Hopp til innhold

NFF skal vekke sovande regel til live – Molde-sjefen fryktar «fullstendig kaos»

Det vil ikkje lenger vere trygt for målvakter å bruke meir enn seks sekund på å frigjere ballen, men ikkje alle er like overtydde om at dommargrepet vil lykkast.

Football, Eliteserien, Vålerenga - Molde

SKEPTISK: Erling Moe fryktar det blir ulik handtering av sekssekundarsregelen frå norske dommarar. Då kan det bli ville vesten, fryktar han.

Foto: MARIUS SIMENSEN / BILDBYRÅN NORWAY

I Noregs Fotballforbunds retningslinjer for 2022-sesongen kjem det fram at dommarane skal ha ekstra fokus på den såkalla seks sekundar-regelen i sesongen som kjem.

Regelen, som seier at det skal dømmast indirekte frispark viss ei målvakt i eige straffefelt bruker meir enn seks sekund på å frigjere ballen, har lenge vore ein såkalla sovande regel.

– Eg synest det er positivt at dei tek den keeperbiten, for det er svært irriterande når dei kan stå der i 20 sekund. Viss dei klarer å gjennomføre det skikkeleg, ønskjer eg den velkommen, seier Molde-trenar Erling Moe til NRK.

I retningslinjene til NFF kjem det likevel fram at det framleis er eit element av skjønn inne i biletet.

Sjølv om eit regelbrot i utgangspunktet skal gi indirekte frispark, vil det ikkje vere slik at det alltid blir dømt med ein gong ei målvakt bruker meir enn seks sekund utan å frigjere ballen.

«NFF følgjer UEFAs tolkingar av spelereglar, som ikkje følgjer «seks sekund» kategorisk – men ber dommaren vurdere kvart enkel situasjon med smartness.» heiter det i retningslinjene.

Bør brot på seks sekundar-regelen bli slått hardare ned på?

Molde-trenar Moe kjem derfor med ei klar åtvaring:

– Så lenge alle gjer det same, at dommarane er konsekvente, trur eg at det kan nytte. Men blir det forskjell på korleis dommarane utøver det, trur eg det blir fullstendig kaos. Dei må vere like til det, er rådet frå Moe.

Dommarsjef Terje Hauge seier til NRK at NFF ikkje har nokon spesiell intensjon om å bli særleg strengare enn før, men at dei heller skal prøve å finne ei felles raud tråd for alle norske dommarar.

Det er mange dommarar og krinsar som spør NFF korleis vi skal handtere nemnde regel, fortel Hauge til NRK.

– I retningslinjene står det at dommarane skal vurdere kvar enkelt situasjon med «smartness». Erling Moe fryktar det blir kaos om dommarane ikkje handterer regelen likt frå kamp til kamp. Har du forståing for den bekymringa?

– Smartness betyr å handtere det som i 2021. Vi tel ikkje seks sekund, men vil gjere målvakt merksam på at det tek tid, vere proaktiv og gi målvakt eit forvarsel. Målet er å handtere denne regelen likt i heile Noreg, seier dommarsjefen.

Dommersjef Norges Fotballforbund, Terje Hauge

Dommarsjef i Noregs Fotballforbund, Terje Hauge.

Foto: Trond Tandberg / Getty Images

Hos Moes gullrival Bodø/Glimt sit Ulrik Saltnes og jublar over at dommarane no har fokus på å slå ned på slik tidsbruk.

På Aspmyra i fjor trur eg ikkje det var ei einaste målvakt på motstandarlaget som brukte under seks sekund på eit utspark. Det hadde vore veldig høveleg for oss om dei gjorde alvor av den trusselen, seier Saltnes til NRK.

Men legg til:

Og så trur eg på det når eg får sjå det.

Du har ikkje heilt trua fordi regelen har vore der i mange år utan å bli slått ned på?

Det er heilt rett. Det er ikkje ein ny regel, men han blir ikkje handheva i noko særleg stor grad. I alle fall ikkje på Aspmyra, seier Glimt-kapteinen.

Saltnes seier han sjølv brenn for at slike tiltak blir tekne meir i bruk enn i dag. Han lèt seg kraftig provosere når han sjølv sit framfor TV-en og ser kampar.

Eg er glad i fotball, og når eg ser på fotball så er det store irritasjonsmomentet dødtid, juks og alle dei småtinga som stel merksemda frå fotball. Eg synest det er alt for lite fotball når vi ser ein fotballkamp, og alle reglar som kan få meir effektiv speletid ønskjer eg velkommen, seier han.

6APISwlu8RA

SPENT: Ulrik Saltnes håpar dommarane gjer alvor av trusselen om å slå hardare ned på unødvendig tidsbruk.

Foto: Terje Pedersen / Terje Pedersen

For NRK-kommentator Christian Nilssen har handteringa av sekssekundars-regelen vore ein personleg kjepphest i mange år.

Han er glad dommarane no har bestemt seg for å ha auka fokus på dette.

Endeleg! Dette har eg venta på lenge og applauderer tiltaket frå NFF. Lite er meir irriterande enn å sjå ei målvakt halde ballen i henda 15–20 sekund berre med formål om å sabotere, seier Nilssen.

Han synest dommarane generelt legg til for lite tid for tidsbruk av denne typen, særleg i sjølve tilleggstida.

– Eg vil gjerne sjå at dei tek det endå lengre og slår hardt ned på det når det går ti sekund, i alle fall. Og at det IFAB (fotballens internasjonale lovkomité) kan følgje dømet til forbundet og implementere det i verdsfotballen. At dei i jakta på meir effektiv speletid og mindre sabotasje ikkje har gjort noko meir rundt denne regelen er for meg uforståeleg, seier Nilssen.

Første prøvesmak på korleis dommarane vil nytte regelen får vi allereie laurdag klokka 16, når Eliteserien for herrar i sesongen 2022 blir sparka i gang på Hamar med klassikaren HamKam-LSK klokka 16.00.

NRK følgjer alle kampane på nett og radio.

Siste nytt

  • Lilleberg og Pettersen ønsker å være med i VM: – Selvfølgelig har jeg lyst

    De to USA-proffene Emil Lilleberg og Mathias Emilio Pettersen har forsikret landslagssjef Tobias Johansson om at de ønsker å bidra for landslaget under VM.

    Spillerne er riktignok avhengig av hvordan det går i sluttspillet for sine respektive lag. Lillebergs Tampa Bay Lightning ligger under 0-3 i kamper mot Florida Panthers, mens Emilio Pettersens Texas Stars slo ut Manitoba Moose og møter Milwaukee Admirals i en best av fem-serie.

    – Jeg spiste middag med Emil for en måned siden, og han var veldig positiv til VM-spill når han er ferdig der borte. Men det er usikkert om Tampa vil sende ham til Syracuse, eller hva som skjer når de eventuelt ryker ut, sier Johansson til nitten.no.

    Første kamp for Emilio Pettersen & co. spilles først 2. mai. Serien avsluttes så sent som 12. mai, dersom de spiller alle de fem kampene.

    – Jeg prøver å ha fokus på sluttspillet her nå, men selvfølgelig har jeg lyst til å spille VM om det åpner seg opp en mulighet for det, sier Pettersen.

    – Kan du reise dersom dere ryker i neste runde med Texas Stars?

    – Jeg er usikker på hva som skjer med Dallas i sluttspillet, så jeg må ta det som det kommer da. Jeg kan ikke si noe 100 prosent nå, svarer han.

    Fra før har veteranene Mats Zuccarello og Patrick Thoresen stilt seg tilgjengelig til verdensmesterskapet i Praha, som spilles fra 10. til 26. mai.

    (©NTB)

    eFmZjB-LXIs
    Foto: NTB
  • Klopp om mulig arvtager: – Høres veldig bra ut

    Jürgen Klopp uttaler seg veldig positvt om Arne Slot, som er i detaljer om å bli Liverpools nye manager.

    Tidligere denne uken tok klubbens jakt på Klopps erstatter en klar vending. Slot ble pekt ut som favoritt, og torsdag bekreftet Feyenoord-treneren at han er i samtaler med Liverpool.

    På fredagens pressekonferanse fikk Klopp spørsmål om nederlenderen, og sa at han liker mye ved det.

    – Jeg er ikke involvert i prosessen, men jeg liker måten laget hans spiller på. En god trener og en fin fyr. Hvis han er mannen, så blir jeg mer enn fornøyd, sier Klopp.

    – Det er ikke opp til meg å bestemme, men det høres veldig bra ut, forsetter den avtroppende Liverpool-manageren. (NTB)

    Jürgen Klopp
    Foto: Andrew Boyers / Reuters
  • Rubiales' etterfølger er klar

    Pedro Rocha ble fredag valgt til ny president i Det spanske fotballforbundet (RFEF), og tar med det over etter skandalepresident Luis Rubiales.

    Forbundet bekrefter ansettelsen på sine hjemmesider fredag.

    «Pedro Rocha har i dag blitt utropt til ny president i Det kongelige spanske fotballforbundet, etter å ha mottatt støtte fra flertallet av forsamlingsmedlemmene», heter det i meldingen.

    Rocha har sittet som midlertidig forbundspresident etter at Luis Rubiales trakk seg fra presidentvervet i september.

    Det har stormet rundt RFEF siden Rubiales kysset Jenni Hermoso på podiet etter fjorårets VM-finale for kvinner. Kysset førte til at Rubiales måtte trekke seg fra vervet.

    I mars ble Rubiales og flere andre personer pågrepet som en del av etterforskningen av forbundets avtale om å legge den spanske supercupen til Saudi-Arabia. Mistanken handler om mulig pengevasking og korrupsjon.

    Torsdag ble det kjent at forbundet har havnet under lupen til den spanske regjeringen. Forbundet skal derfor «overvåkes» av en uavhengig kommisjon underlagt Spanias idrettsråd (CSD) de neste månedene. (NTB)

    Pedro Rocha
    Foto: THOMAS COEX / AFP

Sendeplan

Kl. Program Kanal