Hopp til innhold

Ingebrigtsen ut mot RBK-ambisjonar: – Kan øydelegge klubben

Oostende-trenar Kåre Ingebrigtsen har ikkje mykje til overs for at Rosenborg-leiinga går høgt ut med meisterliga-ambisjonar.

Milan - Rosenborg 1996

PÅ TOPPEN: Rosenborg jublar hemningslaust etter 2–1 over Milan på San Siro i 1996. Dagens klubbleiing lever framleis i ei 90-talsverd, meiner Kåre Ingebrigtsen

Foto: Gorm Kallestad / NTB scanpix

Ingebrigtsen fekk sparken i Rosenborg i fjor, og etter å ha inngått forlik med gamleklubben, er han no på plass i sin nye klubb i Belgia.

Men han har stadig klare meiningar om dei svarte og kvite.

Biletet om at dei skal inn i meisterligaen, må dei legge bort. Om dei ikkje gjer det, kan dei øydelegge klubben totalt, seier Ingebrigtsen til NRK.

– Kvifor?

– Det økonomiske skiljet mellom mellomsjiktet og dei store klubbane blir berre større og større, seier Ingebrigtsen.

Kåre Ingebrigtsen

BELGIA: Kåre Ingebrigtsen er på plass i sin nye klubb i Belgia, men han har stadig klare meiningar om gamleklubben.

Foto: Harald Thingnes / NRK

Han viser til at til og med FC København ligg langt etter Anderlecht og Brugge i økonomiske musklar.

– Kva konkret meiner du med at det er skadeleg for RBK å kjempe om ein meisterligaplass?

– For spelarane er det eit press eg ikkje synest du skal leggje på dei. For om Rosenborg går inn i meisterligaen så må det, på dette tidspunkt, vere det største som nokosinne har skjedd i norsk fotball. Så viss du kjem inn i europaligaen, er det ein utruleg bra prestasjon. Og eg trur det er meir enn nok press på spelarane å komme inn i Europa, seier Ingebrigtsen.

– Hårete mål

– Du kan seie at ein skal ha hårete mål, men eg trur ikkje målet er så veldig oppnåeleg slik som det er no. Og om nokre år trur eg det er heilt stengt, for då blir meisterligaen ei stengd turnering for dei 7–8 beste nasjonane, seier Ingebrigtsen.

Ingebrigtsen meiner Rosenborg-leiinga lever i ein 90-talstankegang: «Vi var der på 90-talet, og då skal vi sjølvsagt dit igjen».

– Men det har skjedd ein del sidan 90-talet.

– Var Europa-suksessen då ein hemsko for utviklinga vidare?

– Ja, iallfall når leinga pratar om det. Det er ingen vits i at leiarane snakkar om CL dersom ingen i garderoben trur på det.

Ambisjonar

– Skal ikkje ein klubb som Rosenborg har ambisjonar?

– Ja, det er klart. Og det er ein kjempeambisjon å spele i europaligaen. Du møter gode lag. Vi var der i fjor og møtte Leipzig og Salzburg. Det er vanskeleg nok å kome seg inn der.

– Det som Nils Arne (Eggen) og Bjørn (Hansen) skapte med Rosenborg er ein fantastisk arv å ta med seg, og det er viktig for klubben at det ikkje blir ein hemsko.

– Europaligaen ingen nedtur

Rosenborg seier i ein sms til NRK at dei ikkje vil kommentere Kåre Ingebrigtsens utspel. Men sportsleg leiar Stig Inge Bjørnebye svarar generelt:

– Vi prioriterer meisterligaen så lenge vi er med der, men det er ingen nedtur å spele i europaligaen. Det spissar seg til i toppen i europeiske fotball, og det blir tøffare og tøffare nivå også i kvalifiseringsrundane. Å få spele i gruppespelet i ein av dei to europeiske ligaene, er attraktivt uansett, seier Bjørnebye.

Rosenborg trekte nord-irske Linfield i første kvalifiseringsrunde i meisterligaen, og han har trua på at klubben kan gjere det godt.

– Sigrane mot Brann i Bergen og mot Vålerenga på Lerkendal var viktige, og det gir ro inn mot kvaliken, seier han.

– Vi kjenner godt til Linfield og den nord-irske fotballkulturen, og skal også studere klubben i eit par kampar, seier Bjørnebye.

Siste nytt

  • Fire argentinske fotballspillere arrestert for voldtekt

    Fire profesjonelle fotballspillere i Argentina ble mandag pågrepet for å ha voldtatt en kvinnelig sportsjournalist på et hotellrom tidligere denne måneden. Den 24-år gamle kvinnen sier hun ble med på et hotellrom med en av dem, sovnet, og ble voldtatt, melder AFP.

    Toppklubben Velez Sarsfield har suspendert de fire og satt i gang en intern etterforskning.

  • Tidligere Brann-profil dropper skjebnekamper – nå beklager han til lagkameratene

    Tidligere Brann-spiller Robert Taylor skapte irritasjon da han takket nei til å spille for Finland i torsdagens EM-skjebnekamp mot Wales. Nå forklarer han seg.

    Taylor, som også har en fortid i Tromsø, spiller til daglig sammen med superstjernen Lionel Messi i Inter Miami.

    Kampen mot Wales er semifinale i omspillet i nasjonsligaen.

    – Jeg har stor tro på at Finland i disse svært viktige kampene trenger spillere som er hundre prosent i form, slik at vi forhåpentligvis kan sikre oss en plass i EM. Det hadde vært egoistisk av meg å ta denne muligheten fra en annen spiller, skriver Taylor på Instagram.

    – Fordi dette var en svært vanskelig avgjørelse å ta, tok det lengre tid enn forventet å komme fram til denne løsningen. Jeg vet at det har satt laget i en utfordrende situasjon, så jeg vil be om unnskyldning til lagkameratene og trenerne mine, legger han til. (NTB)

    Taylor
    Foto: AP
  • Konow med sammenlagtseier i verdencupen i telemark

    Kaja Bjørnstad Konow tok sammenlagtseieren i øvelsen klassisk distanse i verdenscupen i telemark mandag.

    Det var Konows første sammenlagtseier i verdenscupen.

    Den norske profilen tok annenplassen i mandagens avslutningsrenn i franske Pra Loup. Det holdt til å ta verdenscupkula hjem til Norge.

    Konow vant med 30 poeng ned til franske Augustine Carliez, og hadde 76 poeng til en annen fransk løper, Laly Chaucheprat, på tredjeplassen.

    Gøril Strøm Eriksen sørget for en god norsk dag mandag med tredjeplass i avslutningsrennet.

    På herresiden er Trym Nygaard Løken tilbake for fullt i verdenscupen. Han tok seieren i herrenes renn og var 1,9 sekunder foran franskmannen Elie Nabot.

    Jacob Alveberg kjørte inn til femteplass. (NTB)

    Kaja Bjørnstad Konow
    Foto: Stian Lysberg Solum / NTB

Sendeplan

Kl. Program Kanal