Styret i NIF vedtok dette i dag, og skal no sende ein formell førespurnad til IOC og WADA der dei også skal kjemp mot kunstig tilførsel av oksygen. Slik som blant anna dei finske skiløparane brukar.
– Vi har teke dette opp etter innspel frå utøvarar som er opptekne av konkurranse på like vilkår, seier idrettspresident Tom Tvedt til NRK.
NIF vedtok forbod mot bruk av høgdehus i 2003, og stadfesta vedtaket i fjor i tråd med ei innstilling frå idrettsmedisinsk råd.
No vil dei ta forbodet vidare.
– Vi vil jobbe internasjonalt for å forby høgdehus og manipulering ved bruk av gass verda over, seier idrettspresidenten.
Les også: – Høl i huet med forbud
Tvedt seier at det kjem mange frå IOC til Lillehammer under ungdoms-OL i neste månad, og at dei skal ta til å jobbe der.
Forbod også i Italia
– Kvifor ønskjer de å forby høgdehus internasjonalt?
– Vi vil ikkje at idrettsutøvarar skal gå med gassmaske eller oksygen på ryggen. Det er omdiskutert medisinsk, og for oss er dette også eit verdispørsmål. Italia har også innført eit forbod mot dette, og vi meiner det er på tide å få til eit forbod for alle.
Tvedt har tru på at om nokre år er det fritt for høgdehus-bruk i heile verda.
– Det eg er sikker på, er at det vil føre med seg ein debatt. Vårt mål er forbod, slik at våre utøvarar konkurrerer på lik linje med alle andre.
NIF skal også samarbeide med Norges Skiforbund om støtte til eit forbod mot bruk av høgdehus og kunstig tilførsel av oksygen og andre gassar innanfor skiidrettane som er organisert av FIS.