NRK Meny

Hushovd nr 2, slått av Cavendish

Mark Cavendish tok ein ny utklassingssiger i spurten på 13. etappe av Spania Rundt fredag. Thor Hushovd vart nummer to, men var sjanselaus mot briten.

Thor Hushovd

Thor Hushovd vart nummer to fredag, men var likevel sjanselaus mot Mark Cavendish

Foto: JAIME REINA / Afp

Artikkelen er flere år gammel.

Hovedfeltet tok inn ei utbrytargruppe ei halv mil før mål, og det vart dermed ein massespurt. Som på torsdagens etappe kontrollerte Columbia-laget spurten og hjelpte Cavendish fram til ein klar siger. Cavendish hoppa då han passerte målstreken, to-tre sykkellengder framfor Hushovd.

Då Cavendish torsdag tok sin aller første etappesiger i Spania rundt, vart han også medlem i den gjeve "klubben" som har etappesigrar i alle dei tre store etapperitta. Han har frå før 15 etappesigrar i Tour de France og fem i Giro d'Italia.

Hushovd låg fint plassert då spurten begynte, men var likevel sjanselaus mot Cavendish. Dei andre ryttarame måtte derimot vike for sørlendingen.

Italienaren Daniele Bennati tok tredjeplassen, og spanjolen Igor Anton har framleis leiartrøya samanlagt.

Fredagens etappe var 196 km og gjekk frå Rincon de Soto til Burgos i det nordlege Spania.

Laurdag skal ryttarane til fjells igjen, og rittet blir avslutta i Madrid søndag 19. september.

Resultat:

13. etappe, 196,0 km Rincon de Soto Burgos:
1) Mark Cavendish, Storbritannia (HTC), 4.50.18, 2) Thor Hushovd, Norge (Cervelo) same tid, 3) Daniele Bennati, Italia (Liquigas) s.t., 4) Jevgenij Hutarovitsj, Hviterussland (FdJ) s.t., 5) Manuel Cardoso, Portugal (Footon) s.t., 6) Tyler Farrar, USA (Garmin) s.t., 7) Denis Galimzyanov, Russland (Katjusja) s.t., 8) Koldo Fernandez, Spania (Euskaltel) s.t., 9) Theo Bos, Nederland (Cervelo) s.t., 10) Johnnie Walker, Australia (Footon) s.t.

Sammenlagt:
1) Igor Anton, Spania (Euskaltel) 56.28.03, 2) Vincenzo Nibali, Italia (Liquigas) 0.45 min. bak, 3) Xavier Tondo, Spania (Cervelo) 1.04, 4) Ezequiel Mosquera, Spania (Xacobeo) 1.29, 5) Marzio Bruseghin, Italia (Caisse d'Epargne) 1.57, 6) Rigoberto
Uran, Colombia (Caisse d'Epargne) 2.13, 7) Nicolas Roche, Irland (Ag2r) 2.30, 8) Frank Schleck, Luxembourg (Saxo Bank) same tid, 9) Peter Velits, Tsjekkia (HTC) 2.37, 10) Thomas Danielson, USA (Garmin) 2.53.
Norsk: 125) Hushovd 1.42.06.

Siste nytt

  • Salah signerte for Liverpool

    Mohamed Salah signerte torsdag en langtidskontrakt med Liverpool, som henter ham fra Roma for 370 millioner kroner.

    Laster Twitter-innhold

Sendeplan

Kl. Program Kanal
Prøve-VM fotball: Tyskland - Chile