Hopp til innhold

Siste nytt

  • Wimbledon får millionbot – ankar

    Wimbledon-arrangørane ankar bota dei har fått frå WTA (det internasjonale tennisforbundet for kvinner) for å stenge ute deltakarar frå Russland og Belarus.

    Det britiske tennisforbundet får 750.000 dollar i bot, og arrangøren i Wimbledon 250.000 dollar, melder Daily Mail.

    Wimbledon-arrangørane, saman med arrangørane av oppvarmingsturneringane i Birmingham, Eastbourne og Nottingham, stengde ute spelarar frå dei to landa, til protestar frå dei internasjonale forbunda både for kvinner (WTA) og menn (ATP).

    Toppspelarar som Daniil Medvedev og Viktoryja Azarenka fekk derfor ikkje delta.

    WTA og ATP tok frå Wimbledon ranking-poeng på grunn av det.

    Men britisk tennis har sterk ryggdekning av den britiske regjeringa, som reagerer sterkt på bota.

    – Dei (arrangørane) skulle hatt honnør for det dei gjorde, ikkje bot, seier kulturminister Nadine Dorries.

    Det er enno ikkje kjent om ATP vil bøtlegge Wimbledon, men det er venta ein reaksjon derfrå også.

    Britain Wimbledon Tennis
    Foto: Alberto Pezzali / AP
  • To Blink-spelarar avsluttar kontraktane

    Madhu og Håvard Lorentsen har valt å avslutte kontraktane sine med Stjørdals-Blink etter at klubben kravde at alle spelarane gjekk ned til minstelønn.

    «Stjørdals-Blink Fotball har etter felles semje med Madhu og Håvard Lorentsen avslutta kontraktsforholdet for dei to. Spelarane er dermed ferdige som Blink-spelarar i denne omgang», skriv klubben på si heimeside.

    På klubbens nettside kom det onsdag fram at spelargruppa ikkje godtar minsteløn. Tidlegare i juni forklarte styreleiar Erling Johansen i Stjørdals-Blink at lønsredusering og minsteløn var eit av tiltaka for å redde klubbens økonomi.

    Ifølgje TV 2 ville bruttoløna då ligge på 4.000 kroner.

    Lorentsen signerte for Blink sommaren 2020, medan Madhu kom til klubben før 2022-sesongen.

    Stjørdals-Blink
    Foto: Tor Erik Schrøder / NTB
  • Kampar kan ryke

    Kristiansund sin heimekamp mot Tromsø torsdag er i fare på grunn av streiken i SAS. Dagleg leiar Øyvind Alapnes i Tromsø seier til NRK at dei skal gjere alt dei kan for å komme seg avgårde, men at dette blir utfordrande. Tromsø skulle bli verande i fylket vårt fram til kampen i Molde på søndag, og den kampen kan også bli vanskeleg å få gjennomført. Molde sin kamp mot Jerv på onsdag går som oppsett, då Jerv skal reise med Widerøe, melder TV2.

    Øyvind Alapnes
    Foto: Gunnar Grindstein / NRK

Sendeplan

Kl. Program Kanal
Spilleliste med 43 klipp
Sport
Spiller nå
Ski-VM er endelig tilbake på NRK! 01:00
Neste