NRK Meny
Normal

John Arne Riise kan bli AaFK-spelar i januar

EKEBERGSLETTA (NRK): John Arne Riise er heilt klar på at han kjem til avslutte karrieren i heimbyen Ålesund. Nå avslører han til NRK at det kan bli aktuelt alt i januar neste år.

Dagens stjerne på Norway Cup.

STILTE OPP: John Arne Riise var dagens store stjerne på Ekebergsletta og brukte god tid til å skrive autografar og ta "selfies" med Norway Cup-spelarane.

Kanskje ikkje like stor som før, men John Arne Riise var likevel den store stjerna under Norway-cup på Ekebergsletta i dag. 34-åringen har enno ikkje reist vidare til sitt nye proffeventyr i den nyoppstarta indiske serien, som om han framleis er ganske så løyndomsfull om.

– Klubben min har vore klar lenge, men eg vil ikkje seie kva slags klubb det er. Dei vil gjere ein stor annonsering ut av det på ein pressekonferanse, fortel Riise som likevel innrømmer at det er ein av dei to klubbane som det har vore snakk om i media.

Kjem til å gå på lån

Altså vil det bli Kerala Blasters eller Delhi Dynamos som blir John Arne Riise sjuande klubb som proffspelar.

Men sjølv om han fortel at han og kona gler seg stort til å flytte til India, er det langt frå sikkert at storebror Riise blir lenge i Asia. Den indiske serien er nemleg ferdig alt i desember og har spelepause på heile åtte månader. Planen til Riise er då klar.

– Då kjem eg til å gå på lån frå januar til august. Kanskje blir det til ein utanlandsk klubb, men det kan godt også bli eit låneopphald i Ålesund. Eg kan sjølv bestemme kva slags klubb det blir. Men det ligg i korta at eg kjem til å avslutte i Aafk, seier Riise til NRK.

Draumen om å avslutte karrieren i heimbyen er ikkje så gamal.

For det var fyrst då veslebror Bjørn Helge Riise tok kontakt og fortalde at han var på veg heim, storebror kom på tankane.

– Eg var veldig skeptisk då eg fyrst fekk vite det. Ikkje faen, tenkte eg då. Men eg fann fort ut at eg må tenkje på framtida hans både på fotballbanen og med familien og begrave alt dritet som har vore dei siste 10-15 åra. Då han tok valet sitt, tok eg også valet mitt, fortel 34-åringen.

John Arne Riise
Foto: Richardsen, Tor / NTB scanpix

Flyttar om tre veker

Tekstmeldingane til dei høge herrer i moderklubben er alt sendt. John Arne Riise skal heim. Spørsmålet er berre når. Det kan bli i januar, men fyrst skal ålesunderen oppleve eit nytt kontinent som fotballspelar.

– Me har møtt presidenten og alle rundt så eg veit kva eg går til. Tryggleiken me har fått gjer at eg både og kona mi gler oss. Det blir veldig spennande å vere med å byggje opp ein heilt ny serie som skal lære av dei store ligaene, seier Riise som flyttar austover om drøye tre veker.

Før det skal han trene seg opp på Marbella og på treningsfeltet med Vålerenga.

Siste nytt

Sendeplan

Kl. Program Kanal
4-4-2 Eliteserien fotball: Tromsø - Odd
Eliteserien: Tromsø - Odd og semifinale cupen
4-4-2 NM fotball: Semifinale Molde - Lillestrøm
4-4-2 NM fotball: Semifinale Molde - Lillestrøm
Cupen: Semifinale, Molde - Lillestrøm
Semifinale i cupen, menn
4-4-2 NM fotball: Semifinale Molde - Lillestrøm
4-4-2 NM fotball: Semifinale Molde - Lillestrøm
Etter Kamp
4-4-2 NM fotball: Semifinale Molde - Lillestrøm
4-4-2 NM fotball: Semifinale Molde - Lillestrøm