Hopp til innhold

Vil ha slutt på soloutspel i AaFK

Det har storma kring AaFK i årets sesong, og styret og styreleiar har blitt kalla usynleg. No pratar styreleiar Kjell Tennfjord ut om bråket.

Kjell Tennfjord og Reidar Tryggestad

Kjell Tennfjord (t.v.) er styreleiar i AaFK. Han er klar på at ambisjonane i klubben framleis er til stades. Her er han saman med æresmedlem og investor i AaFK, Reidar Tryggestad.

Foto: Arne Flatin / NRK

Kjetil Rekdal klagar over dårleg samarbeid med leiinga, spelarar vil vekk, og den mykje omtalte spissen har late vente på seg.

Varierande resultat

Det har hangla litt i Aalesunds Fotballklubb gjennom store delar i 2012. Ambisjonsnivået før sesongen var skyhøgt, der aviser tippa AaFK på topp tre. Trenar Kjetil Rekdal gjekk sjølv ut og sa at 2012 ville bli ein god sesong.

Rekdal tok derimot eit atterhald, og det var at den svært så mykje omtalte 10-millionarsspissen kom på plass. Spissen har framleis ikkje funne vegen til Ålesund og Color Line Stadion.

Sesongen har, for AaFK-supporterar og klubben sjølv, vore ein nedtur. Tidleg cup-exit mot 1. divisjonslaget Sandefjord, svært varierande resultat i Eliteserien, og mykje murring internt.

Totalt kaos i november

Det er allereie klart at AaFK endar på nedre halvdel i Eliteserien 2012.

Sist veke gjekk ein frustrert Kjetil Rekdal hardt ut i Sunnmørsposten. Han fortalte at han følte seg overkøyrt av klubbleiinga og Henrik Hoff, og han kravde meir innverknad.

Bjarne Haagensen

Bjarne Haagensen har vore ute i media og kritisert Kjetil Rekdal. Onsdag gav han klare signal på at superspissen mest truleg er klar innan 14 dagar.

Foto: Knut Falch / Scanpix

Avisa i Ålesund har følgt kaoset svært tett, og i ein kommentar meinte Sunnmørsposten-journalist Helge Skuseth at styret i AaFK måtte kome på banen snarast råd.

Amund Skiri har klaga over lite «go» og dårleg stemning blant spelarane. Bjarne Haagensen har «kjefta» litt på Rekdal, og AaFK-trenaren har svara dei begge to.

Til NRK gjekk kommunikatør Sven Giske ut og meinte at AaFK mista meir og meir omdømme og godvilje.

Saka toppa seg onsdag ettermiddag, då supporterklubben Stormen gjekk ut i ei pressemelding. Både Rekdal, Haagensen og AaFK-styret fekk kritikk, og supporterane omtala alt kaoset som «svært uheldig».

– Ambisjonane er der framleis

Klubbdirektør Henrik Hoff har vore svært tydeleg, i alle år, på at han vil ta ting internt. Kjell Tennfjord er òg klar på at ting bør takast internt, men stilte til eit lengre intervju med NRK.no.

– Som styreleiar i klubben må eg få presisere, om nokon tvilar, at klubben sin langsiktige ambisjon framleis er å hevde seg i toppen av norsk toppfotball, byrjar Tennfjord.

Styreleiaren fortel at alt oppstyret den siste tida blir tatt internt.

– Klubben jobbar med ei evaluering for 2012. Denne skal presenterast i klubbstyret og i styret til aksjeselskapet etter sesongslutt.

– Når konklusjonane frå styremøtet ligg føre, så vil vi gå ut og orientere media og andre. Vi vil at evalueringa skal gjerast på ein ryddig og profesjonell måte.

Tennfjord vil ikkje kommentere Kjetil Rekdal sine utspel. Han vil heller ikkje uttale seg om kva som no skal gjerast for å gjenopprette delar av harmonien.

– Ein kvar profesjonell og ryddig organisasjon ønskjer å ta ting internt. Det offentlege skal få informasjonen når den er klar.

– Ikkje når media er klar, seier Tennfjord, som startar roleg, men opnar meir opp utover i intervjuet ...

Saka held fram under bildet.

Kjetil Rekdal på plass i AaFK sammen med Bjarne Haagensen, Henrik Hoff og Torill Hole Standal

Her blir Kjetil Rekdal presentert som AaFK-trenar. F.v.: Bjarne Haagensen, Henrik Hoff, Kjetil Rekdal og Torill Hole Standal.

Foto: Aina Rødal / NRK

Meiner klubben blir kontinuerleg evaluert

Tennfjord forstår svært godt at både supporterar og andre rundt klubben blir utolmodige, når alt ser ut som kaos utanfrå.

– Det er ein del av den menneskelege psyka. Eg las Stormen sitt innspel i går, og eg forstår fullt ut at både dei og andre i omgivnadene er utolmodige.

Stormen sa òg at dei ønskte seg ein sportsleg leiar for å binde trenar og styret saman.

– Dette blir organisatoriske grep. Korleis organisasjonen er bygd opp er ei intern sak, som for så vidt er uavhengig av situasjonen vi no er i.

– Uavhengig av 2012-sesongen, så blir ein kvar organisasjon evaluert kontinuerleg. Organiseringa i går og for eitt år sidan må kanskje vere annleis i morgon. Men no pratar eg generelt, ikkje ut frå ein gitt situasjon som i AaFK, seier Tennfjord.

Kjell Tennfjord

Kjell Tennfjord har sjølv ei fortid som fotballtrenar. Her frå tida i Brann, då han sjølv stod oppe i ein storm.

Foto: JERRY LAMPEN / REUTERS

Korleis halde på stjernene?

Jason Morrison har uttalt at han ønskjer seg vekk frå AaFK. Michael Barrantes har hinta om det same

– Kva tenkjer du om slike utspel frå to av AaFK sine viktigaste spelarar?

– Det har eg eigentleg eit avslappa forhold til. Vi ser det som positivt at våre spelarar har ambisjonar om å spele i større ligaer, seier Tennfjord.

– Dei har uttalt at dei meiner AaFK manglar ambisjonar. Korleis skal ein forsikre spelarar om at satsinga skjer raskt nok?

– Det er vanskeleg å svare konkret på. Men det er positivt at spelarar har ambisjonar, og om nokre viser seg gode nok for større ligaer, så skal vi la dei få ta den utfordringa. Det er berre ei god tilbakemelding til AaFK og måten ein jobbar på. Sjå Anders Lindegaard for eksempel, det er god reklame for AaFK.

– Men slik eg les det så er det i hovudsak AaFK sine ambisjonar som gjer at visse spelarar ønskjer seg vekk?

– Jau, men no trur eg du tolkar. Det skal ein vere forsiktig med. Det er vel journalisten sitt privilegium, å tolke, men dette er ikkje så lett, meiner Tennfjord.

Kan ikkje love spiss innan 14 dagar

Onsdag gjekk Bjarne Haagensen (leiar for Ålesund Fotball AS) ut og lova at den mykje omtalte spissen skulle vere på plass innan 14 dagar.

– Står klubben og styret inne for dette utspelet frå Haagensen?

– Det er den sportslege administrasjonen som jobbar med dette. Men vi veit at ting kan gå fort, men det kan òg ta lenger tid. Vi håper sjølvsagt det vil skje fort, men det skal gjerast ryddig. Det verste som skjer no er at vi bommar!, meiner styreleiaren i Aalesunds Fotballklubb, som i tillegg meiner Haagensen tok eit visst atterhald.

– Er det då dumt at nokon i AaFK, i dette tilfellet Haagensen, går så høgt ut – igjen?

– Det har eg ingen kommentar til. Det er ei kjensgjerning at vi jobbar med ny spiss, samtidig som det er ei utfordring økonomisk.

– Dei som er gode er dyre. Dette dilemmaet er det både vi og andre klubbar på nivået står midt oppe i.

Saka held fram under bildet.

Henrik Hoff

Klubbdirektør har blitt skulda for å vere litt for forsiktig i leitinga etter superspissen.

Foto: Terje Reite / NRK

Tek «for forsiktige» som eit kompliment

Det blir sagt at AaFK ikkje tør å ta sjansen, og at dette er ein stor del av grunnen til at spissen framleis ikkje er i hus.

– Det er mogleg at AaFK er for forsiktige, men alle som jobbar med risiko veit at det er samanheng mellom potensiell avkastning og risiko.

– Ein kan vere heldig, men ein kan òg vere uheldig med høg risiko. Det å bli skulda for å vere «for forsiktige» kan vere eit kompliment. Spesielt når ein disponerer andre sine pengar!, seier Tennfjord til NRK.

– Viktig med perspektiv

Tysdag sa Sven Giske i Gneisen Kommunikasjon AS at: – Aalesunds Fotballklubb snart er tomme for omdømmekapital.

Med det meint at det gode omdømme, og given frå tidlegare år, blir tæra meir og meir vekk.

– Ting går opp og ned. Ein må hugse at AaFK har gjort ein kjempejobb i mange år. Det går ikkje utelukkande oppover, seier Tennfjord.

Han meiner årets sesong ikkje er ei så stor krise som mange vil ha det til.

– Ser vi på sesongen i fjor, så blei vi nummer 9. No ligg vi på 11. plass, og slik eg ser det blir vi 9. 10. eller 11. Tek ein vekk cupfinaletriumfen så er ikkje det så stor forskjell på sesongane. Der er perspektivet viktig.

– Årets Eliteserieplassering er like dårleg som i fjor, meiner du?

– Det sa eg ikkje, flirer Tennfjord. Eg sa at det er same nivå plasseringsmessig. Men her er vi inne på ambisjonar, og då må vi tenkje på andre klubbar òg.

Rekdal

Kjetil Rekdal har vore høgt og lågt i år. I eigen sjølvbiografi avslørte han lysta til å bli landslagstrenar. I AaFK 2012 har det blitt mest kaos.

Foto: Bertinussen, Rune Stoltz / NTB scanpix

Vil kjempe med «topp fem»

For Tennfjord meiner alle klubbar sjølvsagt vil vere i toppen.

– Det er ei kjensgjerning at dei største, det vil seie dei med mest kapital, er best over tid. Vi har fire store tradisjonelt i Noreg, i Brann, Rosenborg, Viking og Vålerenga.

– Dei siste åra har Molde kome seg inn blant det eg no definerer tom «topp fem».

Han meiner det er ei utfordring å konkurrere mot desse, spesielt med lågare budsjett.

– Men dette er ei kjempeutfordring som vi sjølvsagt tek, slår Tennfjord fast.

– Tyngre og større fall

Dei høge ambisjonane før årets sesong gjorde fallhøgden større, meiner styreleiaren i AaFK.

– Er ein for defensiv så får ein kritikk for det. Er ein offensiv, så er alle fornøgde, men fallet er både tyngre og større.

– Og så er kritikken på plass med éin gang. Men dette er eg komfortabel med. Det er ein del av fotballen, og noko som skaper engasjement og spenning.

Saka held fram under bildet.

Henrik Hoff og Kjetil Rekdal

Henrik Hoff og Kjetil Rekdal er langt får alltid einige profesjonelt. 9. november gjekk Rekdal ut og sa at han følte seg overkøyrt.

Foto: Yttri, Tor / NTB scanpix

Vil ha éi felle stemme, ikkje soloutspel

I artikkelen om Aalesunds Fotballklubb sitt omdømme, meinte Sven Giske òg at AaFK burde sjå mot Molde. Der blir media «brukt» langt mindre, meinte Giske.

Tennfjord meiner AaFK kan bli mykje flinkare til å vere einige – også offentleg.

– Eg har sagt det heile tida, at eintydig kommunikasjon er alfa og omega. Ein kan gjerne ha det høgt under taket «heime», og prate så fillene fyk, men ut bør vi vere eintydige.

Han meiner mange soloutspel gjer ting vanskeleg.

– Blir det to, fire eller fem stemmer ut, så gjer vi det vanskeleg for oss sjølve.

– Det er lett å vere einige internt, men det er vanskelegare å formidle einigheita om mange skal formidle det.

– Men kvifor er ikkje dette allereie på stell i ein så stor klubb som AaFK?

– Dette er ei klar utfordring for AaFK, og noko vi må jobbe med. Dette er ein del av evalueringa, fortel Tennfjord.

Bjarne Haagensen, Henrik Hoff og Kjetil Rekdal

Haagenen, Hoff og Rekdal: Tre framtredande skikkelsar i AaFK dei siste åra.

Foto: Aina Rødal / NRK

Spark til media

Samstundes som han sjølv og AaFK-styret har blitt kalla usynlege, og negative saker har florert, sparkar styreleiaren litt tilbake.

– Media har blitt veldig tabloidisert. No kommenterer eg ikkje Kjetil Rekdal og AaFK i media, men sportsjournalistikken generelt.

Han meiner media malar eit bilde som er svart og kvitt, utan nyansar.

– Det var som Jonatan Tollås sa: Når ein er roleg, så blir det skrive at ein er opphissa.

– Media har ein veg å gå. Men dei som skrik høgst får vel flest lesarar, trur Tennfjord.

– Korleis er det då, når du som styreleiar, les tabloide saker? Har du lyst å gå ut og seie «DET ER IKKJE SLIK!», samstundes som du ikkje kan gjere det?

– Det er kanskje ein tanke, ja ... Men no er det vel slik at de journalistar ikkje ønskjer éi stemme utad. For det blir vel kjedeleg?, avsluttar Tennfjord, som slår fast at den endelege evalueringa blir presentert etter siste serierunde.

Kva tenkjer du om det Kjell Tennfjord seier? Sei meininga di i kommentarfeltet under!