– Ein legende har forlate oss. Kvil i fred, seier Jenson Button, tidlegare verdsmeister, etter Laudas bortgang.
Andreas Nikolaus Lauda fylte 70 år i februar.
Lauda blei verdsmeister i formel 1 tre gonger, men det er kanskje ulukka i 1976 og det utrulege comebacket etterpå han blir hugsa best for.
1. august 1976 blei han stygt skadd under ein krasj på Nurburgring, men overraska og imponerte alle ved å vere tilbake i bilen allereie seks veker etterpå – eitt av idrettshistorias mest sensasjonelle comeback.
50 sekund i 800 grader
ULUKKA: Her blir Laudas bilvrak frakta vekk etter ulykka på Nurburgring i 1976
Foto: Hill / APNiki Lauda låg an til å forsvare tittelen frå året før då han krasja i Tysklands Grand Prix på Nurburgring-bana.
Bilen snurra av bana i tiande runde, trefte murveggen og tok fyr. Lauda sat fast i den brennande bilen, og konkurrentane kom springande til og fekk han ut av vraket.
– Det verste var skaden på lungene etter å ha pusta inn flammar og gassar i 50 sekund. Det var rundt 800 grader der, fortalde han mange år seinare.
– Opprørt av presten
Han låg i koma i fleire dagar etterpå, og legane trudde ikkje han kom til å overleve. Presten kom for å gi den siste velsigninga. Det likte ikkje Lauda.
– Eg blei så opprørt av prestebesøket at eg la endå meir krefter i å ikkje døy, sa Lauda seinare.
Allereie ved løpet i Monza seks veker seinare var han tilbake og køyrde inn til ein fjerdeplass.
– Frykta sat djupt i meg då eg sette meg bak rattet igjen. Men eg greidde å kome over den, sa Lauda.
Etter ulukka brukte han alltid ein raud cap for å skjule såra han hadde fått i hovudet etter brannen. Seinare har Ferrari-folket alltid brukt raude caps i formel 1-sirkuset.
«THE RUSH: Rivaliseringa mellom James Hunt og Niki Lauda i 1976 – inkludert krasjet og Laudas mirakuløse comeback – har blitt film
Foto: Nuck Ut / APFilm om Lauda og erkerivalen
Laudas rivalisering med den britiske McLaren-føraren James Hunt om VM-tittelen i 1976 blei Hollywood-film – «The Rush». Den spanskfødde skodespelaren Daniel Bruhl spela rolla som Niki Lauda.
I filmen blir det skildra korleis Lauda argumenterte for å avlyse løpet på Nurburgring på grunn av det kraftige regnveret, men får avslag.
Lauda hadde blitt verdsmeister året før, i 1975, og makta å ta tittelen tilbake i 1977, begge for Ferrari.
I 1979 la han opp. – Eg gidd ikkje køyre rundt i sirklar lenger, sa han.
Flykrasj
Men då McLaren bladde opp store pengar, let han seg lokke tilbake, og blei verdsmeister igjen i 1984.
Totalt tok han tre VM-titlar, 25 løpssigrar og 54 pallplassar.
Etter sin aktive karriere gjekk han over til luftfart, og grunnla Lauda Airlines. Men også der var han uheldig. I 1991 krasja eitt av flya hans i Thailand, og alle 223 ombord mista livet.
Lauda måtte gjennom ein lungetransplantasjon i august i fjor, som ein langtids-konsekvens av lugneskaden frå 1976. Tidlegare i år fekk han lungebetennelse då han var på ferie på Ibiza, og døydde i går.