Mjelde scora i Chelsea-siger
Maren Mjelde scora det første målet på straffe då Chelsea slo Atletico Madrid 2-0 i første åttedelsfinale i meisterligaen.
Chelsea vann trass i at dei fekk Sophie Ingle utvist etter berre 13 minutt, og at Atletico bomma på to straffespark.
Fran Kirby sette inn det andre målet for Chelsea.
Guro Reiten spela det siste kvarteret for Chelsea.