– Det er eit lite eventyr, seier Nils Johan Semb.
Det var ein fin kveld å vere Noregs toppfotballsjef i går. Molde tok nok ein ny skalp i Europa og sikra avansement til sluttspelet når to kampar framleis gjenstår i gruppespelet.
– Synd at Molde ikkje blir med neste år
Men eit nytt Europa-eventyr neste år kan ein nesten avskrive alt nå i november.
– Molde har ein liten sjanse til å knipe fjerdeplassen, men den trur eg er veldig liten, seier Semb som synest det er synd at ikkje Molde kan halde fram den gode europatrenden neste år.
– Ja, det kan du godt seie. Men det som har vore bra dei siste åra er at det er stabilitet i toppen. Det er ikkje berre Molde og Rosenborg, men også Odd og Strømsgodset har stabilisert seg i toppen i elitserien og har spelt godt ute i Europa. Det er viktig at det er stor grad av kontinuitet på dei norske laga i europacupane, meiner Semb.
Kamp om fjerdeplassen
Med ein runde igjen i eliteserien er kampen om den siste plassen til Europa minst like open som nedrykkskampen. Men før me går gjennom den kampen, er det ein ting som må på plass.
Sjølv om forholdet mellom Rosenborg og Molde har vore litt betent det siste, er Molde nødt til å heie fram trønderane under cupfinalen 22.november.
For tapar Rosenborg mot Sarpsborg 08 på norsk fotballs nasjonaldag er det østfoldingane som skal spele i Europa neste år, sjølv om Molde skulle bli nummer fire i eliteserien.
Men blir det RBK-siger og «The Double» til Trøndelag er det fjerdeplassen i eliteserien som går til Europa neste år. Den har Odd med 52 poeng ein runde før slutt, mens Viking (50) og Molde (49) halsar bak.
Enkelt sagt, Molde treng hjelp frå både Lillestrøm (møter Odd) og Mjøndalen (møter Viking) og må vinne sjølv mot eit nedrykkstrua Start.
Viktig signaleffekt
Men Nils Johan Semb vil ikkje håpe på Molde-hjelp for å få vårt beste lag i Europa tilbake dit neste år.
– Nei, der må ein ha ein nøytral inngang. Har ein ikkje vore blant dei fire beste i serien eller vunne cupfinalen, fortener ein ikkje europacupspel året etter.
Semb set likevel stor pris på Molde som han meiner har vore ein «barrierebrytar» denne sesongen.
– Suksessen sender ut eit viktig signal om at det er mogleg å lukkast i Europa med to tankar samtidig. Ein kan satse maksimalt mot europacupane i tillegg til serien. Der har det skjedd mykje dei siste åra.