– Det var den dårlegaste kampen eg har spela så langt i år, seier Haaland til Viasport eter kampen.
– Eg må opp mange hakk til kampen mot PSG tysdag. Det må heile laget. I dag vinn vi på ein dårleg dag, seier Haaland etter 4-0.
Om scoringa si fortel han at han ikkje trudde han skulle få ballen.
– Men eg greidde å lure midtstopparen med ein begvegelse, seier han.
Haaland nektar for at han hadde PSG-kampen i bakhovudet i kveld.
– Men det har eg no etter kampen. Det blir ein kul kamp, seier han.
Punkterte kampen med 3-0
Dortmund klatra til førebels andreplass i Bundesliga etter knusande 4–0 over formlaget Eintracht Frankfurt. Bayern München er berre eitt poeng framfor, dei møter Köln søndag.
Haaland fekk gleda av å setje inn 3–0 ti minutt etter pause, og med det i realiteten punktere kampen. Acraf Hakimi smatt gjennom på høgresida, og la perfekt tilbake til Haaland som hadde kome seg fri framfor mål. Tilsynelatande lett sette den norske 19-åringen inn sitt åttande ligamål for Dortmund.
Dortmund sleit i ein halvtime før dei makta å skape stort mot godt organiserte Eintracht Frankfurt – eit Frankfurt-lag som har eke ti poeng på fire kampar etter vinterpausen.
Men framfor 82.000 på tribunane på Westfahlenstadion måtte dei sakte, men sikkert innsjå tapet. Etter at kaptein Lukasz Piszczek hadde gitt heimelaget leiinga med si første scoring for sesongen etter 33 minutt, måtte dei framover, og det gjekk ikkje så bra.
Andre omgang blei fullt ut kontrollert av heimelaget. Frankfurt skapte knapt ein sjanse, sjølv om Dortmund sette ned tempoet på slutten.
Erling Braut Haaland blei klappa av bana etter 78 minutt. Neste oppgåve blir nok vanskelegare: Å score mot PSG i meisterligaen tysdag.
Dortmund har no scora 22 mål på fem ligakampar etter vinterpausen. Haaland har scora åtte av dei.