Hopp til innhold

Gudjohnsen scora sitt fyrste da Molde skaut fart på eliteserien

Etter to tunge kampar skaut Eidur Gudjohnsen fart på eliteseriekarrieren. Det same kan seiast om eliteserien etter at Molde og Lillestrøm leverte sesongbeste.

Gudjohnsen med mål for Molde

FYRSTE MÅL: Eidur Gudjohnsen opna målkontoen med straffemål da Molde slo Lillestrøm 4–2.

Foto: Ekornesvåg, Svein Ove / NTB scanpix

Laster innhold, vennligst vent..

– Det er alltid godt å score mål. Spesielt i dag som er dottera mi blir eitt år, det er stort å dedikere eit mål til ho, seier Eidur Gudjohnsen etter å ha brilliert for Molde med mål og målgjevande pasning mot Lillestrøm.

Men før kvelden hadde Gudjohnsen og norsk eliteserie hatt ein liknande start på årets sesong. Begge har sett tunge og kjedelege ut, og har vore langt ifrå å begeistre publikum.

I kveld endra alt seg.

For Molde og Lillestrøm leverte noko det norske fotballpublikummet ikkje har vore bortskjemte med til nå i sesongen. Ein underhaldande fotballkamp.

– Det var verkeleg ein spennande fotballkamp med mykje action i begge ender, kanskje litt for mykje i den eine men gledeleg mykje i den andre, seier Molde-trenar, Ole Gunnar Solskjær med eit smil.

Mykje av fokuset har som kjent vore dårlege baneforhold til nå i sesongen.

Topp fredagsunderhaldning

I kveld bylgja spelet fram og tilbake gjennom heile kampen og sjansane kom på rad og rekke.

Molde gjekk tidleg opp i teten ved Mattias Moström etter fem minutt. Og kven andre enn helten frå Sagaøya med fortid i Chelsea, Barcelona og Tottenham stod bak. Gudjohnsen fann svensken på lekkert vis, før Moström sende Molde i føringa.

– Eg føler eg har kome meir og meir inn i laget og den fysikken forma mi er blitt betre. Men eg føler ikkje at eg er på mitt beste heilt ennå, det er framleis rom for forbetringar, seier Gudjohnsen til NRK.

Trenar Solskjær var iallfall godt fornøgd med det han såg av mannen som blei kåra til banens beste i dag.

– Eidur viser klasse. Han blir berre betre og betre i fysisk form og i dag spring han mykje. Rutinen hans er veldig viktig, seier Solskjær.

Reservekeeperar i fokus

Men Lillestrøm slo fort tilbake etter keepertabbe frå Moldes reservekeeper Andreas Linde. Den utnytta nigerianske Fred Friday og dermed 1–1. Sander Svendsen gjorde alt sjølv og minna om sjefen sjølv da han ordna 2–1 leiing men Molde gav seg ikkje med det før pause.

Sjansane kom på løpande band og begge lag var nok prega av å spele utan fyrstekeeperen i mål. Jacob Faye Lund hadde ikkje stått i mål for Lillestrøm på tre år og måtte sjå Harmeet Singh fyre laus frå langt hald utan sjanse til å stå i vegen for mål.

Dermed stod det 3–1 til Molde på heimebane til pause.

Erling Knudtzon sytte for stor spenning med ei nydeleg heading etter 56 minutt, men så var det denne islendingen da.

Eidur Gudjohnsen fekk sjansen frå straffemerket og sette inn straffa på best mogleg vis rett opp i vinkelen.

Dermed enda det 4–2 i Molde i ein svært sjåverdig fotballkamp.

Siste nytt

  • Ivanovic herjet – sikret LSK-seier med to mål

    Den serbiske landslagsspilleren Miljana Ivanovic ble den store helten for LSK kvinner hjemme mot Kolbotn lørdag. Hun scoret begge målene for vertene i 2-1-seieren.

    – Avslutningen hennes er iskald. Hun avgjør det hele, sa NRK-ekspert Carl-Erik Torp om matchvinnermålet som kom i det 84. minutt.

    Etter matchvinnerscoringenpådro Ivanovic seg en ordentlig smell og ropte mot benken. Hun klarte likevel å fullføre kampen og kunne derfor juble for seieren med lagvenninnene.

    LSK Kvinner har vunnet sine tre siste hjemmekamper.

    Etter lørdagens kamp er LSK Kvinner på tredjeplass på tabellen med tolv poeng, mens Kolbotn er nummer åtte med tre poeng.

  • Berge og Burnley på vei ned etter stortap

    Håpet om fornyet Premier League-kontrakt svinner for Sander Berge og hans Burnley, som lørdag tapte 1-4 hjemme for Newcastle.

    Samtidig tok Nottingham Forest et kjempesteg mot ny kontrakt ved å slå allerede fortapte Sheffield United 3-1 på bortebane. Callum Hudson-Odoi ble stor helt med to mål.

    (NTB)

    Premier League - Burnley v Newcastle United
    Foto: Jason Cairnduff / Reuters
  • Vålerenga med seier nummer to på rad – Stabæk vant toppkampen 5-0

    Vålerenga fulgte opp 1-0-seieren over Tromsø i cupen i midtuka med en ny 1-0-seier over Bryne i 1. divisjon.

    Matchvinnerscoringen var et rotemål av dimensjoner. Vålerenga brøt en Bryne-kontring og kontret selv på venstresiden. Det endte til slutt med at Ola Kamara fikk lirket ballen i retning streken, men det var Jacob Haahr Steffensen som var sist på ballen, og han ble derfor kreditert et selvmål.

    I rundens toppkamp rullet Stabæk over Kongsvinger i 1. omgang og ledet 3-0. KIL fikk også en spiller utvist på tampen av omgangen, og det gjorde ikke saken bedre for de røde. Stabæk vant til slutt 5-0.

    (NTB)

    1. divisjon i fotball for menn 2024: Vålerenga - Bryne
    Foto: Fredrik Varfjell / NTB

Sendeplan

Kl. Program Kanal