- Dette har vi informert leverandørane om i god tid for å unngå alle mistydingar, seier Suresh Kalmadi i organisasjonskomiteen.
Kyr er heilage i store deler av India, og i fleire delstatar er det ulovleg å slakte storfe. Det hinduistiske nasjonalistpartiet BJP har derfor bedt om at arrangørane respekterer dette og gjer Samveldeleikane biff-fri.
100.000 utlendingar utan biff
Samveldeleikane er ein av dei største idrettsarrangementa i verda, og skal i år haldast i New Delhi i India frå 3. til 14. oktober. Leikane er opne for deltakarar frå alle land som i si tid var medlemmer i Det britiske samveldet, som også skal brukast i marknadsføringa av New Delhi som turistmål.
Det er venta over 100.000 utanlandske tilreisande til den indiske hovudstaden under leikane. Men dei må klare seg utan biff på menyen.
Mat-problem også tidlegare
At lokale mat-traidsjonar blir respekterte under store idrettsarrangement, er ikkje heilt uvanleg. Under Asia-leikane i Qatar i 2007 fekk ingen av dei tilreisande ta med seg svinekjøt inn i det muslimske landet.
Under fotball-VM i 2002 vart etter mykje om og men kjøt av hund tatt av menyen på restaurantane i Sør-Korea.