Hopp til innhold

Helland kan tangere RBK-legende – eit halvt år etter han la opp

Pål André Helland (33) la skoa på hylla i november i fjor. Likevel kan han, takka vere kampar mot Junkeren og Aalesund, tre inn i eit eksklusivt selskap.

Pål André Helland

EIT SISTE ROP: Her gir Pål André Helland nokon avsluttande ord til supporterane etter hans siste kamp mot HamKam i fjor.

Foto: Christoffer Andersen / NTB

– Det er litt spesielt. Eg er ikkje meir samansett som menneske enn at eg synest det vil vere feitt, seier ein smørblid Pål André Helland til NRK.

33-åringen stråler om kapp med sola når han møter NRK på Åråsen, kor Lillestrøm sikra seg ein plass i cupfinalen 20. mai.

Trønderen, som no jobbar som fotballekspert for Viaplay og samtidig trenar Lillestrøm sitt G19-lag, kjende det krible i magen då han såg dei gamle lagkameratane sine senke Bodø/Glimt onsdag kveld.

Kanarifuglane vann 1–0 heime på Åråsen og er klare for sin fjortande cupfinale. Dersom dei slår Brann i finalen 20. mai tek dei den sjuande cuptittelen sin og deira første sidan 2017.

 Eliteserien i fotball 2022: Lillestrøm - Hamkam. (3-1)
Foto: Christoffer Andersen / NTB

For Helland sin del kan det bli det femte cupgullet hans. Det sjølv om han 9. november i fjor annonserte at han er ferdig som fotballspelar.

– Det største du kan oppleve

Turneringsreglane til Noregs Fotballforbund fastslår nemleg at dersom ein spelar har spelt to cupkampar, eller sjølve finalen, er ein som cupvinnar å rekne.

Helland spelte to kampar for Lillestrøm på deira veg mot cupfinalen før han la opp.

Han vart matchvinnar mot Junkeren i andre runde og spelte deretter den første omgangen i etterfølgjande runde mot Aalesund. Dermed er han kvalifisert til å få ein sølvpokal dersom Lillestrøm skulle slå Brann på Ullevaal stadion.

Sånn sett eit «frykteleg fortent» cupgull, seier Helland med glimt i auget.

– Det blir potensielt jævla artig, seier han, og spekulerer på om han set ein eller annan rekord dersom det skulle skje.

Helland vann det første cupgullet sitt i 2012, då med oskeladden Hødd. Året etter drog han til Rosenborg og fekk tre nye cupgull: I 2015, 2016 og 2018.

– Eg unner verkeleg gutane å få oppleve det. Eg har vore privilegert og fått oppleve fem cupfinalar og vore med på å vinne fire av dei. Ein cupfinale er det største du kan oppleve som fotballspelar. Ein enkeltkamp der alt står på spel. Det er berre å gå ut på banen og nyte den augneblinken. Det er alt ein drøymde om som barn, seier Helland.

Hødd 2012
Foto: Berit Roald / NTB

Kan tangere legende

All si erfaring til trass: Helland avviser eit comeback før cupfinalen. Mannen med det dødelege venstrebeinet gav seg ikkje som fotballproff fordi han ville, men fordi kroppen ikkje lenger spelte på lag.

– Det held ikkje med ein månads trening for å sveive meg i gang på det nivået som trengst og krevst der. Vi stoler heller på dei som er friske og klare, som spelte eller sat på benken mot Brann. Det trur eg er det luraste, seier han med eit smil.

Skulle cuptittel nummer fem komme den 20. mai vil han tangere Rosenborg-legenda Roar Strand i talet på cupgull.

– Det er ei frykteleg sterk gulrot. Ein kan bli kanin av mindre, seier Helland.

CUPFINALE MENN 2018 RBK - SIF ULLEVAAL STADION (4-1)
Foto: Fredrik Hagen / NTB

Det er Skeid-legenda Jan «Jonas» Gulbrandsen som har flest cupgull i historia. Han vann seks gonger med Skeid på 1950- og 60-talet.

Per i dag står seks spelarar med fem cupgull: Strand, Hans Nordahl (Skeid), Håkon Johannessen (Fredrikstad), Thaulow Goberg (Odd), Einar «Jeja» Gundersen (Odd) og Ingolf «Skruen» Pedersen (Odd).

Helland kan altså bli den åttande spelaren med fem cupgull eller fleire. Eller som han seier sjølv:

– Viss Lillestrøm vinn så får eg det femte cupgullet mitt. Eg trur Vålerenga har fire, så det er litt kult.

Sportsnyheter

Julian Ryerson Mbappé

Superstjernen slaktes etter Ryerson-duell: – Kriseprestasjon

Norske Julian Ryerson (26) forsvarte seg mesterlig mot Kylian Mbappé og PSG-stjernene i Paris. Premien ble en billett til finalen i Mesterligaen.

Siste nytt

  • Mbappé får tyn etter ny CL-smell

    Kylian Mbappé (25) greide heller ikke i år å vinne Champions League med Paris Saint-Germain. Han kommer dårlig ut på børsen etter semifinaleexiten.

    I en nådeløs dom gir L'Équipe angriperen en toer på en skala som går til ti. «Slutten på drømmen», skriver den franske avisen i overskriften etter tirsdagens 0-1-tap hjemme mot Borussia Dortmund.

    Mbappé ble i sin tid hentet til PSG for enorme summer. Målet var at han skulle skyte klubben til suksess i den gjeveste europacupen, men det gikk aldri veien. Nærmest var laget som tapende finalist i 2020.

    Dortmund er bare nummer fem i ligaen i Tyskland, men danket ut PSG 2-0 sammenlagt.

    «Slike kvelder blir arven hans. Sju år med feilede forsøk», skriver britiske Daily Mail om Mbappé. I spanske Sport står det at «Mbappé er ute av stand til å ikle seg helterollen».

    Mbappé forlater PSG når kontrakten løper ut etter sesongen, og neste stoppersted blir trolig Real Madrid. «Han tar farvel med den franske hovedstaden med mer smerte enn ære», skriver den Madrid-baserte storavisen Marca.

    (NTB)

    Mbappé
    Foto: AP
  • Fotballkamper utsatt etter katastrofeflommen i Brasil

    Ekstreme nedbørsmengder gjør det umulig å spille seriekamper i fotball i den brasilianske delstaten Rio Grande do Sul.

    Brasils fotballforbund har hittil utsatt ti oppgjør for tre av eliteklubbene fra regionen. Det gjelder Internacional, Gremio og Juventud.

    Delstatshovedstaden Porto Alegre står under vann, og det er der Internacional og Gremio holder til.

    Minst 90 personer er meldt omkomne, opplyser myndighetene i Rio Grande do Sul. I tillegg er 131 ikke blitt gjort rede for, og 155.000 mennesker har mistet hjemmet sitt.

    De voldsomme regnbygene som begynte i forrige uke, har forårsaket flom i elver, lagt hele landsbyer under vann og ødelagt veier og broer.

    Flommen regnes som delstatens verste ekstremværkatastrofe. Det er meldt mer regn i dagene som kommer.

    (NTB)

    imwC_nnuYmA
    Foto: AP
  • De Ligt, Musiala og Dier tilbake i trening før returkampen i Madrid

    Bayern München-trioen Matthijs de Ligt, Jamal Musiala og Eric Dier var alle med på tirsdagens trening før onsdagens Champions League-semifinale mot Real Madrid.

    De Ligt gikk glipp av den første kampen grunnet kneproblemer, og erstatteren Kim Min-jae har fått skylden for begge målene Bayern München slapp inn i 2-2-kampen.

    Bayern-trener Thomas Tuchel sa på tirsdagens pressekonferanse at Dier og De Ligt ligger an til å starte returkampen i Spania.

    – De fortjener å fortsette å spille sammen. Matthijs har fått grønt lys, sa Tuchel.

    Musiala
    Foto: CHRISTOF STACHE / AFP

Sendeplan

Kl. Program Kanal