NRK Meny
Normal

– Aalesunds Fotballklubb er snart tomme for omdømmekapital

Kjekling utad, misfornøgde spelarar og usemjer. Aalesunds FK går ikkje 100 prosent på skinner. – Heile organisasjonen må stå bak om ein skal snu trenden, meiner kommunikatør Sven Giske.

Henrik Hoff og Kjetil Rekdal

Henrik Hoff (t.v.) og Kjetil Rekdal er to framståande skikkelsar i Aalesunds FK. Det er ikkje alltid praten dei imellom blir tatt internt.

Foto: Yttri, Tor / NTB scanpix

– Eg er veldig oppteken av omdømmekapitalen til organisasjonar, fordi omdømme påverkar oppfatninga til dei ulike målgruppene, byrjar Sven Giske.

Han er dagleg leiar i Gneisen Kommunikasjon i Ålesund. Målgruppene for AaFK er spelarar og tilsette, publikum, og sponsorar og investorar.

– Det er svært viktig at desse gruppene har eit godt bilde av Aalesunds Fotballklubb som organisasjon.

– Det er desse som skal sikre eksistensen til klubben. Utan publikum, spelarar, sponsorar og investorar er ikkje AaFK noko. Det må dei vere bevisste på, meiner Giske.

Og i augneblinken meiner han omdømmet til klubben fell meir og meir.

Sven Giske

Sven Giske, dagleg leiar i Gneisen Kommunikasjon AS, meiner AaFK sitt omdømmeproblem veks.

Foto: Gneisen Kommunikasjon AS

Media er eit siste maktmiddel

– Mange spør om omdømme er viktig. Og ja, det er viktig for både drift og økonomi.

– Dersom publikum uteblir, sponsorar og investorar heller brukar pengar på andre ting, tilsette finn seg andre jobbar, eller spelarar går til andre klubbar er det ikkje bra. Då vil ikkje AaFK prestere så godt som dei kunne gjort dersom omdømmet var godt og målgruppene hadde eit godt bilde av klubben, utgreiar kommunikatoren.

Han meiner folk i klubben brukar media som eit maktmiddel.

– Den interne kommunikasjonen har mykje å seie for omdømmet til ein klubb. Men om det ikkje finst klare reglar, kanalar og bodskap internt, så blir det vanskeleg å prate med éi stemme utad.

– Den uformelle kommunikasjonen blir gjeldande, der spelarar og trenarar går ut i media for å klage, seier Giske, som synest AaFK for tida ser ustrukturert ut.

Parallellar til Molde

Kjell Tennfjord og Reidar Tryggestad

Styreleiar i AaFK, Kjell Tennfjord, har vore ute i media og sagt at kjekling må takast internt.

Foto: Arne Flatin / NRK

Ei enkel samanlikning er nabo og fylkesrival Molde.

– Det ein ser i Molde og i Solskjær, som er eit glimrande eksempel, er at ting ikkje er tilfeldig. Ned til minste detalj skal det kommuniserast med den same stemma.

– Der finst det nok kanalar, rike kanalar, der ein kan diskutere og ta opp ting, trur Giske.

Han fortel vidare at han er uroa over situasjonen i den største fotballklubben på Sunnmøre.

– Og det synest eg AaFK òg bør vere. Vi skal ikkje mange månadene tilbake i tid før styreleiar Kjell Tennfjord sa at han ikkje ville sjå negative oppslag i media. Og det er eit leiingsansvar å sjå til at det finst ein stad for å ta opp ting internt.

Saka held fram under bildet.

Solskjær etter Molde-gull

Molde og Ole Gunnar Solskjær blir trekt fram som ein klubb med godt omdømme, der kommunikasjonen ut og inn er god.

Foto: Ekornesvåg, Svein Ove / NTB scanpix

– Positive og negative innskot

Samstundes er fotball underhaldning. Dersom AaFK kjempa i toppen, samstundes som det kom saftige sitat i media, kunne det plutseleg vore ein suksessfaktor.

– Det er ikkje heilt feil. Omdømme og omdømmekapital er sentralt.

– Ein kan sjå det som pengar i ein bank, på ein konto. Positive innskot er mellom anna resultat, som cupgull og Europa-spel, seier Giske.

Når det likevel er utblåsingar i media og kjekling, samstundes som resultata er dårlege, blir det negativt.

– Då har ein ikkje sportslege resultat å skjule seg bak. Intern strid, medieoppslag, og slitasje på spelarar som klagar si naud blir negative innskot.

– Rekdal kan ikkje snu trenden åleine

Kjetil Rekdal

Sven Giske i Gneisen Kommunikasjon trur ikkje Kjetil Rekdal kan snu AaFK åleine.

Foto: Svein Ove Ekornesvåg / NTB scanpix

Og no meiner Giske at kapitalkontoen til AaFK byrjar å bli tom.

– Sidan 2003 har det vore mange oppturar. Opprykk, sportslege oppturar, lidenskap og engasjement. Men no slår det sprekkar i fasaden.

Han meiner AaFK kan lære av Molde og Solskjær på området.

– Solskjær er nok heilt sikkert sint til tider, men han held det inne seg og internt. Han er bevisst på kva bodskap som skal bli kommunisert både innad og utad.

– Og akkurat det er veldig viktig. Både organisasjonar og leiarar kan lære av det.

– Korleis han AaFK no rette opp inntrykket og skadane gjort på omdømmet?

– Eg såg Rekdal uttale at han kan snu situasjonen, seier Giske, før han held fram:

– Eg trur ein må ha med seg heile organisasjonen om ein skal snu trenden. Eg trur leiinga må vere synleg internt, legge planar og gjere det heilt klart kva ein vil. Kva ein vil oppnå, og kva ein vil kommunisere utad. I tillegg må der vere takhøgd for open kommunikasjon internt, avsluttar Giske.

Meiner du AaFK har fått eit større og større omdømmeproblem? Og korleis han klubben løyse det? Sei meininga di i kommentarfeltet under.