NRK Meny
Normal

I morgon kan han ta styringa i europeisk friidrett

– Denne gongen trur eg at eg kan vinne, seier Svein Arne Hansen, som kan innta den mektigaste posisjonen i europeisk friidrett.

Svein Arne Hansen (tv) og Hansjörg Wirz

Kven skal styre europeisk friidrett? Svein Arne Hansen er ein sterk kandidat. Her saman med Hansjörg Wirz i Bergen framfor lag-EM i 2010. Wirz går av denne helga etter å ha hatt vervet i 16 år

Foto: Hommedal, Marit / SCANPIX

– Eg tapte med nokre få stemmer sist, og hadde ikkje stilt opp igjen dersom eg ikkje trudde at eg kan vinne, seier Hansen.

Hansen er på plass i Bled i Slovenia, der det europeiske friidrettsforbundet har sin årlege kongress.

Han stiller som kandidat til presidentvervet i det europeiske friidrettsforbundet (EAA). Det gjorde han også i 2011. Då trudde han at han hadde minst 30 røyster bak seg. Men ved valet tapte han med 22 mot 28.

Siste flyet heim

Svein Arne Hansen

Kan bli Europas mektigaste: Svein Arne Hansen kan bli vald til president i det europeiske friidrettsforbundet denne helga

Foto: Ruud, Vidar / NTB scanpix

Også denne gongen er han optimist. Så optimistisk at han har bestilt plass på siste flyet heim søndag kveld. Det er etter at det nyvalde styret har hatt sitt første møte.

Ei av dei første sakene han må ta tak i, dersom han blir vald, er det mange oppfattar som kimen til ein konflikt mellom dei europeiske OL-organisasjonane (EOC) på den eine sida og friidrettsforbundet og andre europeiske særforbund på den andre.

– Eg ser ikkje på det som ein konflikt. Men vi må snakke saman og få strukturert dette, seier Hansen.

Dei EOC-arrangerte European Games er ei nyskaping som skal ha si første utgåve i Baku i juni i år. Men friidretten er nesten fråverande. Berre lag-EMs 3. divisjon, der Aserbajdsjan deltek, står på friidrettsprogrammet under leikane.

– Feil signal

Tofig Bakhramov stadium i Baku

Tofig Bakhramaov stadion i Baku: Her skal European games arrangerast i sommar. Men friidretten glimrar nesten heilt med sitt fråvær. – Det er eit heilt feil signal frå oss, seier Svein Arne Hansen

Foto: Thomas Kienzle / Ap

– Det meiner eg er ein feil tankegang. Andre idrettar stiller med sine beste utøvarar. Vi skal vere med i konkurransar, vi skal vise oss fram og la dei aktive få delta, seier Svein Arne Hansen (68).

I 2018 skal friidrett inngå i European Sport Championship . Avtrappande president i det europeiske friidrettsforbundet, sveitsiske Hansjörg Wirz, seier han ikkje vil garantere at friidretten er med der .

– Om eg blir vald til friidrettspresident, vil eg så snart som råd er møte presidenten i dei europeiske olympiske komiteane. Så får vi sjå om vi kan samordne interessene våre.

– Eg meiner vi skal konkurrere også i European Games. Det er eit feil signal når vi berre har med nasjonar på fjerde nivå, seier Svein Arne Hansen.

Berre to av konkurransedagane omfattar friidrett, og det i eit arrangement som går over like lang tid som eit sommar-OL. Mesten like mange øvingar er det også.

– Ukjent for oss

Hansjörg Wirz

Hansjörg Wirz har vore europeisk friidrettspresident i 16 år. No går han av

Foto: Martin Meissner / Ap

Men Svein Arne Hansen undrar seg meir over European Sports Championship, som vart kjent like før påske i år.

– European Sports Championship er ikkje diskutert med oss, så vidt eg veit. Vi visste ikkje om det før rett før påske, og eg vil gjerne vite meir om planane. Friidretten er ikkje tekne med på råd om dette, eg håpar vi får vite litt meir på kongressen denne helga, seier Hansen.

– Uansett meiner eg friidretten må vere sterkt til stades under European Games, seier han.

– Vi kjem til å ha EM som planlagt, og det vil alltid stå på eigne bein, også om det er saman med andre meisterskap. EM i Berlin blir ein suksess uansett, seier Svein Arne Hansen.

Det første European Games skal gå i Baku i juni i år . Det neste går i 2019, arrangør er ikkje bestemt.

Ser positivt på European Games

Han har mykje positivt å seie om European Games.

– Det er eit gigantarrangement, med mange idrettar og med stor tv-dekning, seier Hansen om «Europa-leikane» i Baku, som opnar 12. juni og blir avslutta 28. juni.

– Friidrettsdeltakinga der er ikkje god nok, seier Hansen. – Vi må få idretten vår inn der på eit mykje høgare nivå.

Og han kan få sjansen til å gjere noko med det. Laurdag takkar Hansjörg Wirz av etter 16 år i jobben. Hansen er ein av kandidatane til å overta. Han skal kjempe mot franske Jean Garcia og finske Antti Pihlakoski.

Berre for ein periode

Blir Hansen vald, blir det berre for ein periode på fire år. Han stiller ikkje til attval neste gong, i 2019. Årsaka er at reglane ikkje tillèt kandidatar som har fylt 70 år. Ved neste presidentval vil Hansen nærme seg 73.

– Det er berre ein fordel, seier Hansen. – Om eg blir vald no, kan eg konsentrere meg om friidretten i alle dei fire åra, og stå heilt fritt utan å tenkje på å bli vald på nytt. Det er ein klar fordel i ein situasjon som heilt sikkert kjem til å krevje direkte handling og tøffe avgjerder som ikkje kan utsetjast, seier han.

Hansen har vore sentral i norsk og europeisk friidrett i snart 50 år. I 1985 overtok han leiinga av Bislett Games etter legendariske Arne Haukvik, og hadde jobben til 2009. Sidan 2003 har han vore president i Noregs friidrettsforbund. Frå 2007 til 2011 var han visepresident i det europeiske friidrettsforbundet.

– Mitt kandidatur (som friidrettspresident) er basert på trua på at eg har vore ein leiar som har levert positive endringar som president av mitt nasjonale forbund, skriv Hansen på si valkamp-heimeside svein4president.com.

– Trekke fleire unge til friidretten

Barn og friidrett

Å trekke fleire barn og unge talent inn friidretten er eitt av Svein Arne Hansens hjartebarn. Her frå Bislett der unge utøvarar får råd av den tidlegare svenske høgdehoppar Kajsa Bergqvist

Foto: Bjørnflaten, Thomas / NTB scanpix

– Kva blir di viktigaste arbeidsoppgåve dei fire neste åra dersom du blir vald som europeisk friidrettspresident?

– Det blir å trekke fleire unge til friidretten. Det er stor konkurranse om talenta – her i Noreg mest frå fotball og langrenn, i andre land er det andre idrettar som vi konkurrerer mot. I mi tid som friidrettspresident har vi greidd det bra, med mellom anna TINE-stafettane. Og det trur eg andre land har lagt merke til, seier Svein Arne Hansen.

I sin valkamp-brosjyre tek han også til orde for nye konkurransar for – og finansiering av – dei beste yngre utøvarane, under 23 år.

I august får Europas nye friidrettspresident også ny kollega i det internasjonale friidrettsforbundet, IAAF. Senegalesaren Lamine Dick går av etter 16 år, og mykje tyder på at det blir etterfølgjar frå Europa. Dei legendariske tidlegare utøvarane Sergej Bubka og Sebastian Coe er dei to mest sannsynlege kandidatane.

Siste nytt

  • Frankrike overlegne mot Serbia

    Frankrike var i perioder helt overlegne mot Serbia og vant til slutt 39-30 i EM-kampen i håndball mandag. Seieren gjør at franskmennene er så godt som sikret semifinaleplass før kampen mot Kroatia onsdag.

    Frankrike håndball-EM
    Foto: Darko Bandic / AP
  • FIFA vil bruke videodømming

    Det blir innført videodømming (VAR) under sommerens fotball-VM, bekrefter Det internasjonale fotballforbundet. Allerede under VM i 2014 ble det brukt mållinjeteknologi. Nå tar FIFA et steg videre. Den endelige beslutningen om å åpne for VAR tas 2. mars.

    Gianni Infantino
    Foto: Alexander Nemenov / AFP
  • Sanchez er klar for United

    Manchester United og Arsenal er nå enige om en overgang for Alexis Sanchez, bekrefter klubbene. United-spilleren Henrikh Mkhitaryan går til Arsenal. Sánchez har skrevet under for fire år for Manchester-klubben. Ifølge britiske medier får han en ukelønn på over 5 millioner kroner.

    – Jeg er henrykt, sier han i en uttalelse.

    Britain Soccer Premier League
    Foto: Alastair Grant / AP

Sendeplan

Kl. Program Kanal
EM håndball menn: Sverige - Hviterussland