– Dette er ikkje mobbing, seier Stabæks svenske trenar om utspelet frå Solbakken.
Bakgrunnen er at Ola Brynhildsen ikkje vil skrive ny kontrakt med Stabæk. Brynhildsen har vore på benken i dei siste kampane, og det er dette som har fått Jönsson til å reagere.
"Nå skal de liksom true spilleren til å skrive ny kontrakt. Vi må ha penger - masse penger, sier den samme klubben, som har avvist millionbud på spilleren flere ganger. Signer ny kontrakt nå, hvis ikke, blir det benken eller andrelaget, er altså beskjeden fra en profesjonell arbeidsgiver", skriv Solbakken.
"Er det moral, umoral eller dobbeltmoral å benke sin beste utespiller uten en sportslig begrunnelse. Jeg mener faktisk det grenser til «mobbing», skriv han.
Solbakken avsluttar med at det er ikkje berre Stabæk han vil til livs, og meiner det er mange andre eksempel som også kan brukast.
– Det er ikkje mobbing. Vi har ein bra dialog med Ola, så seint som i denne veka. Han er i ei veldig positiv utvikling. Men mobbing? Det forstår eg ingeting av.
– Kva meiner du om at Solbakken seier dette?
– Det får stå for hans rekning. Oliver (Edvardsen) har kome inn i sommar og leverer, han har site mykje på benken. Har eg mobba han? Nei, eg trur ikkje det.
Han meiner det er vanleg i fotbvallverda at dette hender.
– Det er sterke signal om at han vil søke seg ein annan stad. Når det er 50-50, kan du velje nokon som vil vere med på reisa litt lenger.
Brynhildsen sjølv er forsiktig i sine kommentatar.
– Har det med kontraktssituasjonen å gjere?
– Det kan det tenke på sjølv. Eg vil ikkje kommentere det, seier han. Han vil heller sikkje kommentere påstanden om mobbing.
– Er det heilt sikkert at du ikkje forlenger med Stabæk?
– Det vil tida vise.