som er så god på 5000 meter, er det ikkje så mykje tøffare. El Guerrouj passerte dei første 1500 meterane på 3.35,3 under rekorden. Det kan vere fornuftig å leggje inn ein liten buffer på det, seier Rodal om korleis Ingebrigtsen bør angripe løpet fredag.

Sportsnyheter

en person som har på seg hodetelefoner

Meiner det blir for mykje kjærastar og kjendisar: – Det går litt over styr

Kjendisane strøymer til Formel 1-arenaen for å sjå verdsstjernene i aksjon. Men for enkelte har det blitt litt mykje kjendis – og litt lite sport.

Alexis Mac Allister får behandling

Liverpool freser etter denne situasjonen: Lå blodig på gresset da motstanderen scoret

Liverpool-stjernene reagerte kraftig mot dommeren etter en blodig hodesmell. De får støtte av flere eksperter.

samling

Har blitt «ekspertar» på reising: Takkar Taylor Swift og strikketøyet

Denne gjengen reiser verda rundt nesten 250 dagar i året. For å vere i toppform når det gjeld har Ingrid Landmark Tandrevold og resten av gjengen fleire lure tips.

Siste nytt

  • Mbappé sendte Real Madrid til topps – to utvist i derbyet

    Kylian Mbappé scoret sitt 10. mål på ni seriekamper og ga Real Madrid 1-0-seier i derbyet mot Getafe. Dermed er laget tilbake på tabelltopp.

    Seieren satt langt inne. Målet kom ti minutter før full tid, da Getafe nettopp hadde pådratt seg den første av to utvisninger.

    Allan Nyom ble utvist i det 77. minutt, rett etter at han ble byttet inn. Mbappé scoret tre minutter senere.

    Alex Sancris ble deretter utvist med sitt annet gule kort, og Getafe måtte avslutte med ni mann. Likevel holdt laget på å utligne, men Thibaut Courtois berget Real Madrid med en god redning.

    Real Madrid tok sin åttende seier på ni seriekamper og et to poeng foran Barcelona før lagene møtes i sesongens første El Clásico om en uke. (NTB)

    En person som løper på et jorde
    Foto: THOMAS COEX / AFP / NTB
  • Femte strake seier for Brandsegg-Nygård og Red Wings

    Michael Brandsegg-Nygård og hans Detroit Red Wings har fått en ypperlig start på NHL-sesongen. Søndag ble Edmonton Oilers slått 4-2.

    Red Wings har vunnet fem kamper på rad etter tapet for Montréal Canadiens i sesongåpningen, som også var nordmannens NHL-debut.

    Brandsegg-Nygård spilte 14.11 minutter søndag. Han noterte ett skudd på mål, tre blokkerte skudd og ett skudd utenfor, i tillegg til tre taklinger. Han var ikke på isen ved noen av kampens scoringer.

    Etter en målløs første periode festet Red Wings grepet da Dylan Larkin og Emmit Finnie scoret i midtperioden. Noah Philp reduserte for gjestene, men Larkins satte inn 3-1 før siste pause.

    Leon Draisaitl skapte ny spenning snaut halvveis i 3. periode, og kampen levde helt til Finnie satte punktum i tomt bur 1.22 minutt før slutt. Begge lag hadde store sjanser rett før det målet.

    Red Wings ble med seieren fjerde lag som nar nådd tosifret poengtall i den nye sesongen. Laget leder sin avdeling. (NTB)

    Hockeyspillere på isen
    Foto: GREGORY SHAMUS / AFP / NTB
  • Verstappen suveren i USAs Grand Prix – tok ytterligere innpå i VM-kampen

    Max Verstappen kom best ut fra start i USAs Grand Prix i Formel 1 og var senere aldri truet på vei mot sin tredje seier på de fire siste løpene.

    Lando Norris endte på 2.-plass, mens VM-leder Oscar Piastri ble nummer fem.

    Dermed ble det en perfekt helg for den firedobbelte verdensmesteren fra Nederland, som etter å ha vært fullstendig akterutseilt har tatt kraftig innpå McLaren-duoen på topp i VM-sammendraget. Håpet om hans femte strake VM-tittel stiger i Red Bull-stallen.

    Med sine 25 poeng poeng for seier tok Verstappen inn 15 nye poeng på Piastri. Gapet er nede i 40 poeng med fem VM-runder igjen.

    Lørdag krasjet Norris og Piastri i starten og måtte bryte sprintløpet, der Verstappen tok en klar seier og tok inn åtte poeng på begge VM-rivalene.

    Fra «pole position» fikk Verstappen en ypperlig start på søndagens løp, mens Norris i nest beste startposisjon ble passert av Ferrari-fører Charles Leclerc. (NTB)

    en racerbil på en bane
    Foto: Eric Gay / AP / NTB

Sendeplan

Kl. Program Kanal