– Nå unner eg faktisk Thomas Müller eit mål.
Ekspertkommentator Tom Nordlie sa det alle tenkte. Thomas Müller hadde akkurat misbrukt sin fjerde store sjanse med eit skot som small i tverrliggaren frå 12 meters hald.
Kunne scora hattrick
Han som alle tippeselskapa hadde som favoritt til å bli meisterskapets toppscorar hadde endeleg vist seg fram og kome til store målsjansar. Likevel er dei harde fakta frå EM like mørke etter kampen.
- Thomas Müller i EM - åtte kampar, 0 mål og ein målgjevande ( til Gomez i kveldens kamp)
- Thomas Müller i VM - 13 kampar, 10 mål og seks målgjevande
Og det var ikkje berre Müller som sleit med å finne vegen til mål for Tyskland. Dei 12 fyrste minutta baud på tre megasjansar utan utteling for dei kvite.
Özil, Götze og Thomas Müller aleine med keeper burde ha skote Tyskland til leiing, men dei svært oppofrande nord-irane heldt seg inne i kampen.
Thomas Müller har hatt ein tung start på meisterskapet og blitt kritisert i tysk media for svak form. I dag viste han ei heilt anna utgåve av seg sjølv.
– Det er ein heilt annan Müller enn me såg i dei to fyrste kampane, seier Tom Nordlie.
Men Tysklands VM-konge rakk å brenne nok ein sjanse før det blei nettsus i Paris.
Til slutt er det samarbeidet mellom Gomez, Müller og Götze som gjev resultat. Müller kan avslutte sjølv, men finn i staden Gomez som sender ballen i mål via ein nord-irsk forsvarar.
Besiktas-spissen som spelte sin fyrste sluttspelkamp sidan EM-semifinalen i 2012 blir kveldens store redningsmann for Tyskland.
Tyskland vann gruppa
Men målet utløyste ingen ketsjupeffekt for Tyskland, sjølv om sjansene kom på løpande band. Det kan Nord-Irland takke ein svært god sisteskanse for.
– Nå må me snart kåre McGovern til banens beste, seier Nordlie om Nord-Irlands keeper etter halvspelt andre omgang og nok ein fantastisk redning.
Etter 70 minutt ebba kampen ut og sjansebonanzaen stilna. Men sidan Polen ikkje klarte å score fleire enn eitt mål mot Ukraina, blir Tyskland gruppevinnar.
Nå møter dei anten Slovakia eller Albania i fyrste sluttspelskamp.