Jørund Kopren i trøbilen.

Siste nytt

  • Massive protester før Chelsea-kamp

    Store folkemengder er samlet utenfor Stamford Bridge i London foran kveldens Premier League-kamp mellom Chelsea og Brighton. «Det ultimate svik» er en av beskjedene supporterne gir til klubbeier Roman Abramovitsj.

    «Roman, gjør det rette» og «vi vil ha våre kalde kvelder i Stoke» er andre paroler fotballsupporterne er samlet under.

    Chelsea er en av de 12 klubbene som vil gå inn i den nye superligaen.

    9IUm91-UYU4
    Foto: ADRIAN DENNIS / AFP
  • Full superliga-siger i spansk rett

    Ein spansk rett har slått fast at UEFA , FIFA og La Liga ikkje har lov til å sanksjonere mot den kontroversielle superligaen, melder den spanske avisa El Pais.

    Det betyr at dei inntil vidare ikkje får lov å straffe klubbar og spelarar som er tilknytta superligaen, i alle fall etter spansk lov.

    UEFA har trua med å sparke ut dei 12 klubbane av meisterligaen så raskt som mogeleg. Fredag skal UEFA ha ekstraordinært styremøte, og den danske fotballpresidenten Jesper Møller, som også sit i UEFAs eksekutivkomité, sa i går at han reknar med at Real Mdrid, Manchester City og Chelsea blir kasta ut av semifinalene i årets meisterliga.

    Men retten vil også forby UEFA, FIFA og La Liga å "førebu, oppfordre til, eller adoptere disiplinære tiltak mot klubbar, spelarar eller andre som er involvert i den planlagde private ligaen".

    Men det er ikkje lov, seier retten i Madrid. Heller ikkje kan La Liga kaste dei ut av den spanskje ligaen. Tre spanske klubbar er med i superligaen.

    Fotballens superliga
    Foto: Dado Ruvic / Reuters
  • Bayern seier nei til superliga

    Bayern München skriv på sin nettstad at dei er uaktuelle for den omstridde superligaen.

    Klubben hadde saman med Borussia Dortmund tilbod om å vere med, men avslo. Ifølgje Der Spiegel har begge fått ein månads frist til å ombestemme seg. Men det vil ikkje skje, ifølgje Bayern.

    – Våre medlemmer og tilhengarar ønskjer ikkje superligaen, seier klubbpresident Herbert Hainer.

    – For Bayern er Champions League den beste klubbturneringa i verda.

    Bayern München vant mesterligafinalen mot Paris Saint-Germain.
    Foto: Matthew Childs / Reuters

Sendeplan

Kl. Program Kanal