Sportsnyheter

Tokyo Olympics Athletics

OL-drama for Iuel – full forvirring i semifinalen: – Jeg reagerte på et eller annet

Først falt Amalie Iuel under oppvarmingen. Så tjuvstartet hun, men fikk likevel starte semifinalen. 27-åringen kom inn på sisteplass, og resultatlista viste først at hun var diskvalifisert. Det ble endret.

Siste nytt

  • Klepp-trenaren går av

    Nick Loftus er ferdig som hovudtrenar for Klepp i Toppserien. Han trekkjer seg etter ein hittil svak 2021-sesong.

    Klepp er nummer ni på tabellen berre eitt poeng over direkte nedrykksplass.

    – Det er tøft, men det var best for alle å gå vidare. Det har vore ein tøff periode for klubben med svake resultat, og fotball er drive av resultat. Eg er skuffa over korleis det har gått. Som trenar ønskjer du å dra på ein god måte, seier Loftus til Stavanger Aftenblad.

    For berre ei veke sidan fekk skotten fornya tillit frå Klepp-styret. Loftus var assistent under Ollie Harder då rogalendingane tok sølv i 2018 og bronse i 2019, og han fekk hovudansvaret før 2020-sesongen.

    Nick Loftus
    Foto: Carina Johansen / NTB
  • Tidlegkamp for handballkvinnene

    Noregs kvartfinalemøte med Ungarn blir her heime tidleg onsdagsunderhaldning. OL-kampen får avkast klokka 06.15 norsk tid – 13.15 lokalt.

    Til no i leikane har ikkje handballjentene spelt tidlegare enn 09.15 norsk tid. Dei vann alle dei fem gruppekampane sine.

    Dette er norske tider for OL-kvartfinalane:

    02.30: Montenegro – ROC (russisk lag)

    06.15: Noreg – Ungarn

    10.00: Sverige – Sør-Korea

    13.45: Frankrike – Nederland

    Noreg møter vinnaren av Montenegro – ROC i ein eventuell semifinale.

    Kristine Breistøl
    Foto: Sergei Grits / AP
  • 52 strake OL-sigrar

    USAs kvinnelag i basket let seg ikkje stoppe i år heller. 93-52 over Frankrike i siste gruppekampen måndag var deira 52. strake siger i OL. Ikkje sidan semifinalen i Barcelona i 1992 har laget tapt.

    Den gongen tapte USA 73-79 for laget som offisielt heiitte Samveldet av uavhengige statar, og som var restane av det nyss oppløyste Sovjetunionen.

    Seinare har USA-kvinnene berre vunne. Det starta med siger over Kina i bronsefinalen i 1992. Så har dei teke seks strake OL-gull utan å ha tapt ein einaste kamp.

    USA tok gull også i 1984 og 1988, og har teke 8 av 11 gull sidan basket for kvinner kom på OL-programmet i 1976. I 1980 var dei avskorne frå å kjempe om gullet, ettersom USA boikotta OL i Moskva.

    A'ja Wilson
    Foto: Aris Messinis / AFP

Sendeplan

Kl. Program Kanal