Lillestrøm opp på tredjeplass

Lillestrøm er i godt driv om dagen, og har klatra opp på tredjeplass i Eliteserien. Dei vann imponerande 3–0 borte mot Haugesund. Daniel Gustafsson scora to av måla og Ulrik Fredriksen sette ballen i eiget mål på overtid.

Sandefjord hadde ein gyllen moglegheit til å ta med seg tre poeng mot Tromsø da Sivert Gussiås tok straffespark like før slutt, men han bomma. Kampen enda dermed 1-1, etter scoringar frå Vidar Ari Jónsson og Ebiye Moses.

Eliteserien fotball 2021: FK Haugesund-Lillestr¯m
Foto: Jan Kåre Ness / NTB

Siste nytt

  • – Koronapass i engelsk fotball

    Ifølge regjeringskjelder må publikum vise koronapass for å sjå Premier League-kampar frå og med i helga, melder engelske The Sun.

    The Sun skriv at Boris Johnson-regjeringa er i ferd med å gå over til sin annonserte plan B fordi smitten er aukande, og for å hindre at omikronvarianten spreier seg endå meir.

    Det er ikkje meldt kor lenge den nye praksisen eventuelt vil gjelde.

    Dersom plan B blir sett i verk, betyr det at tilskodarane må bevise at de er dobbeltvaksinerte før dei kan gå på kampar.

    PL-klubbene blei varsla om at dette kunne bli realiteten i et møte sist fredag.

    Tilskodarane har ikkje svikta klubbane sine i Englands øvste divisjon etter at samfunnet blei gradvis opna igjen. Publikumstala har vore like bra som før pandemien slo inn nasjonen.

    Avisa skriv også om frykt for endå strengare tiltak, slik at kampane på fotballens høgtidsdag 26. desember kanskje må gå for heilt tomme tribuner.

    Publikum på Elland Road, Leeds
    Foto: OLI SCARFF / AFP
  • Williams ikkje med i Australia

    Serena Williams har meldt forfall til tennis-turneringa Australian Open i januar. Ho står ikkje på deltakarlista som blei gjort kjend i dag.

    – Dette er inga lett avgjerd å ta, men den fysiske statusen min er ikkje der han må vere for at eg kan spele, seier 40-åringen med totalt 23 Grand Slam-titlar på merittlista.

    Ho har ikkje spela sidan ho fekk ein muskelskade under Wimbledon-turneringa i sommar.

    Williams har vunne Grand Slam-turneringa i Australia sju gonger, sist i 2017.

    Derimot står framleis Novak Djokovic på lista, trass i uvissa rundt hans vaksinestatus. Vaksinedokumentasjon for korona er eit krav for å kome inn i Australia.

    Serena Williams
    Foto: William West / AFP
  • RBK-back ute i lang tid

    Rosenborgs venstreback Jonathan Augustinsson har operert begge hoftene og må belage seg på fotballpause i seks-åtte månader.

    Svensken blei operert i Göteborg måndag, og operasjonen var vellykka, rapporterer RBK.

    – Dette er jo sjølvsagt langt frå optimalt, men eg ser det som ei investering i framtida. Operasjonen var vellykka, og nå ser eg berre framover, seier Augustinsson.

    – Eg kjem til å bli helt frisk, og eg ser fram til å trene og spele kampar utan smerter, legger han til.

    Augustinsson kom til Rosenborg før årets sesong. Han har hatt mykje lyskeproblematikk og har berre vore på banen i 14 kampar for Rosenborgs A-lag.

    Jonathan Augustsson
    Foto: Ole Martin Wold / NTB

Sendeplan

Kl. Program Kanal