– Stockholm aleine har jo fleire ishallar enn Norge totalt sett. Det er ein forferdeleg situasjon, seier ishockeypresident Ole-Jakob Libæk til NRK.no.
Norges Ishockeyforbund sette seg mål om å ha 60 ishallar i Norge innan 2012. Fasiten er 43.
– Det er veldig viktig å setje seg mål og ha noko å strekkje seg etter. Då veit ein i alle fall kva ein siktar etter, seier han.
Vil ha 50 nye innan 2020
Landslagssjef Roy Johansen har ei rekkje gonger etterlyst større tempo i utbygging av nye anlegg.
– Det går rett og slett alt for tregt. Både når det gjeld treningshallar og konkurransearenaer, seier Johansen til NRK.no.
Innan 2020 er målet å ha på plass 50 nye hallar - altså i underkant av 100 totalt. Det tilsvarar rundt fem nye hallar i året.
– Det ser ut til at vi skal klare sånn nokolunde, seier ishockeypresidenten og viser til at fleire hallar er under planleggjing.
– Eg håpar det blir fleire. Vi treng 150 for å vere nokolunde på linje med nasjonar vi konkurerer med, legg han til.
– Noko må skje
Per i dag er Norge milevis bak nabolanda Sverige og Finland når det gjeld talet på ishallar. I Sverige har dei over 400 ishallar, medan Finland har nær 400.
Det norske landslaget levert sterke resultat dei siste åra. Sidan 2008 har laget vore i kvartfinalen i VM tre gonger. I tillegg er dei kvalifisert til OL i Sotsji i 2014.
– Eg trur det blir vanskeleg å oppretthalde nivået både på yngre landslag og A-landslag dersom det ikkje kjem fleire anlegg og auka rekruttering, seier landslagssjefen.
Han viser mellom anna til at det berre i Gøteborg er over 40 ishallar, mot fem i Oslo.
– Det er ei konkurransevridning som er vanskeleg å leve med over tid. Vi er nøydde til å komme betre ut av det enn vi har gjort dei siste åra, dersom vi har lyst til å halde oppe rekruttering og vere ein A-nasjon i framtida, seier Johansen.
Vil lære av Norge
Ifølgje ishockeypresidenten vekkjer prestasjonane til det norske landslaget oppsikt i utlandet. Mellom anna har både Sveits og Tyskland teke kontakt for å lære.
I Sveits er det rundt 25 000 registrerte hockeyspelarar, mot 7000-8000 i Norge.
– Det er land som vi har passert på rankinga som lurer på korleis det er mogleg å gjere det så bra med dei små ressursane vi har, seier han.