– Større risiko for at vi fryser i hel i Doha enn at vi døyr av varmen, seier Gjert Ingebrigtsen til NRK.
For sjølv om den ekstreme varmen er det dei fleste har snakka høgast om før VM i Qatar, er det aircondition som vil gi store temperaturskilnadar, som ei veke før VM bekymrar mest.
På bana der utøvarane skal varme opp er det gjerne 30 til 40 grader, medan i det så kalla «call room», der utøvarane oppheld seg før start, vil det vere kraftig nedkjølt.
Det same på hotella og i andre soner utøvarane oppheld seg.
– Eg fekk beskjed av trenaren min om at «buffen» må på i «call room». Så det er litt spesielt, men det handlar om å vere førebudd, seier Karoline Bjerkeli Grøvdal.
Fryktar å bli forkjølt
Pappa-Gjert er heller ikkje bekymra for varmen, då både trening og opphald vil skje i nedkjølte område. Også på stadion, der dei skal springe, vil det vere nedkjølt.
– Det gir ein større risiko for at du frys på deg eit eller annan. Dei senkar temperaturen litt i overkant i forhold til det som vanleg for oss. Vi har jo normalt ein innetemperatur på rundt 24 grader. Så når dei senkar temperaturen til 20 grader, så er det jækla kaldt.
Og det var nettopp det som også var utfordringa under Diamond League-stemnet i mai. Fleire opplevde då problem med luftvegane som følgje av dei store temperaturskilnadane.
– Det viktigaste er å ikkje bli sjuk eller forkjølt. Passe på at når ein har sveitta, ta på seg tørt tøy med ein gong, seier sjef i friidrettsforbundet, Erlend Slokvik.
Bjerkeli Gørvdal har sjølv slite med forkjøling på dei to siste meisterskapa.
– Eg tek alle forholdsreglar eg kan. Forkjøling kan man ikkje styre, men så lenge man har «buff» og klede der, så trur eg dette skal gå fint.
Tilvenning
Toppidrettssjefen i Friidrettsforbundet er alt på plass i Doha. På natta er temperaturen nede i beskjedne 30 grader, medan på dagen har det variert mellom 35 og 40 grader. På hotellet ligg temperaturen på rundt 20 grader.
Medan brørne Ingebrigtsen ikkje har planar om bruke mykje tid på å tilvende seg klima, set Bjerkeli Grøvdal seg på flyet til VM-byen ei veke i forkant.
Ho har også nytta seg av klimarommet til Olympiatoppen, i håp om å bli best mogeleg førebudd på det som skjer.
– På den første turen synst eg det var grufullt. Eg måtte berre gå ut etter ein halvtime. Men eg har gjort det eg skal og har trua på at det er lurt å tilvende kroppen varmen. Og så trur eg det viktigaste er når vi kjem til Doha og bli vant med det der.
Og toppidrettssjefen meiner at dei har bra kontroll, slik at dei skal takle både kulden og varmen.
– Førebels er det ingen som har reagert på det. Veldig nøgd med det opplegget vi har. Det har fungert fint for dei som er her no. Nokon er også i Roma, der er det også varmt og godt.