– Det blir vemodig å ta farvel med lagkameratane mine i kveld, seier FKH-spiss Alexander Søderlund til NRK.no
Måndag blei landslagsspissen klar for Rosenborg. I kveld spelar han frå start i sin siste kamp for Haugesund, i vestlandsderbyet mot Brann på heimebane.
– Forhåpentlegvis blir det full stadion, bra trykk og lite buing på meg, seier kraftspissen.
Negativ respons
Litt «buing» har det likevel blitt den siste tida. Haugesund-yndlingen har nemleg ikkje berre fått klapp på skuldra etter overgangen til trønderklubben.
– Dei fleste er glade på mine vegne, men det har kome negative tilbakemeldingar òg. Dette viser berre at folk bryr seg og at eg har gjort ein god jobb for FKH.
25-åringen er trygg på at det var rett å velja Rosenborg i staden for Molde.
– Eg kunne gått til Tyskland òg. Men Rosenborg var det beste tilbodet sportsleg sett. RBK er alltid i teten av norsk fotball, og eg ser på dei som eit tryggare val enn Molde, seier kraftspissen.
Ein draum
Søderlund innrømmer i tillegg at han alltid har drøymt om å spela for den trønderske toppklubben.
– Eg følgde kvar einaste Champions League-kamp til Rosenborg då eg var yngre. Eg trudde ikkje noko særleg på at eg ein gong kom til å spela for klubben då, men nå er det altså ein realitet. Det er i grunnen litt sjukt å tenka på.
Håpar på cupfinale-gjensyn
Nå håpar han å bidra til at Rosenborg på ny bli norsk seriemeister i fotball.
– Eg håpar å kunna bidra til at me vinn serien. I tillegg er me vidare i cupen og skal spela europacup. Det blir med andre ord ein travel haustsesong.
Også klubben han tar farvel med i dag, er med vidare i cupen. Og Søderlund håpar på eit gjensyn med gamleklubben på Ullevaal i haust.
– Det hadde vore heilt fantastisk å møtt Haugesund i cupfinalen. Rett og slett dritkult.