Landslagstrenar Mika Kojonkisko
om å kome heim til Finland og jobbe for den finske OL-komiteen fram mot OL i London i 2012 og Sotsji i 2014. Bråthen trur Kojonkoski tek imot tilbodet.Nettradio:
- Ettersom kontrakten går ut etter neste sesong, ønskjer vi ei avklaring om hans framtid før vi går in i komande sesong, seier Bråthen til NRK.
Skiforbundet ønskjer å forlenge kontrakten med Kojonkoski til etter vinter-OL i 2014.
NRKs hoppkommentator Arne Scheie er imponert over det Kojonkoski har fått til som landslagssjef for dei norske hopparane.
- Han har fått til utrulege resultat. Hugs at etter 2002-sesongen låg norsk hoppsport med broten rygg. Så kom finnen og har klart å få norske hopparar til to hoppveke-sigrar, til OL-gull, fire VM-gull i skiflyging og 35 renn i verdscupen. Det er heilt imponerande kva denne mannen frå Kuopio har fått til, seier Scheie.