Hopp til innhold

Lundby vil endre vektreglar: – Rart det har så mykje å seie

Maren Lundby har jobba hardt og lenge for å kome tilbake til konkurranse. No ynskjer ho at alle skal få like moglegheiter, uavhengig av vekt.

Hopplandslaget 2022/23

KRITISK: Maren Lundby ynskjer at vekt må få mindre plass i hoppsporten.

Foto: Ole Berg-Rusten / NTB

Laurdag gjorde Maren Lundby comeback i internasjonal konkurranse, etter over 600 dagar vekke frå sporten.

I nesten to år har ho kjempa for å finne tilbake til «matchvekta», og vore ærleg om helseutfordringane ho har stått overfor.

Ho enno ikkje nådd vekta som trengst for å kjempe om topplasseringar, og har slått seg til ro med at det kjem til å ta tid å nå riktig vekt på ein forsvarleg måte.

Likevel skulle ho ynskje at eit tal ikkje hadde så mykje å seie.

– Mitt ønske er at det er mogleg å hevde seg sjølv om du er fem kilo for tung. Fem kilo er ikkje veldig mykje, men det blir ganske mange meter i bakken, seier Lundby til NRK.

No lanserer ho moglege løysningar for å få bukt på vektproblematikken.

Ulike størrelsar

Lundby understrekar at ho avfinn seg med at situasjonen er slik, men erkjenner at ho har tenkt over måtar som kan endre vektproblematikken.

– Det er mange ting ein kan justere på. For eksempel kunne dressen til ein som er litt tyngre, vore større. Eller om du kan ha enda lengre ski. Det hadde kompensert for den ekstra vekta, seier Lundby.

Hopplandslaget 2022/23

LANSERER LØYSNINGAR: Maren Lundby.

Foto: Ole Berg-Rusten / NTB

Ho meiner at ein slik løysning hadde opna opp for at skihopparar i alle moglege størrelsar og fasongar kunne flydd langt på ski.

– Då hadde det dreidd seg meir om det tekniske og fysiske elles, seier ho vidare.

Ho er usikker på korleis ein skulle endra regelverket for at det blir rettferdig, og meiner at det bør vere gjennomtenkt før ein eventuelt set det i sving.

– Men eg kunne sett for meg at dei alle fall hadde prøvd. No er det slik at eg kan hoppe sjølv om eg er tyngre, men så ser ein at eg er eit stykkje unna toppen. Får ein eit regelverket der alle moglege hopparar kan hoppe langt, så synest eg det er verdt å vurdere, seier ho.

Ho legg til:

– Nokre er genetisk bygd for å hoppe på ski, medan andre ikkje er det. Hadde ein fått det aspektet til å ha litt mindre å seie, så trur eg det hadde vore sunt for sporten.

Meir rettferdig

Lundby meiner at det ikkje er noko tvil om at vekta har mykje å seie i hoppsporten. Ved å endre på regelverket, vil det føre til at den beste hopparen vinn, uavhengig av størrelse.

– Desse tinga her, er det som skil den beste frå den nest beste. Om alle kunne stilt med like føresetnader, vil den beste hopparen uansett vinne.

– Er det sunt å ha så mykje fokus på vekt?

– Det er sikkert begge deler. Eg vil ikkje seie at sporten vår er veldig usunn, slik eg oppfattar den, men at det er nokon som jobbar meir med det enn andre, er ingen tvil om, seier ho.

Dette vil ikkje bli ein ny kampsak for Lundby, på same måte som ho har jobba med at kvinner skal få stille i skiflygingsbakken, men håpar at det internasjonale Skiforbundet (Fis) ser etter måtar å endre regelverket på.

– Eg veit at Fis har dette på agendaen, seier ho.

Skal overvake vekt

Sandro Pertile, som er renndirektør i Fis, fortel til NRK at dei har byrja å føre vekt-statistikk på utøvarar som deltek i internasjonale konkurransar.

Verdenscup hopp

FØLGJER MED: Sandro Pertile.

Foto: Geir Olsen / NTB

– Det bestemte vi i sommar. Etter kvar offisielle hopptrening, må utøvarane gå i kontrollrommet for å vege seg. Det skal vi følgje med på gjennom vinteren, for å sjå korleis situasjonen utviklar seg, og vere klare om det er endringar som må gjerast til våren, seier Pertile til NRK.

Han understrekar likevel at vekt er ein viktig føresetnad for å prestere.

– Du skal fly og du må vere lett. Det er ein eigenskap ein må ha, men vi må prøve å forhindre dei ekstreme utfordringane rundt det, og kontrollere trenden mellom utøvarane, seier han.

– Er det helseutfordringar i sporten?

– Eg trur ikkje vi har helseutfordringar, og ser ingen grunnar til å gjere endringar no, men vi vil følgje med gjennom vinteren, seier han vidare.

Les også Opnar opp om ekstrem dehydrering for å gå ned i vekt – åtvarar unge utøvarar

Maren Lundby

Siste nytt

  • Tenniskomet får kjempesjanse – møter stjerner i Wien

    Tennistalentet Nicolai Budkov Kjær (19) går rett inn i hovedrunden i ATP500-turneringen i Wien i Østerrike.

    Det får NTB opplyst av Kjærs far Alexander.

    Kjær skulle egentlig spilt i kvalifiseringen til turneringen, men har fått wildcardet som den italienske stjernen Matteo Berrettini i utgangspunktet hadde.

    (NTB)

    en mann som spiller tennis
    Foto: Jonas Ekströmer / TT / TT / NTB
  • Viking-kaptein Zlatko Tripic reiste ikke med troppen til Tromsø – venter barn

    Serieleder Viking kan se ut til å måtte klare seg uten Zlatko Tripic i den viktige kampen mot Tromsø, melder Stavanger Aftenblad.

    32 år gamle Tripic var nemlig ikke til stede da laget møttes lørdag formiddag og startet på reisen mot Tromsø, opplyser Viking-trener Morten Jensen til Aftenbladet.

    Avisen skriver at konas termin er i neste uke.

    – Vi er jo obs på at den kampen kommer når den gjør. Men vi får ta en vurdering når det nærmer seg, jeg tenker ikke på det akkurat nå. Fødsel har førsteprioritet. Så får vi se hvilke alternativer og muligheter som finnes hvis det skulle skje tett på hverandre, sa Tripic til Aftenbladet sist uke.

    Tripic og kona Anette Hovland har fra før sønnen Luka (2).

    Kampstart mot Tromsø er søndag klokken 14.30.

    (NTB)

    Tripic
    Foto: Fredrik Hagen
  • Her koker det over for tennisstjernen – nå venter Ruud

    Denis Shapovalov slo hjemmehåpet Elias Ymer i en dramatisk kamp Stockholm, fredag kveld.

    Da Shapovalov leverte et godt poeng, satte han fingeren bak øret for å få mer jubel.

    Publikum svarte med å bue på ham. Senere ville Shapovalov ha bort en person fra tribunen.

    – Han viser fingeren. Kan jeg gjøre det? Hvorfor får han lov? sa canadieren til dommeren.

    Bilder fra nyhetsbyrået TTs fotograf viser at også Shapovalov viste fingeren tilbake mot tribunen.

    – Det var ikke vondt ment, men det virker som dere blir krenket over alt jeg gjør. Selv når jeg får medisinsk hjelp, buer dere, sa han.

    Underveis måtte nemlig Shapovalov få hjelp etter å ha fått smerter i ryggen. Han kom tilbake og vant 6-1 i det avgjørende settet. Kampen varte i over to og en halv time.

    Det er ikke første gang Shapovalov viser følelser på denne måten.

    – Jeg har sett Denis noen ganger, og det kan bli slik når han spiller. Han kan bli sint på publikum. Jeg var forberedt på at det kunne bli hett, sa Ymer, gjengitt av TT.

    Lørdag kveld møter Shapovalov Casper Ruud i semifinalen.

    (NTB)

    Denis Shapovalov
    Foto: Pontus Orre / TT / NTB

Sendeplan

Kl. Program Kanal