– Det var eit stort slag i trynet, me fortente så mykje meir, sa Joachim Solberg Olsen til C More etter kampslutt.
Mista svært viktig poeng
Mjøndalen-spelarane låg strødd på grasmatta etter dei dramatiske sluttminutta. Bruntrøyene kjempar ein desperat kamp mot nedrykk og da klokka passerte 90 minutt såg dei ut til å gå på eit nytt tap. Men heimelaget gav seg aldri.
Innbytar Tokmac Nguen fekk inn utlikninga til ellevill jubel og heimepublikummet trudde dei hadde sikra eit svært viktig poeng som ville gjeve dei like mange poeng som nedrykksrival Start før siste runde.
Men Aalesunds islandske unggut Aron Thrandarson hadde ikkje gjeve opp sigeren. Mustafa Abdellaoue treff stolpen, Thrandarsson er der på returen og fire minutt på overtid står det plutseleg 2–1 til enorm glede for keeper Sten Grytebust.
– Dei er tunge og vanskelege, så det var berre dritdeilig. Det var til pass for dei, sa Grytebust til C More.
– Kvifor det?
– Dei er forbanna storkjefta heile gjengen, meiner Grytebust.
Takka ikkje for kampen
Grytebust var spesielt irritert på ein episode etter kampen.
– Det må jo gå an å takke for kampen sjølv om dei tapte. Eg har sjølvsagt all sympati for Mjøndalen, men me har regler ein må følgje.
Solberg Olsen tek ikkje kritikken så alt for tungt.
– Det er sånt som skjer, det er mykje som står på spel og mykje kjensler. Da blir det litt sånn.
Mjøndalen er under streken eitt poeng bak Start på kvallik-plass ein runde før slutt. Etter at Tromsø slo Bodø/Glimt i kveld er det nå berre dei to laga som kjempar i for å unngå nedrykk.. Sandefjord er allereie klar for 1.divisjon 2016.