Hopp til innhold

Det «ukjende» friidrettshåpets utradisjonelle VM-veg: – Mange gode grunnar til å gi op

Jacob Boutera (26) har hatt ein ganske spesiell veg til VM-plass på 3000 meter hinder. Men trass i ein kronisk sjukdom, skader og kort satsing, gjekk draumen i oppfylling.

Jacob Boutera

VM-HÅP: Jakob Boutera er kanskje Noregs mest ukjende deltakar i friidretts-VM. Målet er å vise toppform på 3000 meter hinder.

Foto: William Jobling / NRK

Det er jo litt surrealistisk på ein måte. At ein snart skal reise til eit verdsmeisterskap når ein ikkje har vore i nærleiken av det tidlegare, innrømmer Jacob Boutera.

Han tok VM-kravet på 3000 meter hinder i eit stemne i Finland i juni, med tida 8.21,69. Sidan har han førebudd seg heime i Aurskog og i Berkeley i California. NRK møtte han under ei våt treningsøkt på lokale skogsstiar før avreise til VM i USA.

Vegen dit har vore både kort og lang på same tid.

Det er mange gode grunnar til å gi opp her, og det har han ikkje gjort, men heile tida hatt håpet. Det er ein veldig god prestasjon å få til det han har klart, seier NRK-kommentator Jann Post.

Jacob Boutera

FØREBUINGAR: På denne vegen har Jacob Boutera lagt ned ei rekkje treningstimar det siste året.

Foto: Hanne Skjellum / NRK

For 26-åringen byrja ikkje med springing før han flytta til Bergen etter vidaregåande for å starte med jusstudium. No er han snart ferdig med utdanninga, men den relativt korte løpeerfaringa er ikkje det einaste som gjer meisterskapsplassen imponerande.

Dette er nemleg berre den andre sesongen Boutera satsar på øvinga, for eigentleg var det 1500 meter han spesialiserte seg på.

– Det var litt nettopp for å kome til meisterskap, sidan vi har hatt ein familie på 1500 meter det har vore vanskeleg å yppe seg med, seier han og siktar til Ingebrigtsen-brørne.

Kronisk sjukdom

Dermed endra han satsinga, men fjorårssesongen vart avslutta med eit trøyttleiksbrot, og før jul sleit han med ein akilles.

Men kanskje det aller mest utfordrande; han må i tillegg spesialtilpasse treninga fordi han har den kroniske sjukdommen ulcerøs kolitt – ein betennelse som rammar endetarmen.

– Det har prega meg vesentleg meir i året som har vore, så det har også gjort at nokre veker har vorte veldig annleis treningsmessig. Eg har måtta justere ut frå korleis sjukdomsbiletet har vore og det har vore nokre utfordringar rundt rett medisinering, så det har vore ein del inn og ut av sjukehus for å få best mogleg kontroll på sjukdommen, fortel han ærleg.

Jacob Boutera

PÅ HEIMEBANE: Etter at han flytta tilbake frå Bergen, då jusstudia tok koronapause, har Boutera budd heime hos mor si i Aurskog.

Foto: Hanne Skjellum / NRK
  • Sjå friidretts-VM med mellom anna 3000 meter hinder på NRK laurdag morgon frå klokka 02.00.

Det har gjort at han ikkje har kunna trene like mykje som han helst ville ha gjort i periodar. Dei siste månadene har det gått betre, og han har dessutan lært seg å tilpasse. Fokuset er sjeldan på det han ikkje får gjort, for Ull/Kisa-løparen veit at han må lytte til kroppen.

– Eg har prøvd å berre køyre på utan å justere så mykje, og det har ikkje nødvendigvis fungert noko betre. Eg må heller gjere det beste ut av situasjonen til kvar ein tid, sjølv om ein kan bli litt frustrerte og irriterte når kroppen ikkje alltid kjennest som ein toppidrettsutøvar, forklarar han.

– Stressar kroppen

Boutera kjenner ikkje til så mange andre toppidrettsutøvarar med sjukdommen, men kjenner sjølv han, med tett og god oppfølging, får det til å fungere ganske bra – i alle fall no.

– Det har gått i periodar. Rundt jul og i haust så var det ganske krevjande, men etter at eg starta på nye medisinar etter jul, så kjenner eg at vekene har sett mykje meir ut som eg har lyst til, fortel hinderløparen.

– Kva slags råd får du som toppidrettsutøvar frå medisinsk hald?

– Dei som hjelp meg har veldig stor forståing for at eg har lyst til å halde på med idrett, og stresse kroppen på ein måte som kanskje ikkje nødvendigvis er veldig bra for å berre tenkje på å ha det best mogleg med sjukdommen.

Jacob Boutera

LØPETALENT: Jacob Boutera etter å ha vunne den nasjonale 1500-meteren under Bislett Games i 2019.

Foto: Ryan Kelly / NTB

For han er idretten det mest givande i livet. Det er også ein av grunnane til at han no er open om sjukdommen. Tilbakemeldingar om at han inspirerer, set han også pris på

– Eg synest det er fint at ein kan sjå at det finst ulike vegar og tilnærmingar, og ein må ikkje nødvendigvis byrje å springe når ein er 10 år. Sjølv om det fungerer veldig bra for nokon, så er kanskje historia mi litt meir tilfeldig og utradisjonell, seier Boutera.

– Eit førebilete

NRK-kommentator Post hyllar friidrettsutøvaren.

Eg synest han er eit førebilete for andre som slit litt. Boutera viser at det er mogleg å kombinere toppidrett på dette nivået med den sjukdommen, som kan bidra til å gi andre livskvalitet òg. Det er veldig bra og tøft gjort å snakke ope om, meiner Post.

Jacob Boutera

BLIR HYLLA: NRKs kommentator Jann Post er svært imponert over kva Jacob Boutera har fått til.

Foto: William Jobling / NRK

Forsøket på 3000 meter hinder i Eugene går natt til laurdag norsk tid. Boutera ønskjer å vere realistisk i VM, og veit at ein finaleplass blir tøff å kapre.

– Ein kan vere heldig og gjere eit kjempeløp og overraske, men det er ikkje sånn at eg er kjempeskuffa om eg reiser derfrå utan å ha komme til finale utan VM.

Men seinare i august ventar også EM i München, så er det eit nytt VM før OL i Paris 2024. Ambisjonane er store også der.

– Eg trur eg har mykje å gå på, særleg med treningsmengda eg ligg på, som er ganske beskjedne. Eg veit eg er nøydd til å steppe opp litt om eg skal ta steg i framtida. Når kroppen er klar for det, så gler eg meg til å trene meir, forsikrar han.

Sportsnyheter

Veronica Kristiansen og Ida Alstad

Meiner dette antrekket er kvinnefiendtleg: – Det er flautt og pinleg

Veronica Kristiansen må spele i kvit shorts mot si vilje i klubbhandballen. No krev landslaga i Skandinavia ei regelendring før VM.

en person som har på seg hodetelefoner

Meiner det blir for mykje kjærastar og kjendisar: – Det går litt over styr

Kjendisane strøymer til Formel 1-arenaen for å sjå verdsstjernene i aksjon. Men for enkelte har det blitt litt mykje kjendis – og litt lite sport.

Alexis Mac Allister får behandling

Liverpool freser etter denne situasjonen: Lå blodig på gresset da motstanderen scoret

Liverpool-stjernene reagerte kraftig mot dommeren etter en blodig hodesmell. De får støtte av flere eksperter.

Siste nytt

  • Tiltalt eliteseriespiller står frem: – Jeg vil beklage

    Til Hamar Arbeiderblad forteller HamKam-spiller Eron Gojani (18) for første gang om saken han er tiltalt i.

    En mann Gojani har kjent siden barndommen er tiltalt for drapsforsøk etter å ha knivstukket en 16-åring i begynnelsen av mai i år.

    Gojani er sammen med fem andre tiltalt for medvirkning til kroppsskade.

    Påtalemyndigheten mener Gojani oppfordret til volden mot fornærmede på meldingsutvekslinger med hovedtiltalte.

    Ingen av de tiltalte erkjenner straffskyld, skriver HA.

    – Jeg er egentlig ikke en del av et sånt miljø. Jeg vil beklage det som har skjedd og legge meg flat, sier Gojani til avisen.

    Statsadvokat Christer Gangsø har lagt ned påstand om 88 timers samfunnsstraff for HamKam-spilleren.

    Dommen er ventet å komme 28. oktober.

    Eron Gojani
    Foto: Geir Olsen / NTB
  • Norsk kjempetalent klar for gigantlag i sykkelsporten: – Drømmen går i oppfyllelse

    Sykkeltalentet Embret Svestad-Bårdseng har signert for det britiske storlaget Ineos Grenadiers på en treårskontrakt. Der får han Kurt Asle Arvesen som sjef.

    Ineos Grenadiers bekrefter signeringen av Svestad-Bårdseng mandag.

    23-åringen har i lengre tid vært beskrevet som et av Norges aller mest lovende klatretalenter. Det har dem ikke vært all verdens mange av.

    Denne sesongen har han fått sjansen på World Tour-nivå i sykkelsporten for Arkea B & B Hotels. Det franske laget legger imidlertid ned driften foran 2026-sesongen som følge av pengemangel.

    Svestad-Bårdseng fikk debuten i et treukersritt under årets Giro d'Italia. Der viste han seg fram ved flere anledninger. Videre kjørte han sterkt både under Volta a Catalunya og Tour de Pologne.

    – Jeg er utrolig spent på å bli del av Ineos Grenadiers. Dette er et stort og veldig spennende steg i karrieren min. Jeg vokste opp med å se dette laget dominere Grand Tours i fjellene, og har alltid drømt om å en dag bli en del av det. Nå føles det som om drømmen går i oppfyllelse, sier 23-åringen. (NTB)

    Embret Svestad-Bårdseng
    Foto: Jerome Delay / AP / NTB
  • Potter ansatt som svensk landslagssjef: – Utrolig inspirert

    Engelskmannen Graham Potter (50) erstatter Jon Dahl Tomasson som sjef for Sveriges landslag i fotball.

    Det opplyser Sveriges Fotballforbund.

    – Jeg er svært ydmyk overfor oppdraget, men også utrolig inspirert. Sverige har fantastiske spillere som ukentlig leverer i verdens beste ligaer. Jobben min blir å skape forutsetninger slik at vi som lag leverer på høyeste nivå for å ta Sverige til VM neste sommer, sier Potter.

    Sverige står med bare ett poeng på fire kamper og må gjennom playoff neste vår i jakten på VM-billett.

    Potter ble tidligere i høst fjernet som West Ham-manager i Premier League. Etter at Tomasson mistet Sverige-jobben, lanserte Potter seg selv som erstatter.

    – Jeg har følelser for Sverige. Jeg elsker landet, og jeg elsker svensk fotball. Jeg har mye å være takknemlig for overfor svensk fotball. Så ja, det ville vært en fantastisk mulighet for meg, sa Potter til Fotbollskanalen.

    Nå er det klart.

    Det var i Sverige at Potter fikk et trenernavn. Han ledet Östersund til et uventet cupgull og tok senere laget langt i europaligaen. (NTB)

    Thumbnail for 'FILE: Graham Potter in talks to be new West Ham United manager - media reports'
    Foto: Thomson Reuters (Ikke bruk denne versjonen av bildet)

Sendeplan

Kl. Program Kanal