Hopp til innhold

Kathy «Whit» Whitworth er død – topp to i 183 turneringar

Ingen vann fleire LPGA-turneringar enn ho. Kathy Whitworth er død, 83 år gammal.

Kathy Whitworth

MEISTER: Ikkje mindre enn 88 gonger på LPGA-touren kunne Kathy Whitworth løfte pokalen

Foto: Joe Holloway Jr. / AP

Frå proffdebuten i 1962 til 1985 gjekk «Whit» til topps i 88 LPGA-turneringar. Pluss på ein turneringssiger på europatouren og ni andre turneringar, kjem du klos opp til hundre sigrar for golfspelaren frå Texas. I tillegg kom ho på andreplass i 95 turneringar.

Topp to 183 gonger. Stikk den!

Kathy Whitworth var fødd småbyen Monahans, og vaks opp i Jal i New Mexico der faren var jernvarehandlar. Ho tok ikkje til å spele golf før ho var 15 år, med bestefaren sine golfkøller på i 9-holsbane i nærleiken. Men ho viste seg raskt som eit stortalent, derfor gjekk karrieren raskt oppover.

– Då eg tok til å prøve å spele golf, blei eg biten av basillen med det same. Eg elska det frå første stund, sa ho i eit intervju med Golf Digest.

Kathy Whitworth

BUNKER: Også «Whit» hamna i sanden av og til, men var ein meister til å spele seg ut av gropene

Foto: Horace Cort / AP

Nær ved å gi opp etter tung start

I 1957 gjekk ho heilt til topps i amatørmeisterskapen i New Mexico, og gjentok det året etter. Deretter blei ho profesjonell, 19 år gammal.

Starten var ikkje så bra. I «rookie-sesongen» brukte ho gjennomsnittleg 80,3 slag på kvar turnering. Dei fleste banene har 72 som par. Det gav henne berre 1217 dollar i total premie, og ho var på grensa til å gi opp.

Men det gjorde ho ikkje, og golf-livet hennar skulle sakte, men sikkert bli historisk. Faren, saman med nokre andre lokale forretningsfolk, sponsa henne med 15.000 dollar årleg i starten, då ho ikkje vann noko, og sleit med å ha råd til å spele.

– Du får tre år. Om du ikkje kjem nokon veg då, kan du kome heim att, så skal vi finne noko anna du kan gjere, sa faren.

– Det tok presset av meg, sa Kathy Whitworth.

Ho sa også at ho var glad for at ho ikkje kom lett til suksessen i starten av karrieren, men måtte jobbe seg fram.

– Det gjorde at eg var klar for det då eg endeleg gjekk til topps, sa ho. – Du må lære korleis det er å vinne og tape. Det gjer du ved å prøve og feile.

Det skulle gå over to år før ho vann sin første profesjonelle tittel, The Kelly Girls Open i 1962. Så balla det på seg.

Seks major-titlar

«Berre» seks gonger gjekk ho til topps i ei major-turnering. Den første var Titleholder's Cup i Augusta i november 1965. Der var ho fullstendig overlegen, ti slag betre enn nummer to, og to slag betre enn banerekorden.

Whitworth med sin første major-pokal

DEN FØRSTE: Whitworth med sin første major-pokal, Titleholder's Cup, i 1965, som ho vann med ein sigersmargin på ti slag

Foto: Anonymous / AP

Sjølv om dette var hennar første major, var det hennar 19. siger i LPGA, og den åttande berre den sesongen. Ho skulle også forsvare tittelen i denne turnering sesongen etterpå.

Tre gonger vann ho også LPGA PLayers Championship, i 1967, 1971 og 1975. I 17 strake sesongar vann ho minst ei turnering, og i sju sesongar vann ho sju eller fleire turneringar.

– Ho var ekstremt ambisiøs, og aldri nøgd med noko «nesten». Frå hundre yards var det ikkje nok å prøve å slå ballen nær holet, ho var ikkje nøgd om ho ikkje trefte det, sa Greg Sheridan, hennar caddie i mange år.

Frå 1966 til 1972 blei ho LPGAs beste spelar i seks av sju år, og fekk naturleg nok plass i golfens Hall of Fame.

Tapte sparepengane etter konkurs og svindel

I 1981 blei ho den første kvinna som passerte ein million dollar i innspela premiepengar. Det var etter det ho gjorde sin store tabbe: Ho investerte alle sparepengane sine i eit firma i California. Fem år etterpå gjekk det konkurs. Direktøren blei dømd for storstila svindel og underslag, men det gav ikkje Whitworth pengane tilbake.

Nesten blakk måtte ho derfor jobbe som instruktør og halde foredrag for å tene til livsopphaldet.

Kathy Whitworth

KARRIERE: Kathy Whitworths profesjonelle karriere strekte seg frå 1959 til 2005

Foto: Jim Bourdier / AP

Den 88. og siste turneringa ho vann, var Bank Classic i Virginia i mai 1985. Men ho la ikkje opp for det.

I 1990 blei ho kaptein på USAs lag i den aller første tøygåva av Solheim Cup, konkurransen mot Europe, og med namn etter nordmannen Karsten Solheim. Kampen gjekk i Florida, og Whitworth leia USA til ein klar siger.

Ho var vald til kaptein også i den neste konkurransen, i Skottland. Men like før turneringa skulle starte, fekk ho telefon om at mora var død, og reiste heim.

USA tapte nesten like klart som dei vann året før.

– Eg skulle aldri reist dit i det heile, og tek fullt ansvar for at vi tapte, sa ho til golf.com.

Først i 2005 spela ho si siste turnering i Women's Senior Golf Tour. Då var Karhy Whitworth blitt 66 år gammal.

I dag er alle hennar 88 trofé utstilt i eit klubblokale ikkje langt frå Dallas, der ho budde. Etter karrieren reiste ho rundt og trena og inspirerte unge og gamle golfarar. Målet var ikkje berre å gjere dei best mogeleg til å vinne turneringar, men til å ha det moro med golfen.

– Det viktigaste er at du likar deg sjølv, sa ho.

Siste nytt

  • Tyskland utelukker OL-boikott selv hvis Russland får delta

    Det tyske olympiske idrettsforbundet (DOSB) vil ikke boikotte OL i Paris, selv hvis russiske og belarusiske idrettsutøvere får delta.

    – Et tysk lag vil konkurrere, vi utelukker en boikott på grunn av generelle bekymringer, sa DOSB-president Thomas Weikert i et intervju med den tyske mediegruppen Funke.

    Den internasjonale olympiske komité (IOC) skal fra tirsdag holde et tredagers styremøte for å diskutere retningslinjer for hvordan de skal håndtere russiske og belarusiske idrettsutøvere i fremtiden.

    De har blitt utestengt fra de fleste store idrettsarrangementer siden starten av den russiske invasjonen av Ukraina for over 13 måneder siden.

    IOC ser nå på muligheten for at de kan komme tilbake under nøytralt flagg under neste års OL i Paris. IOC-president Thomas Bach har sagt at ingen skal diskrimineres på grunn av pass eller fødeland.

    Mer enn 30 land, inkludert Norge, ba nylig IOC om å opprettholde forbudet.

    DOSB kunne foreløpig ikke forestille seg at russiske og belarusiske idrettsutøvere skal få delta igjen, sa Weikert. (NTB)

    IOC Russia Olympics
    Foto: Denis Balibouse / AP
  • Målfest for Wild – Zuccarello med assist

    Minnesota Wild slo Seattle Kraken 5–1 natt til tirsdag og forlenget poengrekken til tolv kamper på rad.

    Mot Kraken sendte Jack Middleton Wild i ledelsen allerede i første periode da han satte pucken i mål etter 15 minutter med spill.

    I andre periode og fortsatte festen for Wild, og Matt Boldy sørget for å øke ledelsen med ytterligere to mål.

    Boldy ble kampens helt, da han også i tredje periode dunket inn et mål for Wild, og sendte de opp i en 4–0 ledelse mindre enn ett minutt inn i perioden.

    Med assist fra Mats Zuccarello tok Ryan Hartman Wild videre opp til 5-0, før Kraken fikk sitt eneste mål i kampen.

    Kampen endte med en komfortabel seier for Wild med 5–1. Før kampen hadde Wild tatt poeng i elleve kamper på rad. Med seieren forlenget de den rekken.

    Mats Zuccarello fikk vel 18 minutter på isen for Wild i tirsdagens kamp. (NTB)

    Kraken Wild Hockey
    Foto: Craig Lassig / AP
  • Sverige-sjefen stormet ut av intervju: – Dere snakker dritt

    De svenske fotballherrene vant oppskriftsmessig 5-0 hjemme mot Aserbajdsjan i den andre runden i EM-kvalifiseringen mandag kveld.

    Etter kampen ble det likevel svært dårlig stemning i Viaplays fotballstudio, hvor Sveriges landslagstrener Janne Andersson var på besøk.

    – Dere snakker dritt etter en 5-0-seier. Det er så dårlig, tordnet han.

    Andersson slo spesielt hardt tilbake mot fotballekspert Bojan Djordic etter å ha fått spørsmål om hvorfor ikke Jesper Karlsson fikk spille mer.

    Krangelen eskalerte videre, hvor Djordic fortalte Andersson at «du representerer ti millioner mennesker». Treneren svarte med å spørre «hvem representerer du?».

    – Sverige så klart, svarte Djordic.

    Han er født i Serbia, men er oppvokst i Sverige og har representert landet på U21-landslaget.

    – Forsøker du å si at jeg burde spilt for Serbia? spurte han Andersson, som til slutt forlot intervjuet.

    RB Leipzig-spiller Emil Forsberg scoret 1-0 i første omgang, før et selvmål fra gjestene sørget for 2-0 etter 65 minutter.

    Med ti minutter igjen la Viktor Gyökeres på til 3-0, før Jesper Karlsson og Anthony Elanga scoret 4-0 og 5-0 helt på tampen.

    Dermed fikk Sverige en solid opptur etter 0-3-tapet mot Belgia i forrige kvalifiseringskamp.

    De øvrige resultatene i mandagens EM-kvalifiseringskamper:

    Nederland 3-0 Gibraltar, Polen 1-0 Albania, Moldova 0-0 Tsjekkia, Østerrike 2-1 Estland, Ungarn 3-0 Bulgaria, Montenegro 0-2 Serbia.

    UEFA EURO 2024 Qualifiers - Group F - Sweden v Belgium
    Foto: TT NEWS AGENCY / Reuters

Sendeplan

Kl. Program Kanal
Sport
Spiller nå
Nektet å prate om Haaland - så skjedde dette 01:00
Neste