Fleire tidlegare fotballstjerner latterleggjorde Liverpool då dei i 2018 henta inn danske Thomas Grønnemark som innkasttrenar.
– Haha. Eg kan vere ein innkasttrenar her og no. Eg tek opp ballen frå bakken, held den i hendene, tek den bak hovudet og kastar den utpå banen. Eg kan også trene folk på å ta avspark, spøkte den tidlegare Everton-spelaren Andy Gray då han fekk høyre at byrival Liverpool hadde fått sin eigen innkasttrenar.
Heller ikkje Liverpool-legende Steve Nicol lét seg imponere og lurer på kva som gjer nokon kvalifisert til å vere innkasttrenar.
Trent Alexander-Arnold er ein av dei som har trent på «smarte innkast». Denne sesongen har Liverpool scora 13 mål etter innkast.
Foto: PAUL ELLIS– Mange er ikkje så kloke
Men frilanstrenar Thomas Grønnemark, som sjølv har verdsrekorden for verdas lengste innkast, tek ikkje kritikken særleg tungt.
– Mange er ikkje så kloke, og det meiner eg ikkje på ein arrogant måte. Men dei har ein litt enkel inngang til fotball. Gray og Nicol spelte fotball for 30 år sidan, og dei spelte på ein heilt annan måte enn i dag. Men når dei får sjå statistikken har eg litt vanskeleg for å forstå at dei ikkje tenker «OK, kvifor gjer han det slik», seier Grønnemark til NRK.
Tala som Grønnemark viser til er at Liverpool denne sesongen har klart å halde på ballen etter 68,4 prosent av innkasta dei har hatt denne sesongen.
I 17/18-sesongen, før Grønnemark kom til klubben, var det tilsvarande talet 45,4 prosent.
Thomas Grønnemark har fleire gonger vore på besøk i Liverpool for å trene på innkast. Han tek også oppdrag frå andre klubber, slik som nederlandske Ajax og belgiske Gent.
Foto: Privat– I Liverpool har dei scora 13 mål etter innkast denne sesongen, seier Grønnemark, som sjølv aldri har vore profesjonell fotballspelar, men som derimot har ei kort karriere som bobkøyrar som enda med eit mislukka forsøk på å kvalifisere ein dansk firarbob til OL i Torino i 2006.
Nest best i Europa
Om ein måler alle lag sitt ballinnehav etter at laget har tatt eit innkast, var Liverpool berre nummer 18 av dei 20 laga i Premier League før Grønnemark kom til klubben i 2018.
No er dei ligaens beste lag, og att på til nummer to i Europa - berre slått av FC Midtjylland - som også vert trent av Grønnemark.
– Midtjylland har eit ballinnehav på rundt 70 prosent. Men presset er mykje større i Premier League enn i den danske ligaen, så 68,4 prosent i Premier League er å føretrekke, seier dansken.
Grønnemark samarbeider også med storklubbar som Gent, Ajax og «nokre hemmelege klubbar».
Klopp tok direkte kontakt
Dansken meiner det går an å ta tre typar innkast. Dei lange, dei raske og dei smarte.
I Liverpool er det dei smarte innkasta dei trenar på.
Liverpool vann 1-0 mot Tottenham 11. januar i år. Målet kom etter eit innkast kor Liverpool skapte rom, og deretter gjekk på eit løp. Målet vert brukt som eit døme på korleis laget tenker ved innkast. VIDEO: Lånt frå TV 2 si sending.
– Nokre gonger trenar eg med dedikerte innkastarar, men ofte trenar me med heile laget. Det handlar om å skape rom, og gå på gode løp. Det gjeld å bruke kreativiteten til spelarane, for det finst millionar av ulike løysingar.
Det er den tyske Liverpool-trenaren, Jürgen Klopp, som har henta inn trenarhjelpa. Han er oppteken av detaljar, og meiner det aldri går an å få mange nok spesialistar.
– Då eg høyrde om Thomas, ville eg gjerne møte han. Og det var 100 prosent sikkert at eg ville tilsette han. Det går ikkje an å få nok spesialistar. Eg må vere personen som bestemmer når me skal ta i bruk spesialistar, men ein kan aldri få nok, har Klopp sagt i eit intervju med fotballmagasinet FourFourTwo.
Grønnemark har ikkje lagt merke til nokre nordmenn som er spesielt gode på innkast, og at han ikkje lagar detaljerte analysar før han vert engasjert av ein klubb.
Men å bli betre på innkast kan passe både klubbar på høgt nivå, og dei lengre ned i divisjonane.
– Eg lagar ikkje nokon analyse før eg er henta inn for å trene nokon. Alle spelarar og lag kan bli betre på innkast. Eg er glad for å hjelpe klubbar, og det treng ikkje vere verdas beste lag. Det hadde gleda meg mykje å få trene eit lag i Noreg også, seier dansken.
Liverpool har gått til topps i Champions League under tyske Jürgen Klopp.
Foto: JAVIER SORIANO / AFP