Hopp til innhold

Opnar opp om ekstrem dehydrering for å gå ned i vekt – åtvarar unge utøvarar

Maren Lundby tynte kroppen til randa i jakta på VM-gull. Hennar største frykt er at barn og unge skal gjere det same som henne.

Maren Lundby

PÅ TRENING: Maren Lundby under ei treningsøkt på Lillehammer onsdag.

Foto: Nadir Alam / NRK

«Eg vil mest sannsynleg ha nedsett forbrenning resten av livet. Så det å tøye grenser slik som eg har gjort, har ein pris.»

Det fortel ei openhjartig Lundby i boka «Et møte med Maren».

NRK har fått eksklusiv tilgang til boka, der ho opnar opp om det som skjedde under VM i Oberstdorf. For aller første gang fortel ho om den drastiske metoden ho tydde til for å nå draumen om VM-gull.

Konsekvensane av slankinga vart dramatiske for eit av Noregs største idrettsførebilete.

– Eg følte meg ganske trygg på at dette skulle gå fint, men eg hadde aldri tenkt at det skulle få dei konsekvensane det fekk, seier Lundby til NRK.

For det er uvisst om Lundby nokon gong vil kome tilbake i hoppbakken. Gullhoppet i Oberstdorf er framleis hennar siste hopp.

SKI-JUMPING-WORLD-WOMEN

USIKKERT: Det er ikkje sjølvsagt at vi får sjå Lundby hoppe igjen.

Foto: CHRISTOF STACHE / AFP

Intens slankekur

Vi må tilbake til februardagane i 2021. For første gong skal kvinnene få hoppe i stor bakke under eit VM. Ein kamp Maren Lundby stod i bresjen for.

Men hoppyndlingen som hadde vunne verdscupen tre år på rad – hadde ikkje vunne eit einaste renn dette året.

Det hadde ikkje skjedd på sju sesongar.

I den nye boka opnar Lundby opp om at ho sleit med vekta igjennom hele 2020/21-sesongen, ikkje berre under VM. Ho hadde også «jumpers knee» som plaga henne igjennom sommaren, og som gjorde det vanskeleg å komme på same nivå som tidlegare sesongar.

I samråd med støtteapparatet bestemte Lundby seg for å ta grep då dei var i den tyske VM-byen.

I boka skildrar ho korleis dei sette i gang med ein intens slankekur, som i stor grad gjekk ut på å sveitte seg ned i vekt.

– Var det nokon som prøvde å sei «ikkje gjer dette, Maren»?

Nei, eg hadde det spelerommet eg hadde lyst på sjølv. Eg har ytra eit stort ønske om å få til dette og vere med å kjempe om medalje, og då er dei der for å hjelpe meg for å få til det så godt som dei kan. Det var ingen som åtvarar meg, seier Lundby.

Det låg på meg kva eg ønska sjølv, så det er veldig greitt. Då har eg på ein måte berre meg sjølv å takke.

– Eg orka ikkje meir

Lundby tok sølv i den første VM-konkurransen som var hopp i liten bakke. Men medaljen hadde ei bakside.

Lundby måtte i dopingkontroll og måtte drikke fleire liter vatn for å klare og tisse. Vekta auka igjen.

Dermed heldt fram den intense slankinga fram til lagkonkurransen. Etter den vart ho ikkje tatt ut på dopingkontroll, og slapp å drikke seg opp og begynne slankeprosessen nok ein gong. To dagar seinare venta blanda lagkonkurranse, men då skjedde det igjen.

Ein ny sølvmedalje medførte ny dopingkontroll, og dermed heldt prosessen fram – høgdepunktet med hopp i stor bakke var neste.

Eg hadde ei episode før storbakken der eg var veldig sliten av det køyret frå veka som hadde vore. Eg var på et tidspunkt usikker på om eg orket å køyre ein runde til med dehydrering og den pakka der, fortel Lundby.

VM på ski 2021 i Oberstdorf

SAMTALE: Lundby og landslagstrenar Christian Meyer hadde tett dialog under VM.

Foto: Lise Åserud / NTB

Lundby hadde ein lengre prat med landslagstrenar Christian Meyer etter den situasjonen. Han gav klar beskjed om at ho sjølv skulle få bestemme. 27-åringen understrekar at dette var hennar val og at ho fekk lov å gjere dette for ho er ein vaksen og etablert utøvar.

Etter samtalen med Meyer innsåg ho at det ville koste meir å skulle gi seg:

– Då eg vakna dagen etter var eg jo klar for å fighte på nytt.

Lundby vann konkurransen og tok gull i stor bakke. Ein konkurranse ho og hopplandslaget i langt tid hadde kjempa for å få på VM-programmet.

VM på ski 2021 i Oberstdorf

HISTORISK: Maren Lundby blir feira av lagvenninna etter at ho har sikra seg det historiske VM-gullet i stor bakke under VM i Oberstdorf i Tyskland.

Foto: Lise Åserud / NTB

«Heilt krise»

Den historiske gullfeiringa skulle likevel ha ein bitter bismak for Lundby. Kroppen hennar fekk ein kjempereaksjon etter det ho hadde vore gjennom under meisterskapet. Vekta auka mykje meir enn den hadde gjort tidlegare.

På grunn av dette vart det ingen ferie på Lundby etter VM-gullet i Oberstdorf, slik som er vanleg.

Men trass intens trening – vekta heldt fram med å auke. Før sommaren var over hadde ho gått betrakteleg opp i vekt.

Det var ei ganske kraftig reaksjon på det eg hadde utsett meg sjølv for, fortel Lundby.

Ho beskriv at kroppen var i ubalanse når det kom til ernæring. Det var «helt krise» å føle seg sånn, fortel Lundby. Ho følte at ho mista alle sine atletiske eigenskapar. Følelsen av å gå opp i vekt preget henne på mange måtar.

«Og uansett kva eg gjorde, så vart det feil. Kroppen fungerte ikkje på trening, beina var tunge.»

Møtte lita forståing

I boka beskriv Lundby også at det vanskelegaste var å tenke på dei tinga ho eigentleg ikkje skulle bruke energi på. Om kva alle andre tenkte om henne. Ho opplevde lite forståing, og fekk høyre ting som at «det er berre å trene litt meir og ete litt mindre».

Skal vi danse

DANS: Maren Lundby deltok i fjor haust i Skal vi danse på TV 2. Målet var at alternativ trening skulle gi ny giv.

Foto: Thomas Andersen / TV 2 / TV 2

Perioden frå april til september var den verste. Det storma inne i hovudet og Lundby var frustrert. Uansett kva ho gjorde så vart det feil.

– Det var ikkje noko enkelt nei. Nei, huff, det var stussleg, fortel ho.

Ho innrømmer i boka at ho trur ho aldri har vore så langt nede som i akkurat den perioden. Ho skildrar det som «bekmørkt».

– Ein ekstrem metode

Frykta har også vore stor for at det ho har drevet med kunne påverke barn og unge.

«Det er ikkje sånn unge utøvarar skal halde på, det er ikkje ei oppfordring til dei,» seier ho i boka.

Professor ved Noreg Idrettshøgskule, Jorunn Sundgot-Borgen rosar Lundby for at ho står fram og fortel om den vanskelege perioden ho har vore gjennom. Men:

Utfordringa er at nokon yngre utøvarar kan lese det som ei «oppskrift» på korleis man går raskt ned i vekt, seier Sundgot-Borgen.

Jorunn Sundgot-Borgen

ÅTVARAR: Professor Jorunn Sundgot-Borgen er redd at unge kan lese den nye boka om Lundby som ei «oppskrift» på korleis man raskt går ned i vekt.

Foto: Harald Thingnes / NRK

Å sveitte seg ned i vekt er ein kjent metode innan deler av toppidretten, men ein metode ho sterkt åtvarar mot.

Det er ei ekstrem metode som blir brukt av utøvarar i enkelte særidrettar, men det er ein metode som vi absolutt ikkje tilrår for å endre kroppssamansetninga på. Det er ikkje prestasjonsfremmande eller helsemessig forsvarleg.

Trass i at Lundby har hatt store vanskar i etterkant av VM, er landslagstrenaren usikker om dei kunne gjort det annleis.

Det er det store spørsmålet. Vi føler ikkje det. Då ville vi gjort det umiddelbart. Men vi må huske at dette ikkje er ein enkeltepisode i VM. Dette er noko som varer over tid. Men det er viktig framover at vi, saman med våre fagfolk, klarar å lære noko ut av det, slik at vi slepp hamne i liknande situasjonar framover, seier Meyer.

Les også Lundby om veien tilbake: – Det er mye som blir vanskelig

Maren Lundby

– Har nok tråkka over streken

I boka, som er ført i pennen av dotter til landslagssjef Clas Brede Bråthen, Silje Bråthen, fortel Lundby at det var ekstra belastande å ikkje kunne dele dette med omverda.

Lars Haugvad som er manuellterapeut ved Olympiatoppen var i denne perioden tett på Lundby.

«Det var sjukt sårt å sjå på, kor redd ho var for å snakke om si eiga sak, kor redd ho var for korleis det kunne påverke andre, og kva signal som kom til å bli sendt,» fortel han i boka.

Til slutt valte ho likevel å stå fram med vektproblema i eit intervju med NRK. I boka skildrar ho det som ei slags lette. Plutseleg gjekk ho frå å vere veldig lei seg, til å ikkje vere det lenger.

Maren Lundby står over OL

DROPPA OL: Maren Lundby fortalde i eit intervju med NRK at ho måtte droppe OL på grunn av problem med vekta.

Foto: NRK

Ut over vinteren i fjor betra situasjonen for Lundby seg, men framleis er det periodar der vekta stagnerer, trass at ho trenar mellom tre og seks timar kvar dag.

For Noregs hoppdronning er dette er det mest frustrerande ho har vore med på nokon gang.

– På et tidspunkt har eg nok tråkket over streken og kan berre si at eg trur eg har lært av det. Det er vanskeleg å vite kor streken går når man ikkje har testa det, men eg føler jo at eg har lært av det og at eg er på rett veg no, seier Lundby.

Sjølv om ting enda er usikkert, er målet framleis å få skia på beina igjen i løpet av hausten. Og draumen strekk seg enda litt lenger.

Tørr du å tenke tanken at du står i storbakken i Planica og skal forsvare eit VM-gull?

Ja, absolutt. Det trur eg er ganske realistisk.

Siste nytt

  • Ruud fikk revansj mot Shapovalov – klar for finalen i Stockholm

    Casper Ruud er klar for finalen i ATP 250-turneringen i Stockholm.

    26-åringen fra Snarøya hadde full kontroll fra start til slutt. Han slo kanadiske Denis Shapovalov i strake sett (6-3, 6-4).

    Dermed fikk Ruud revansj fra finaletapet i Dallas tilbake i februar, der det var Shapovalov som stakk av med tittelen etter å ha slått nordmannen i strake sett.

    I finalen møter Ruud franske Ugo Humbert. Han gikk videre fra semifinalen mot Holger Rune etter at dansken røk en akillessenen underveis i kampen.

    Finalen spilles søndag.

    en person som slår en ball med en tennisracket
    Foto: MAGNUS LEJHALL / AFP / NTB
  • Uheldig Diggins pådro seg brudd: – Jeg sparket borti sofaen

    Den amerikanske langrennsstjernen har pådratt seg et brudd i lilletåa. Nyheten deler hun selv på Instagram.

    – Jeg sparket borti et sofahjørne og så brakk den, forteller Diggins.

    34-åringen virker å vært ved godt mot tross skaden, og hun virker ikke nevneverdig bekymret med tanke på den kommende sesongen.

    – Jeg har aldri brukket en tå før, men det er ikke en svær greie. Det er bare en hump i veien og en interessant historie på veien til OL, fortsatte Diggins.

    Foto: Amanda Pedersen Giske / NTB
  • Ny Rosenborg-nedtur – mistet seieren på overtid

    Rosenborg har slitt den siste tiden, men borte mot Bryne så de lenge ut til å få med seg en svært etterlengtet opptur.

    Slovakiske David Duris sendte bortelaget i ledelsen etter halvtimen spilt, men etter hvilen var landsmann Tomas Nemcik uheldig da han satte ballen i eget mål.

    Fem minutter før slutt dukket Rosenborgs høyrekant opp igjen. Duris hamret inn ledermålet, men gleden ble kortvarig.

    På overtid smalt det i andre enden. Duarte Moreira sørget for at det endte 2-2 på Jæren.

    Rosenborg har nå gått fire eliteseriekamper på rad uten å vinne. Den forrige seieren i serien kom mot Haugesund tilbake i september.

    Det har gjort at Rosenborg har havnet i ingenmannsland på tabellen. De ligger på en 5.-plass, men har nå sju poeng opp til Tromsø på plassen over.

    For Bryne kan poenget vise seg å bli gull verdt. De er fortsatt i nedrykksstriden.

    Etter 25 kamper ligger Bryne på 14.-plass, fire poeng foran Strømsgodset som ligger på direkte nedrykk.

    En gruppe fotballspillere på en bane
    Foto: Carina Johansen / NTB

Sendeplan

Kl. Program Kanal