– Det er langt meir pengar i dette enn tidlegare, dersom vi skal samanlikne det med det som låg i dei gamle treningskampane, seier avtroppande toppfotballsjef Nils Johan Semb til NRK.
Den nye nasjonsligaen startar i desse dagar, og skal erstatte mange av dei tradisjonelle privatlandskampane. Noreg opna med 2–0 over Kypros på Ullevaal torsdag og held fram med bortekamp mot Bulgaria søndag.
Ligaen er bygd opp med tre divisjonar og opp- og nedrykk. Alle laga får ein grunnpott for å vere med, og blir det suksess, blir det meir pengar.
Får betalt for sportsleg suksess
Om Noreg maktar å vinne gruppa og rykkje opp frå divisjon C til B, blir det endå meir pengar.
– Gjer du det bra sportsleg, utløyser det betre og betre økonomi. Det er god økonomi i dette konseptet her, seier Semb.
Ein puljesiger vil gi Noreg 14,25 millionar kroner i bonus frå UEFA. Det gir også plass i divisjon B i neste nasjonsliga, hausten 2020. Då kan inntektene bli endå større.
– Då blir det både meir pengar og større sportsleg stimulans. Vi får vidareutvikla både laget og spelarane.
For dei beste laga, dei som spelar i A-divisjonen og går til sluttspelet, er det mykje større pengar å hente.
– Skilnaden mellom dei som er best og dårlegast rangerte blir større og større. Likevel blir det meir pengar også til dei som ligg nedst og midt på. Så dette er ein vinn-vinn-situasjon, meiner Semb.
EM-deltaking gir 88 millionar
– Det er pengar vi kan putte inn i utviklinga av både barne- og ungdomsfotballen og i toppfotballen, seier Semb.
– Er det pengar NFF har budsjettert med?
– Nei, definitivt ikkje.
Om Noreg skulle gå heile vegen gjennom gruppesiger og playoff og kvalifisere seg for EM i 2020, blir det verkeleg store pengar å hente.
Kvart deltakarland får 9,25 millionar euro (88 millionar kroner) i grunnbeløp. I tillegg kjem 14,25 millionar for kvar siger i gruppekampane.
Men spelarane tenkjer ikkje på det – enno, iallfall.
– Vi har lyst å kome til eit meisterskap. Det er fokuset vårt, seier Rune Almenning Jarstein. Noreg har ikkje vore i eit meisterskap for menn sidan EM i 2000.
Derfor er ein puljesiger viktig. Den gir både opprykk og plass i playoffen som i mars 2020 gir ein plass i EM.
– Vi har ei målsetjing om å vere med å slåst om puljesigeren her. Derfor blir kampen mot Bulgaria utruleg viktig, ettersom begge laga vann sin første kamp, seier Semb.
Resultata i nasjonsligaen har også betydning når gruppene i den «eigentlege» EM-kvalifiseringa skal trekkjast i desember. Kampane der skal spelast frå mars til november neste år.