Hopp til innhold

Siste nytt

  • 20 prosent fleire forballskader

    Skadeomfanget stig i europeisk toppfotball, og det vekkjer bekymring hos fagforeiningane til spelarane.

    Det er ei undersøking laga av forsikringsselskapet Howden i etterkant av 2021/2022-sesongen dette kjem fram. Ho viser at i dei fem største ligaene, i England, Spania, Tyskland, Italia og Frankrike, har skadeomfanget auka med 20 prosent samanlikna med året før.

    Det er ikkje ei eintydig forklaring på den stigande skadefrekvensen, men auken blir kopla til eit generelt tettare kampprogram.

    Sesongen 2021/2022 vart avvikla i etterkant av koronapandemien, og på grunn av stadige nedstengingar bidrog det til eit komprimert kampprogram.

    I tillegg er ferie- og restitusjonsperiodane til spelarane vorte kortare.

    Konklusjonane på undersøkinga har skapt bekymring i Den internasjonale spelarforeininga (Fifpro).

    Fotballskade
    Foto: COSTAS BALTAS / Reuters
  • Motivert av Federers avskjedskamp

    Casper Ruud (23) kjenner seg heldig som fekk ta del i Roger Federers farvel som tennisproff. Opplevinga i Laver Cup vil han bruke som motivasjon.

    Sist veke var Snarøya-mannen på Europa-laget med ikon som Federer, Rafael Nadal og Novak Djokovic. Frå indre bane fekk han sjå ei legende ta farvel.

    Federer runda av karrieren i eit doubleoppgjer med erkerival Nadal som makker.

    – Det var helt utruleg å sjå to saman i Rogers siste kamp. For meg var det veldig gøy å vere rundt dei. Dei vitsa med kvarandre hele tida, seier Ruud.

    – Dei er eldre og i ei seinare fase av idrettslivet. Då er det inspirerande å sjå motivasjonen som held dei gåande. Eg var heldig og stolt av å få vere ein del av laget. Eg lærte mykje og tok med meg mykje av gleda frå opplevinga, legger han til.

    Ruud spelar denne veka i ei turnering i Sør-Korea, der han møter chilenske Nicolas Jarry i dag. Kampen er planlagt å starte klokka 12.00.

    Roger Federer og Casper Ruud
    Foto: GLYN KIRK / AFP
  • Reiten hjalp Chelsea å vende til seier i byderby

    Chelseas kvinnelag kom tidlig under i det utsatte byderbyet mot West Ham, men Guro Reiten hjalp laget å vende til 3-1-seier.

    Den norske landslagsstjernen hadde assist på Fran Kirbys utligningsmål i slutten av første omgang og var involvert også i Sam Kerrs ledermål i den andre omgangen.

    Dagny Brynjarsdottir nikket West Ham i en tidlig ledelse på hjørnespark mens Kerr sto passiv ved siden av henne. Senere skulle Chelsea vise offensiv kompetanse på hjørnespark, og Kerr fikk sitt første mål på sesongen på et av dem.

    Den engelske landslagsstopperen Millie Bright stusset inn 3-1 på nok et hjørnespark.

    Women's Super League - Chelsea v Manchester City
    Foto: ANDREW COULDRIDGE / Reuters

Sendeplan

Kl. Program Kanal
Spilleliste med 62 klipp
Sport
Spiller nå
Haaland om anklagene mot City-eierne: – Drøye ord 01:20
Neste