NRK Meny
Normal

Therese Johaug reiser likevel ikkje til Val Senales

Therese Johaug har gitt beskjed om at ho likevel ikkje blir med landslaget til høgdeopphaldet i Val Senales i Italia i neste veke.

Therese Johaug

OMBESTEMT SEG: Therese Johaug vil ha fred etter ei tung tid, og vil derfor ikkje reise med landslaget til Italia

Foto: Larsen, Håkon Mosvold / NTB scanpix

Ho har sagt frå om at ho treng fred, og at det derfor er best for henne å trene heime. Derfor reiser ho ikkje til Val Senales med landslaget, får NRK opplyst.

– Therese har hatt ei tung tid, seier hennar advokat Christian Hjort.

Torsdag sa landslagssjef Vidar Løfshus at Johaug ikkje skulle vere med til Italia, men i går sa han at ho sjølv ønskte å vere med og at det derfor truleg kom til å bli slik.

– Dette meiner eg er ei klok avgjerd, og vi respekterer sjølvsagt Therese si avgjerd i denne vanskelege situasjonen, seier Løfshus i ein kommentar.

– Nå bestemte ho seg?

Christian Hjort

Advokat Christian Hjort

Foto: Harald Inderhaug / NRK

– Ho har tenkt grundig over dette, og derfor meddeler eg dette no, seier Hjort.

I dag informerte Johaug Løfshus og trenar Roar Hjelmeset om si avgjerd.

– Ønskjer ho å bli heime?

– Som sagt ønskjer ho fred og ro for sin eigen del, og det er viktigast for henne å bli heime no.

– Ho har høve til å reise nedover dersom ho ønskjer det. Men slik situasjonen er no, er det vikitigaste at ho får ro, seier Hjorth til NRK.

– Er ho førebudd på å bli utestengd?

– Ho er budd på dei tiltaka som regelverket legg opp til, men ho meiner sjølv å vere utan skuld. Det blir støtta av dei faktiske omstenda. Og det blir hennar argumentasjon overfor Antidoping Norge, der ho vil kjempe for fullstendig frikjenning.

Siste nytt

  • Zuccarello-assist i nytt tap

    En svak midtperiode ble utslagsgivende da New York Rangers og Mats Zuccarello røk 2–4 for Los Angeles Kings i NHL søndag. Mats Zuccarello fikk notert en målgivende pasning på 2-0 målet.

    Mats Zuccarello
    Foto: NTB Scanpix
  • Weng spår OL-gull til Kalla

    Heidi Weng mener Charlotte Kallas «mesterskapshode» gir svensken en fordel før OL neste måned. Hun tror Kalla kommer til å ha gull med hjem fra Sør-Korea. Det skriver Aftonbladet.

    Charlotte Kalla
    Foto: SKJERMDUMP NRK

Sendeplan

Kl. Program Kanal
EM håndball menn: Sverige - Hviterussland