Hjelmseth tvinga til å legge opp før planlagt: – Ho hadde fortent å avslutte på ein verdig måte

Den rutinerte Stabæk-keeperen Ingrid Hjelmseth (39) har spelt sin siste fotballkamp og får ikkje sjansen til å redde klubben frå nedrykk.

Ingrid Hjelmseth

SYND: Ingrid Hjelmseth hadde ikkje ønskt å avslutte karrieren på grunn av skade.

Foto: Marit Hommedal

– Det er veldig synd, seier Ingrid Hjelmseth til NRK.

Leddbandskada ho pådrog seg mot Vålerenga 28. september vart starten på pensjonisttilværa hennar. Keeperen måtte til legevakta etter ein duell med Vålerengas Dejana Stefanovic ti minutt inn i kampen. Ifølgje Budstikka var bileta frå sjukehuset oppløftande, og 39-åringen håpa å vere tilbake til neste seriekamp.

No viser nye undersøkingar at det truleg er seks til ti veker før ho kan spele fotball igjen. Dermed mistar Hjelmseth dei siste tre seriekampane med Stabæk, og blir tvinga til å legge opp før planlagt.

– Det ser ut som eg har spelt min siste fotballkamp. Det kan jo skje eit mirakel, men ut frå prognosane er det status nå, seier ho.

Mistar skjebnekampar

Hjelmseth har allereie spelt sin siste landskamp, og enda med 138 kampar med det norske flagget på brystet. Planen var å fullføre sesongen med Stabæk, klubben ho har spelt for dei siste elleve sesongane, før ho la skoa på hylla for godt.

Slik blir det altså ikkje. Ho mista førre helgs 0-5-tap for Klepp, og vil òg miste dei tre resterande seriekampane, noko som er svært dårleg nytt for nedrykkstrua Stabæk.

per inge jacobsen

SLIT: Stabæk-trenar Per Inge Jacobsen har minimale sjansar om å berge Stabæks plass i Toppserien.

Foto: Jan Kåre Ness / NTB Scanpix

– Vinn vi ikkje laurdag er det køyrt. Vi ønsker jo å stille med dei beste spelarane våre, men vi har òg ein god andrekeeper, fortel Stabæk-trenar Per Inge Jacobsen.

Han synest det er trist at keeperveteranen avsluttar karrieren på denne måten, og meiner Hjelmseth har vore ein svært viktig spelar både på og utanfor banen.

– Eg skulle ønske ho kunne spele dei siste kampane. Ho hadde fortent å avslutte karrieren på ein verdig måte. Men vi styrer ikkje skadar, dessverre, seier Jacobsen.

Fiaskosesong for Stabæk

Hjelmseth håpar at Stabæk kan berge plassen, men innrømmer at den tradisjonsrike klubben ikkje har vore gode nok i år.

– Etter ti år i klubben er det jo veldig synd å forlate han dersom Stabæk rykker ned, men vi endar på den plassen vi fortener.

ingrid hjelmseth

TUNG SESONG: Ingrid Hjelmseth har plukka ut 21 ballar av eige mål i Toppserien i år.

Foto: Heiko Junge / Junge, Heiko

Stabæk har to seriegull, fire seriesølv og to seriebronsar i Toppserien etter at dei overtok Askers plass i 2009. Då henta klubben Hjelmseth saman med fleire andre landslagsspelarar og satsa stort.

– Dei siste åra har det skjedd eit generasjonsskifte, mange har lagt opp, og i år har vi hatt eit veldig ungt og urutinert lag. Så må klubben spørje seg korleis ein vil satse vidare, seier 39-åringen.

Om Hjelmseth, som til dagleg jobbar som sivilingeniør, framleis vil ha ei rolle i Stabæk etter at sesongen er ferdig, veit ho ikkje. 39-åringen forklarer at dei no fokuserer fullt og heilt på serien og å berge plassen, og at hennar framtida i klubben vil diskuterast seinare. Men trenar Jacobsen er i alle fall klokkeklar på at Hjelmseth er ønska med vidare.

– Ingrid er ein kjemperessurs og vi vil absolutt ha henne med vidare.

En rørt Caroline Graham Hansen takker Ingrid Hjelmseth for alt hun har betydd for henne - både på og utenfor banen. Hjelmseth spilte sin siste landskamp for Norge og ble hyllet etter kampen både av tilskuere og lagvenninner.

AVSKJED: Ein rørt Caroline Graham Hansen takka Ingrid Hjelmseth etter keeperens siste landskamp mot England 3. september.

Laster innhold, vennligst vent..

Siste nytt

  • Verdscup-laget til Östersund

    Desse er tekne ut til verdscup-opninga i skiskyting i ôstersund frå 28. november til 8. desember:

    Kvinner: Tiril Kampenhaug Eckhoff, Emilie Kalkenberg, Karoline Knotten, Marte Olsbu Røiseland, Ingrid Landmark Tandrevold. Troppen blir supplert med enten Synnøve Solemdal eller Thekla Brun-Lie etter sprinten i IBU-cupen på Sjusjøen.

    Menn: Lars Helge Birkeland, Erlend Øvereng Bjøntegaard, Johannes Thingnes Bø, Tarjei Bø, Vetle Sjåstad Christiansen, Johannes Dale.

    Sesongstart Skiskyting Sjusjøen
    Foto: Geir Olsen / Geir Olsen
  • Ørjan Nyland i mål mot Malta

    Ørjan Nyland erstattar Rune Almenning Jarstein som keeper på Norges lag mot Malta i kveld.

    Landslagssjef Lars Lagerbäck gjer tre endringar til frå laget som slo Færøyane 4-0 fredag: Jonas Svensson, Birger Meling og Mats Møller Dæhli går inn for Omar Ebdellaoui, Haitam Aleesami og Ole Selnæs.

    Laget ser dermed slik ut: Ørjan Nyland, Jonas Svensson, Kristoffer Ajer, Tore Reginiussen, Birger Meling, Iver Fossum, Sander Berge, Markus Henriksen, Mats Møller Dæhli, Alexander Sørloth, Joshua King.

    Kampstart på Malta er kl 20.45.

    Ørjan Nyland
    Foto: Vidar Ruud / NTB scanpix
  • Slo tilbake etter tabbe

    De norske curlingherrene i EM slo tilbake etter kosttabben som kostet seieren mot England i går. Ulsrud og co vant 8-7 over Danmark, og står nå med to seire og to tap etter fire kamper.

    Thomas Ulsrud
    Foto: Cathal Mcnaughton / Reuters

Sendeplan

Kl. Program Kanal