Hopp til innhold

McGrath åpner raskt

– Det er litt på grensen, men det går fort, sier TV3-kommentator Andreas Toft om Atle Lie Mcgraths kjøring på toppen.

Nordmannen er inne 1,71 sekunder bak Noel på en foreløpig 21.-plass i 1. omgang.

Siste nytt

  • Sveits slo Ungarn etter praktmål

    To nydelege nettkjenningar i første omgang og eit mål på overtid sikra sveitsarane 3–1 siger mot Ungarn.

    Og det med to EM-debutantar i hovudrolla.

    12 minutt ut i kampen spelar Michel Aebischer opp i bakrommet og leverer ein draumepasning til Kwadwo Duah, som i kveld spelte sin andre landskamp for Sveits. Han er iskald og skyt ballen lekkert opp i det venstre hjørnet.

    Sveitsarane måtte vente før dei kunne sleppe jubelen laus for fult. Målet vart først annullert, men ein VAR-sjekk gjorde om på offsiden.

    På tampen av første omgang var det mannen som serverte første mål som viste fram meir ballkunst. Frå 20 meter tar Michel Aebischer ein touch i bana før han bøyer ballen elegant ned i lengste ved stolperota. Også han er EM-debutant.

    Ungarn meir på hogget etter sidebyte og i det 66 minutt kom reduseringa. Barnavás Varga styrer ballen i mål med pannebrasken.

    Ungarn heldt fram med å presse, men i sluttminutta opna dette mogelegheit for Sveits, og innbytar Breel Embolo kunne med ein utsøkt lobb punktere kampen tre minutt på overtid.

  • Norsk motorsykkelprofil i stygg krasj

    Den norske roadracingprofilen Mia Rusthen (21) har vore i ei stygg ulykke. Dette skjedde under tidenes første VM-runde for kvinner.

    Dette melder Gpone.com på sine nettsider. Rusthen skal ha blitt frakta med helikopter til Bufalini-sjukehuset i Cesena.

    President i Noregs Motorsportsforbund, Emilie Funderud Westbye, stadfestar ulykka ovanfor VG:

    – Eg kan stadfeste at Mia Rusthen har vore i ei ulykke under køyringa på Misano-bana i Italia. Så mykje meir har eg ikkje å sei akkurat no.

    21-åringen var for første gong plukka ut til å delta i VM, i ein nyoppretta kvinneklasse.

    Alt 18 år gamal vart jenta frå Drøbak tatt ut til å delta i eit av Yamaha sitt offisielle roadracing-lag. Det var eit lag som skulle byggjast opp nettopp med tanke på å sikre plass i dette VM.

    Rusthen var einaste kvinne på laget, samt einaste norske som fekk plass i dette eksklusive selskapet.

    Ho uttalte til NRK den gong at ho var glad for så sprengje nokre innbilte fordommar, som ho uttrykte det.

    – Fordommane går ut på at dette er ein sport som er meint for gutar, sa 18-åringen den gong.

    Mia Rusthen
    Foto: WAHLROSS FILM / FOTO:
  • LSK Kvinner smadret serieleder Rosenborg

    LSK Kvinner tok en knallsterk 3-1-seier over Rosenborg på eget gress i Toppserien lørdag. Vålerenga slo Brann 2-0 og overtok tabelltoppen.

    Miljana Ivanovic sendte LSK Kvinner tidlig i ledelsen, og Mia Authen doblet ledelsen for da hun satte inn 2-0 et kvarter før hvilen.

    Etter et kvarter reduserte Cesilie Andreassen til 1-2, men Emma Reshane satte spikeren i kista med 3-1 på tampen.

    Vålerenga og Rosenborg står begge med 30 poeng etter tolv kamper, men VIF har bedre målforskjell.

    Lagene møtes i neste serierunde.

    LSK Kvinner
    Foto: NTB

Sendeplan

Kl. Program Kanal