Hopp til innhold

Lærte trening og ernæring på YouTube – vann 11,5 millionar

Viktor Hovland tok sin andre siger i PGA-touren søndag. Men vegen dit har vore innhaldsrik. No fortel nordmannen om hans eksperiment med nye diettar og treningsplanar.

Viktor Hovland

VANN: Viktor Hovland sette den birdien han måtte og tok sin andre PGA-siger

Foto: Hector Vivas / AFP

Søndag tok Viktor Hovland sin andre siger i PGA-touren. Ein avgjerande birdie på siste hol skaffa han eit flott trofé og 11,5 millionar kroner i premiepengar.

– Eg var veldig letta då putten gjekk i. Det er ein veldig pressa situasjon å senke putt på siste og vinne. Eg var ikkje spesielt roleg der ute. Så det var veldig herleg å setje putten og få det overstått, seier Hovland til NRK.

No fortel Hovland om korleis dette spesielle unntaksåret med korona har gjort han til ein betre golfspelar. Og det inneheld ein del spesielle eksperiment i den tre månader lange pausen tidlegare i år.

– Eg har byrja å ta ernæring og fitness meir seriøst, fortel ein open Hovland.

Eksperimenterte

Mykje tid er blitt brukt på golfbana saman med romkameratar og lagvenner på Oklahoma State. Heldigvis for han og hans golfglade venner, har banene i Oklahoma vore opne gjennom heile korona, og difor føler han ikkje at Covid har påverka han i så stor grad.

Men mykje tid er også brukt heime på sofaen, og det er der han fekk tanken om å prøve noko nytt og skaffe seg ny lærdom.

– Eg såg mykje på YouTube for å lære meir om generell ernæring og fysiologi. Korleis bygge musklar og korleis eg skal ete og trene med tanke på det eg driv med. I staden for å ete få gangar om dagen, så et eg litt oftare, litt meir protein og litt mindre feitt. I tillegg har eg byrja å trene med vekter, i staden for å berre springe som eg gjorde før, fortel han til NRK.

Men før han landa på den oppskrifta, var det fleire andre diettar som vekka interessa hans.

– Eg var inne på nokon trend-diettar, ein del rare ting for å sjå korleis kroppen min ville fungere. Det skjønte eg kjapt at ikkje var noko for meg, fortel han til PGA Tour.

– Korleis diettar var det?

– I Puerto Rico prøvde eg periodisk fasting. Då åt eg ingenting før klokka 13.00, og det gjorde til at eg ikkje hadde ete noko som helst før etter eg var ferdig på bana. Det var ikkje vegen å gå for meg, seier Hovland.

Periodisk fasting er ein måltidsplan som gjer at ein fastar i ein gitt periode i døgnet. Vanlegvis har ein eit etevindauge på åtte timar.

– Kor viktig er ernæring i golf?

– Det er vanskeleg å seie kor mykje det har å seie på spelet, det er mest for min eiga helse sin del, seier han til NRK.

Tett til siste slutt

Det 12. holet gav bogey, og han blei innhenta. Han slo tilbake med birdiar på dei to neste. Deretter kjempa han side om side med Aaron Wise. Men Wise missa birdie på dei to siste hola, dermed var det matchball for Hovland.

Viktor Hovland

YESS: Viktor Hovland kan slå fast at putten er perfekt, og at sigeren er i boks

Foto: Hector Vivas / AFP

Og iskaldt senka han putten og fekk birdien han hadde behov for. Han enda på 20 under par, etter seks under par på avslutningsrunden.

– Eg visste at eg måtte senke putten for å vinne, og eg hadde mista ein litt kort ein på hol 15 som var relativt lik, I tillegg mista eg ein putt på 17 som eg følte at eg hadde gode sjansar for å få i. Så dersom eg hadde missa på 18 så hadde det vore litt surt, seier han.

– Kjende du nokon gong på presset?

– Eg følte ikkje at eg hadde noko press, men blei litt stressa mot slutten. Særleg etter at eg slo eit dårleg andreslag på hol 16 og ikkje sette birdieputten på hol 17. Då trudde eg at sigeren glapp, sa han i sigersintervjuet etterpå.

– Kva vil du seie om spelet ditt?

– Eg har spelt solid i heile helga, men det har gått litt dårlegare på dei ni siste hola gjennom dei fire dagane. Eg visste at eg var med i sigerskampen og måtte berre stole på spelet mitt, sa den sindige nordmannen til Eurosport etter sigeren.

Resultatlista frå turneringa i Puerto del Carmen

Kjemperunde på laurdag

Hovland opna turneringa i meksikanske Playa del Carmen med ein sterk runde med fire slag under par torsdag. Fredag trøbla han litt meir, men enda likevel to slag under par.

Laurdag gjekk han også i leiarballen, og leverte ein kjemperunde. Han opna med ein bogey, men etterpå sat birdiane på rekke og rad. Det enda med åtte under par, tangering av Hovlands personbeste på PGA-touren.

– Vi har fått ein spelar i verdstoppen i ein verdsidrett, slo Eurosports kommentatorar Per Haugsrud og Henrik Bjørnstad fast.

Med 14 under par var han på tredjeplass før den avsluttande runden søndag. Då gjekk han ut til slutt, i leiarball same med Tom Hoge og Emilio Grillo, som låg høvesvis eitt og to slag framfor nordmannen.

Klatrar på verdsrankingen

23-åringen blei ikkje profesjonell før i fjor sommar. Han har allereie ein siger i PGA-touren då han vann Puerto Rico Open i februar i år.

I november blei han den beste golfspelaren i Norden då han klatra til 25.-plass på rankinga. Etter sigeren i Mexico har han no byksa opp på 15. plass, den beste plasseringen ein norsk golfspelar har fått nokonsinne.

Hovland har spela inn over 41 millionar kroner så langt i karrieren og sikra seg gigantiske sponsorkontraktar verdt fleire titals millionar med fleire av dei største bedriftene i verda.

Neste på programmet for Hovland er World Tour Championship i Dubai, som er avslutninga på Europatouren, før ein liten juleferie heime i Noreg. Han har ikkje sett foreldra på snart eitt år.

Kristoffer Ventura deltok også i Puerto del Carmen, men greidde ikkje cuten og fekk ikkje spele dei to siste rundane.

Siste nytt

  • Nosa overstrålte Nusa – assist i debuten da Mechelen spilte 1-1 mot Brugge

    Petter Nosa Dahl debuterte for Mechelen etter overgangen tidligere i uka og leverte assist da laget greide 1-1 borte mot Brugge.

    Nosa Dahl ble leid ut fra Bodø/Glimt til gamleklubben KFUM Oslo før denne sesongen. Han gjorde stor suksess med seks mål og tre assist på 17 kamper, men denne uka solgte Glimt ham til belgiske Mechelen.

    20-åringen startet på benken i Brugge, men kom inn i det 62. minutt. Tre minutter senere leverte han assist til Patrick Pfluckes utligningsmål.

    Joaquin Seys hadde gitt Brugge ledelsen i det 51. minutt, men det ble bare uavgjort for hjemmelaget.

    Brugges norske landslagsspillere Antonio Nusa og Hugo Vetlesen startet begge. De ble byttet ut samtidig i det 80. minutt.

    (NTB)

    Eliteserien i fotball 2024: KFUM Oslo - Brann (0-0)
    Foto: Annika Byrde / NTB
  • Andreas Georgson ferdig som LSK-trener – får assistentrolle i Manchester United

    Svenske Andreas Georgson forlater Åråsen etter bare et halvt år som Lillestrøms hovedtrener. 42-åringen er ansatt som assistenttrener i Manchester United.

    Det opplyser Lillestrøm i egne mediekanaler. Assistenttrener Robin Asterhed overtar inntil videre som hovedtrener.

    Torsdag erfarte både Romerikes Blad og Nettavisen at Georgson var i samtaler med en ny klubb. Sistnevnte skrev senere på kvelden at det dreide seg om Manchester United.

    Ifølge Nettavisen behøvde den engelske storklubben bare å betale en klausul i Georgsons LSK-kontrakt. Den skal angivelig ha vært på rundt fire millioner kroner.

    Den svenske 42-åringen har en fortid i flere engelske klubber. Han har blant annet vært dødballtrener i Southampton, i tillegg til å ha roller i både Arsenal og Brentford.

    I februar forlot Manchester Uniteds dødballtrener Eric Ramsay klubben. (NTB)

    Eliteserien i fotball 2024: Molde - Lillestrøm (3-0)
    Foto: Marius Simensen / NTB
  • Nigerias basketballkvinner reiste 20 mil – fikk ikke plass på båten

    I regnværet under åpningsseremonien var det god plass på mange av båtene som fraktet OL-deltakere, men ikke for Nigerias basketballkvinner.

    Det nigerianske kvinnelaget hadde reist over 20 mil fra Lille, der gruppespillet avvikles, for å være med i åpningsseremonien.

    Vel framme ble de nektet å gå om bord i båten der Nigerias utøvere skulle være med.

    Årsaken var at båten var for full.

    Ifølge nyhetsbyrået AP var det en representant for Nigerias OL-komité som besluttet at det ikke var plass til basketballkvinnene. Skuffet måtte de reise tilbake til Lille.

    Nigeria var på samme båt som Niger og Norge. TV-bildene fra båten viste at det tilsynelatende var en del ledig plass om bord.

    Nigeria spiller sin første OL-kamp mandag mot Australia. (NTB)

    2P-7bT3AJRc
    Foto: AP

Sendeplan

Kl. Program Kanal