Sportsnyheter

Siste nytt

  • OL-vinner Graabak skal bli far

    Kombinertutøver Jørgen Graabak skal bli far til en gutt til våren. Vinter-OL i Beijing blir ikke påvirket, sier han.

    Det bekrefter han overfor Adresseavisen. Han venter barn med kjæresten Ida Bekken.

    Graabak vant OL-gull i Sotsji i 2014. Da ble det også gull i lagkonkurransen. I Pyeongchang i 2018 ble det OL-sølv i lagkonkurransen.

    Jørgen Graabak
    Foto: Ole Martin Wold
  • OL-elden tent i Hellas

    OL-elden vart tend i Olympia i Hellas, og no startar turen til vinter-OL i Beijing i februar.

    Dei 24. vinterleikane i den kinesiske hovudstaden går frå 4. til 20. februar neste år.

    OL-elden vart tend med ei lupe og av sollyset under den tradisjonelle seremonien, men på grunn av koronapandemien vil det ikkje vere nokon vanleg fakkelstafett denne gongen.

    I staden vil tre løparar ha kortare løp med flammen på veg til Akropolis i Aten der den vil vere over natta.

    Tysdag vil den kinesiske organisasjonskomiteen få overrekt flammen under ein seremoni på Panathenaic stadion som vart brukt til sommarleikane i både 1896 og 2004.

    Utanfor området hadde demonstrantar møtt opp med tibetanske flagg for å protestere mot Kinas handtering av Tibet.

    OL-elden 2022
    Foto: Thanassis Stavrakis / AP
  • Haavi-forfall til landskampar

    Emilie Haavi har meldt forfall til VM-kvalifiseringskampane mot Polen og Belgia, melder NFF. Ho måtte ut med hamstringsskade like før pause i LSKs kamp mot Stabæk i helga.

    – Sesongen er nok over for min del, seier Haavi til Romerikes Blad.

    Linköpings Heidi Ellingsen er teken ut som ny kvinne i troppen.

    Norge møter Polen borte torsdag og Belgia heime tysdag i neste veke.

    Toppserien 2019, fotball kvinner, Vålerenga - LSK kvinner (1-2)
    Foto: Ryan Kelly / NTB

Sendeplan

Kl. Program Kanal