Hopp til innhold

Meiner maktkampen er avgjort etter «overraskande» Dyrhaug-støtte

Hoppkomiteen stiller seg bak innstillinga av Tove Moe Dyrhaug som ny skipresident. NRKs sportskommentator Jan Petter Saltvedt trur no at presidentvalet er avgjort.

Pressekonferanse med Åge Hareide

FÅR STØTTE: Tove Moe Dyrhaug er den føretrekte kandidaten til hoppkomiteen til presidentvervet i Noregs skiforbund.

Foto: Fredrik Hagen / NTB

– Vi er heilt overtydde etter dei samtalane vi har hatt med Dyrhaug at ho har eit genuint ønske om å samle Ski-Noreg, seier Stine Korsen i hoppkomiteen til NRK.

I mai kom nyheita om at Rosenborg-leiar Tove Moe Dyrhaug var innstilt som skipresident. Det er det valkomiteen i Skiforbundet som har lagt fram som innstilling.

Møte med hoppkomiteen

Stine Korsen er medlem i hoppkomiteen og stiller no til val som leiar i same komité.

Foto: Geir Olsen / NTB

Hoppkomiteen gir dermed ikkje støtte til Buskerud sitt forslag med Kristin Vestgren Sæterøy, som er tidlegare dagleg leiar i Holmenkollen skifestival. Det overraskar NRKs sportskommentator.

– Omgåande blir det oppfatta som overraskande at støtta til Tove Moe Dyrhaug er så sterk, seier Jan Petter Saltvedt.

Buskerud skikrets har stått sentralt i kritikken mot tidlegare skipresident Erik Røste, og dei har vore tydeleg i støtta til Hopp-Noreg og Bråthen. Men hoppkomiteen støttar ikkje Buskerud sitt forslag til president.

Trur på opprydding i splid

– Eg takkar for tilliten. Det er jo demokratiet som bestemmer, så det står att å sjå om eg blir valt, sa Tove Moe Dyrhaug til NRK like etter at nyheita om at ho stiller som president vart kjend.

NRK har onsdag vore i kontakt med Dyrhaug, som ikkje ønskjer å kommentere skitinget no.

Trønderen blir den første kvinnelege skipresidenten i Skiforbundet dersom ho blir valgt på skitinget i Molde 12. juni. Trønderen er medlem av Tydal IL (Sør-Trøndelag skikrets) og har sidan 2013 vore dagleg leiar i Rosenborg Ballklub.

Les også Tove Moe Dyrhaug innstilt som skipresident

Tove Moe Dyrhaug

Korsen i hoppkomiteen meiner det skal vere særskilde og heilt spesielle grunnar til at ein skal sjå bort frå innstillinga frå valkomiteen.

– Vi ser ikkje at det er nokon grunnar til at vi skal gå imot dei, seier Korsen, som beskriv eit hoppstyre som ønskjer å unngå støy i presidentvalet.

– Eg trur ho er oppteken av å likebehandle greinene, noko vi set stor pris på og som er viktig for oss. Ho har ein sterk motivasjon for å rydde opp i den spliden som har vore.

Bryr seg ikkje om manglande støtte

Kristine Vestgren Sæterøy er saman med Katharina Riise dei to motkandidatane til Dyrhaug som skipresident.

– Eg har lang erfaring frå idretten og næringslivet. Eg er oppteken av organisasjonsmodellen der roller og ansvar er hovudpunkt, seier Sæterøy.

Holmenkollen Skifestival

PRESIDENTKANDIDAT: Kristin Vestgren Sæterøy er Buskerud sitt benkeforslag på skitinget i Molde.

Foto: Terje Bendiksby / NTB

Om den manglande støtta frå hoppkomiteen svarer ho:

– Det har eg inga oppfatning om. Eg håpar Ski-Noreg blir samd om den rette kandidaten som skal gjere den jobben som skal gjerast.

Trur maktkampen er avgjort

NRKs sportskommentator meiner støtta hoppkomiteen har til Dyrhaug er eit tydeleg teikn på at ein vil ha ro i Ski-Noreg.

Jan Petter Saltvedt

AVGJERANDE STØTTE: Meiner Jan Petter Saltvedt om støtta hoppkomiteen har til Tove Moe Dyrhaug.

Foto: Alem Zebiz

– Viss ein skal gå endå sterkare for ein kandidat som er ein «veldig hoppkandidat», så trur eg ein føler at ein bidreg til ei splitting, og det vil ein ikkje ha no, seier Saltvedt.

Han trur støtta til hoppkomiteen er svært sentral i valet i år.

– Denne unisone støtta frå Hopp-Noreg er eit avgjerande bidrag for Dyrhaug. No skal skidemokratiet si sitt, men eg meiner valet med dette er avgjort.

Søndag 12. juni skal Erik Røste sin erstattar som skipresident blir valgt.

Siste nytt

  • Windingstad avslutter samarbeid

    Alpinist Rasmus Windingstad avslutter samarbeidet med skimerket Stöckli. Det bekrefter han selv på Instagram.

    30-åringen skriver at han er takknemlig for samarbeidet over de siste fire årene.

    – Det var på tide å gå videre og prøve noe nytt, spent på de kommende sesongene, skriver Windingstad.

    Han bekrefter dermed at han ikke er helt ferdig med alpinkarrieren enda, men røper ikke hvilket skimerke han kjører på kommende sesong.

    Stöckli har blant annet stjernen Marco Odermatt blant sine utøvere.

    Audi FIS Alpine Ski World Cup - Men's Giant Slalom
    Foto: SEAN M. HAFFEY / AFP
  • Team Braathen avviser Hirscher-rykter: – Blir ikke noe samarbeid

    Michael Pircher er Lucas Braathens nye trener og var sjef for Marcel Hirscher i seks år. Han er likevel klar på at det ikke vil bli noe samarbeid dem imellom.

    I mars ble det klart at Braathen gjør comeback som alpinist etter en sesong på sidelinjen, men for Brasil. Hokksund-gutten har derfor måttet sette sammen sitt helt eget team, hvor Pircher er ansatt som trener.

    48-åringen ble hentet fra Det østerrikske skiforbundet, hvor han blant annet hadde treneransvaret for skilegenden Hirscher fra 2013 til han la opp i 2019.

    Østerrikeren sjokkerte hele alpinverden da han annonserte comeback for Nederland tidligere i uken. Det har også skapt spekulasjoner om han og Braathen ville danne et samarbeid.

    – Det er ikke en sak for oss. Vi kommer garantert til å være i de samme skistedene, og noe vil dukke opp, men det blir ikke noe samarbeid, sa Pircher til Tiroler Zeitung, ifølge Blick.

    Trenerveteranen er tydelig på at fokuset hans nå ligger på Braathen, som skal jakte VM-gull i Saalbach til vinteren.

    – Om dagen planlegger vi opplegget, alt er fortsatt i de tidlige stadiene. Vi har nettopp funnet hverandre, sa Pircher. (NTB)

    Lucas Braathen
    Foto: BARBARA GINDL / AFP
  • Formel 1-stjerne ferdig i Haas etter sesongen

    Den tyske Formel 1-stjernen Nico Hülkenberg kjører sin siste sesong for Haas. Det bekreftet laget fredag formiddag.

    «Haas og Nico Hülkenberg vil skille lag ved avslutningen av 2024-sesongen» heter det i meldingen på X.

    Tyskeren er inne i sin andre sesong for Haas. Tidligere har han kjørt for lag som Williams, Sauber, Renault og Aston Martin.

    36-åringen har tatt en pole position, men har fortsatt til gode å vinne et Formel 1-løp. Totalt har han tatt 534 poeng på 211 løp i karrieren.

    Så langt denne sesongen står han imidlertid bare med fire poeng på fem løpshelger. Hans beste resultat i år er en 9.-plass fra Australias Grand Prix. (NTB)

    Japan F1 GP Auto Racing
    Foto: Hiro Komae / AP

Sendeplan

Kl. Program Kanal